Hjem
Kommunikasjonsavdelingen

Grønmo leiar UH-nett Vest

Rektor Sigmund Grønmo er gjenvalt for to nye år.

Hovedinnhold

Det vart avgjort på styremøtet i mars.

UH-nett Vest er eit formelt nettverkssamarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Volda.

Nettverket vart oppretta 1. januar 2008, og samarbeidsavtalen gjeld for fem år framover. Målet er å styrke den faglege aktiviteten ved institusjonane, men òg saman ta ei tydeleg regional, nasjonal og internasjonal rolle når det gjeld udanning og forsking.

Det siste året har UH-nett Vest hatt ein omfattande aktivitet når det gjeld blant anna rektorskule, biblioteksamarbeid og lærarutdanning.

Ei ny satsing er kompetanseheving innan helse- og sosialfag ved høgskulane. UH-nett Vest ønskjer å etablere ein forskarkule retta mot dette, og søkte nyleg Kunnskapsdepartementet om midlar.

Les meir på nettsidene til UH-nett Vest.