Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Rektor uroa over forskingsmelding

- Planane er for lite forpliktande. Det er bekymringsverdig, seier rektor Sigmund Grønmo.

Hovedinnhold

Tora Aasland la fredag fram forskingsmeldinga ”Klima for forskning”. Regjeringa lovar at løyvingane til forsking skal fortsetja å auka, men legg vekk treprosentmålet som styringsverktøy. Rektor Sigmund Grønmo har blanda kjensler til meldinga.

I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet heiter det at regjeringa ser på klimaendringane som den viktigaste utfordringa i samfunnet, og dermed også for samfunnet.

Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland fortalde på ein pressekonferanse fredag føremiddag at valet av ein tvetydig tittel ikkje var tilfeldig.

– Meldinga skal skapa eit godt klima for forskinga, sa ho.

Saknar konkrete planar

Rektor ved UiB, Sigmund Grønmo, er glad for at meldinga signaliserer eit ynskje om å styrka forskinga i Noreg og auka dei økonomiske løyvingane.

– Det er derimot ikkje lagt fram nokon konkrete planar om korleis ein skal gjennomføra dette. Planane er for lite forpliktande. Det er bekymringsverdig, seier han til På Høyden.

Det er fire år sidan sist forskingsmelding. Då gjekk ein inn for at den samla forskingsinnsatsen skal utgjera 3 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP). Dei offentlege forskingsløyva skal utgjera om lag 1 prosent av BNP.

Treprosentmål på lang sikt

I den nye forskingsmeldinga er målet om tre prosent sett til sides som styringsverkty. I staden skal ein oppretthalda målet som ein langsiktig målestokk.

– Treprosentmålet har vist seg å vera dårleg eigna som kortsiktig styreverkty i forskingspolitikken. Om me har ein god forskingspolitikk skal avhenga av om me når dei forskingspolitiske måla. Forskingspolitikken skal ikkje gjerast til eit produkt av oljeprisen, seier Aasland i ei pressemelding.

Med det viser ho til BNP-utvikliga kan verta negativ i dei komande åra, og at ein dermed kan koma nært treprosentmålet utan at løyvingane til forsking vert styrkt i røynda.

– Det er positivt at ein held fast på treprosentmålet, men det at ein går vekk frå å tidfesta målet er det grunn til å vera uroa over, meiner Grønmo.

Han peiker elles på at det ikkje er nokon signal om å styrka basisfinansiering for universiteta, noko han meiner det er eit stort behov for.

Vil utvikla kunnskapsnoreg

Forskingsbudsjetta framover skal vera med oppfylla ni forskingspolitiske mål. Fem av desse er tematiske og handlar om å møta globale utfordringar, vidareutvikla velferdssamfunnet og leggja grunnlaget for verdiskaping. Fire av måla er tverrgåande og handlar om høg kvalitet, auka internasjonalisering, meir samarbeid og eit effektivt forskingssystem, heiter det i pressemeldinga.

– Dei tverrgåande måla skal byggja opp under dei fem tematiske måla og bidra til å utvikla Noreg som kunnskaps- og kulturnasjon, seier Aasland.

– Eg er glad for at forskingsmeldinga varslar økonomisk og anna støtte for å styrka samarbeidsprosessar mellom høgskular og universitet. Eit anna positivt element er at regjeringa set fokus på auka internasjonalisering, det er viktig for UiB, seier Grønmo.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.