Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Søkartal

Toppar fjorårets gode søkartal

Søkartala frå Samordna opptak viser at 8676 søkarar sloss om dei totalt 3854 studieplassane. Det er det høgste antal primærsøkarar universitetet har hatt.

Hovedinnhold

I fjor vart det jubla over dei beste søkartala nokonsinne ved UiB. Då var det 8536 søkarar som sette UiB på førsteplass på ønska studiestad til hausten, og var ei auke på fire prosent i forhold til 2009. Søkartalet vert toppa også i år, med ei auke på 1,6 prosent.

– Det er veldig gledeleg med framleis vekst, særleg sidan veksten i fjor var så stor samanlikna med andre utdanningsinstitusjonar, seier Kuvvet Atakan, viserektor for utdanning ved UiB.

Atakan meiner den beste strategien for å trekke til seg studentar er å ha eit konstant fokus på kvalitet. Han viser til at UiB har markert seg på internasjonale rangeringar dei siste åra.

– Studentane ser ut til å vere medvitne sine val og legg sannsynlegvis vekt på kvalitet. Å vere synleg og eit godt omdømme som internasjonalt anerkjent forskningsuniversitet bidreg også positivt til auke i søkartala, seier Atakan.

Realistisk jubel

Det er jubel på Det matematisk naturvitskaplege fakultet. Sidan 2008 har fakultetet auka mengda primærsøkarar med 40 prosent. Også dei i alt 915 som i fjor hadde realfag ved UiB på førstevalet har auka til 1003 i år. Det er ei auke på ti prosent.

Viserektor Atakan er professor i geologi og gledar seg over framgangen ved sitt eige fakultet. Han viser til at betre rekruttering til realfagstudia har vore eit satsingsområde i fleire år, både nasjonalt og ved UiB. Dekan ved Det matematisk naturvitskaplege fakultet, Dag Rune Olsen håpar å vere i stand til å motta flest mogleg studentar, sjølv om studieplassane ved fakultetet kostar.

– Me gleder oss veldig over dette. Det har vore ei jamn auke alle desse åra, og det har variert mellom dei ulike fagområda om det er dei klassiske faga, dei meir anvendte faga eller om det er dei tverrvitskaplege faga som har størst auke. I år er det ei blanding, me har god vekst på informatikk, petroleum og biologi, seier dekanen.

Japanboom

Mange av språkfaga har fått oppsving i søkarmassen, og særleg japansk. 98 søkarar har meldt seg til dei planlagte 25 studieplassane.

– Det er utruleg, det er jo rekord. Det har vore ein tendens sidan kvalitetsreformen vart innført, då eksploderte søkarmassen til japansk. Me har starta opp berre annakvart år, og hatt kring 60 studentar. Me har berre ein ansatt i faget, og me har eit sterkt behov for tilførsel av stillingar, seier Benedicte Irgens, førstelektor i japansk ved UiB.

Ho meiner den store søkarmassen til japansk i år, er eit teikn på at interessa for Aust-Asia er aukande. På UiB har det vore diskutert å opprette eit tilbod i kinesisk, og årets store interesse for japansk meiner Irgens viser at ein bør bygge opp eit fagmiljø for Aust-Asia.

Andre språkfag som opplever oppsving er arabisk med ei dobling av antal søkarar, frå fjorten i fjor til 29 i år. Tysk får også ein sterk vekst, og auker frå 15 til 21 søkarar. Spansk språk og latinamerikastudier får ei auke frå 44 i fjor til 68 i år.

Totalt går antal primærsøkarar tilbake på Det humanistiske fakultetet tilbake med sju prosent, ei endring frå 1691 søkarar i 2010 til 1573 i 2011.

Journalistikk og TV mest pop

Dei mest populære faga finn ein likevel på Journalistikk og Film- og TVproduksjon. Her er det høvesvis elleve og tolv søkarar per planlagte plass.

Ti på topp:

Studieprogram

Planlagte studieplasser

Søknader
førstevalg

Søker pr. studieplass

Film- og tv-produksjon

20

230

11,50

Journalistikk

20

211

10,55

Arbeids- og organisasjonspsykologi

40

227

5,68

Musikkterapi

12

60

5,00

Generell psykologi

40

193

4,83

Medisin

150

722

4,81

Rettsvitenskap

380

1595

4,20

Japansk

25

98

3,92

Samfunnsøkonomi, bachelor

60

219

3,65

Samfunnsøkonomi, årsstudium

20

71

3,55

 

Det juridiske fakultet hadde ei auke i søkarmassen i fjor på 25 prosent, i år veks søkarmengda med fem prosent. Det står fire søkarar om beinet til kvar studieplass på fakultetet, i alt 1595 søkarar til 380 plassar.

På fakultetsnivå aukar Det medisinske fakultet mest med 13 prosent. Det er medisinfaget som står for auka, faget har ei oppsving på 23 prosent primærsøkarar i forhold til fjor. På medisinfaget kjempar 722 søkarar om 150 plassar i år. Det gir vel fem søkarar per plass.

Brukar minst på marknadsføring

Trass gode søkartal, ei undersøking Aftenposten gjorde like før påske viste at UiB brukar minst av seksten universitet og høgskular i landet på marknadsføring. UiB sitt marknadsføringbudsjett er på 0,7 millionar kroner, det vil seie 50 kroner per student. Til samanlikning brukar NTNU 6,2 millionar kroner, UiO 3,5 millionar kroner, og NHH 1,5 millionar kroner. Mest i landet brukar dei private høgskulane med Handelshøgskolen BI på topp med 53 millionar kroner, der størsteparten går til reklame, ifølge Aftenposten.

Viserektor Kuvvet Atakan er kjent med at UiB brukar minst av seksten utdanningsinstitusjonar til annonsering, men blir ikkje forferda av den grunn.

– Tidlegare undersøkingar viser at det er meir enn kinoreklame som skal til for at studentane vel ein lærestad. Me brukar gjerne midlar til andre tiltak som gjer oss meir synlege. Eit godt døme er samarbeidet me har etablert med Nordahl Grieg videregående skole, seier Atakan.

Les meir om samarbeidet med Nordahl Grieg videregående skole