Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyheit frå På Høyden

Etterlyser diskusjon om etikk

Psykologien har blitt allemannseige. Dette krever ein sterkare etikk blant psykologane, meiner psykolog og filosof Ole Jacob Madsen.

Hovedinnhold

Psykologien har dei siste tiåra gått frå å vere noko som hovudsakleg vart behandla i lukka rom, til å bli allment tilgjengeleg og spreidd utover i samfunnet. Særleg gjennom populærkulturen, ifølge psykolog, filosof og stipendiat ved Senter for vitskapsteori, Ole Jacob Madsen.

Dette endrar korleis ein bør tenkje kring psykologien si rolle i samfunnet, meiner han. Psykologane har blitt medverkande aktørar i ei samfunnsutvikling der evna til å sette grenser vert viktigare. Spørsmålet er om profesjonen ser betenkelegheiter ved å bli stadig meir etterspurt.

– Alle profesjonar vil legitimere si eiga verksemd og har eit ibuande ønske om å ekspandere. Også for psykologane er det vanskeleg å sjå motargument mot eigen fortreffelegheit, seier Madsen.

Eksportert sjølvhjelp

I desse dagar kjem Madsen ut med boka ”Den terapeutiske kultur”. Han meiner at ein terapeutisk tenkje- og talemåte gradvis har fått ein sterk legitimitet i heile den vestlege verda. Det har utvikla seg eit psykologisk sett å forstå både seg sjølv og omverda på, og menneske blir meir og meir like kvarandre i denne tenkemåten.

– Den terapeutiske kulturen er det siste amerikanske eksportproduktet, seier Madsen.

Eit døme er måten sjølvhjelpsbøker, terapeutisk realityfjernsyn og amerikanske talkshows som Oprah Winfrey og Dr. Phil har dukka opp på, både i originale og lokale former rundt om i verda. Denne marknaden er full av både seriøse og useriøse aktørar. Sjølv om det er svært ulike grader av profesjonalitet, sorterer verken bokhandlarar, tv-kanalar eller konsumentar etter denne kvaliteten. Det finst etterkvart ei rekke ulike terapeutar som alle blir ekspertar og autoritetar på spørsmål som angår sjølvet.

Eit terapeutisk språk?

Han understrekar at det er positivt at det har vorte større openheit kring psykiske lidingar. For berre ein-to generasjonar sidan var det vanleg å omtale psykiske lidingar som nerveproblem. Det var tabubelagt og noko ein ikkje snakka om offentleg.

– Vår generasjon har kome over dette. I dag er det blitt meir aksept for å fortelje om psykiske lidingar, seier han.

Samstundes har utviklinga gått så langt at det å snakke om seg sjølv i eit terapeutisk språk har blitt ein eigenskap ein må meistre.

– Dersom du ikkje kan snakke om deg sjølv i tredjeperson, blir du nærmast sett på som kjenslemessig uansvarleg. Kanskje vil ein snart byrje å snakke om ”terapeutisk kapital”. Spesielt ein del menn kan bli taparar i denne situasjonen, seier Madsen.

Større individfokus

I den terapeutiske kulturen ser Ole Jacob Madsen ei fare for at vi sjølve i større grad vert haldne ansvarlege for korleis vi har det, utan at vi nødvendigvis blir meir lukkelege eller ressurssterke av den grunn.

– Sjølvhjelpskulturen er svært individfokusert. Ekspertane snakkar direkte til deg. Kan hende fyller dei eit uoppfylt behov for bekreftelse og støtte. Vår tid er prega av ei sterk grad av personleg fridom, men også mykje einsemd. Det ligg sterke føringar til å skape seg sjølv. Dette skaper samstundes mange meiningssøkjande individ på leiting etter vitskaplege eller religiøse svar, seier han.

Instrumentell gudstru

Jamvel innanfor religionsutøving kan ein sjå tendensar til eit helseperspektiv, ifølge Madsen. Nyleg presenterte fleire medier ei undersøkjing som viste at kristne lever lenger. Det å tru blir ein måte å ta vare på seg sjølv på. Historisk sett innebar det å vere religiøs at det vart stilt krav til deg som individ. Du hadde plikter å utføre i høve til Gud og religiøse og sosiale skikkar som måtte utførast.

– I dag er religion noko du sjølv velger. Tilhøvet er snudd på hovudet. Det er ikkje lenger snakk om kva du kan gjere for Gud, men om kva Gud kan gjere for deg, seier han.

For mange fungerer Gud som ein slags kosmisk terapeut, ifølge Madsen. Han er tilgjengeleg 24 timar i døgnet og krever ikkje noko tilbake.

– Amerikanske spørjeundersøkjingar viser at mange ungdomar kallar seg religiøse, men har eit svært instrumentelt syn på Gud, seier han.

Madsen trur det er fåfengt å ønske seg tilbake til tidlegare tider, der religionen i større grad verka samlande. Likevel meiner han at psykologien som ei form for religionserstatning risikerer å kamuflere viktige verdispørsmål dersom den ikkje er bevisst sin eigen påverknad.

– Førestillinga om at det er du sjølv som er årsak står i dag sterkt. Ein kan seie at denne individualiseringa har vorte driven fram av store endringar i overgangen til den moderne og seinmoderne samfunnsstrukturen. Resultatet er at menneske har vorte friare og meir utsette på ei og same tid. I ein slik situasjon blir psykologien som forvaltar av individualiteten spesielt viktig. Då er det påkrevd at psykologprofesjonen evnar å forstå seg sjølv og korleis den er med på å forme både einskildmenneske og samfunnet, seier han.

Artikkelen er henta frå UiB si nettavis På Høyden.