Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Startskot for klimasenter

«Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret» er namnet på det nye klimaforskingssenteret i Bergen. Direktør Anton Eliassen ved Meteorologisk institutt blir styreleiar.

Styrerepresentantane i det nye klimasenteret er (frå v.) Einar Svendsen, frå...
Styrerepresentantane i det nye klimasenteret er (frå v.) Einar Svendsen, frå Havforskings- instituttet, Arne Sivert Svindland frå Uni, Dag Rune Olsen frå UiB og Ola M. Johannesen frå Nansen-senteret.
Foto/ill.:
Åse Johanne Roti Dahl

Hovedinnhold

Det bestemte universitetsstyret torsdag 30. september.

Styret si samansetjing blir Einar Svendsen frå Havforskingsinstituttet, Ola M. Johannesen frå Nansensenteret, Arne Sivert Svindland frå Uni og Dag Rune Olsen frå UiB, i tillegg til styreleiar direktør Anton Eliassen.

Styrerepresentanane var samla då universitetsstyret handsama saka. Dei er glade for å kunne kome i gang med arbeidet ved det nye klimaforskingssenteret.

Styret vil no raskt gå i gang med å finne ein dagleg leiar ved det nye klimasenteret.

– Det er avgjerande at vi no kjem i gang og får operasjonalisert arbeidet ved Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret. Statsråd Tora Aasland forventar no forsking som kan gje svar på viktige samfunnsspørsmål, seier Dag Rune Olsen, dekan ved Det matamatisk-naturvitskaplege fakultet.

Han understrekar at UiB er svært nøgde med at satsinga på klima no kan halde fram etter at Bjerknessenteret si tid som SFF er over i 2012.

Nytt navn om to år

Då universitetstyret handsama saka kom det fram at det nye senteret i første omgang skal ha ein interimperiode, fram til SFF'en er avvikla ved årsskiftet 2012-2013.

Styrerepresentant Gro Lie i universitetsstyret påpeika at namnet til senteret var forvirrande, og lurte på om dette er eit namn som berre skal gjelde for interimperioden.

Ifølge Dag Rune Olsen har styret valt å bruke namnet Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret fram til avviklinga av Bjerknessenteret som SFF i 2012. I løpet av denne perioden skal dei sanere dei gamle strukturane i klimaforskinga og kjem til å ende opp med eit nytt namn.

– Vi ønskjer å revitalisere namnet Bjerknes eine og aleine, men kva det endelege namnet blir er for tidleg å seie, seier Olsen.

I interimperioden fram mot avviklinga av SFF'en vil styret arbeide med heilskapen i strukturen i den noverande klimaforskinga. Det er i dag ei lang rekke aktivitetar som kan passe inn i det nye senteret. Mellom anna er det i dag tre ulike styre for klimaverksemda.

– Dette er noko av det vi vil få klarlagt i løpet av interimperioden, ikkje minst av omsyn til merkevarebygging av klimaforskinga i Bergen, seier Olsen.

I universitetsstyremøtet vart det også peika på at alle dei foreslåtte styremedlemmane var menn, inkludert varamedlemmane. Universitetsleiinga meinte at dette i første omgang burde blir akseptert, sidan det dreier seg om ein interimfase, men at ein må ta sikte på å få betre kjønnsbalanse når denne perioden er over.

Tolv års tidshorisont

Løyvinga til eit nytt klimasenter vart først kjent i september i fjor, då Tora Aasland under eit besøk i Bergen presenterte regjeringa sitt framlegg om ei tildeling på 20 millionar kroner til eit slikt senter. Framlegget vart følgt opp i statsbudsjettet for 2010, og sidan dette har partnerane i det nye klimasenteret arbeida kontinuerleg for å få på plass ei løysing.

Einar Svendsen frå Havforskingsinstituttet, meiner at det nye klimasenteret bergar det store fagmiljøet som finst innan klimaforsking i Bergen i dag.

– Bjerknessenteret har vore ein gedigen suksess som SFF, men dei mistar statusen i 2012. Dersom Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret ikkje hadde blitt ein realitet, ville klimaforskinga i Bergen ha fått ein alvorleg knekk, seier han.

Eit nytt klimasenter

Løyvinga til det nye klimasenteret kjem direkte frå Kunnskapsdepartementet (KD), og ikkje frå Forskingsrådet slik tilfellet er med SFF’ane. Ola M. Johannesen frå Nansensenteret understrekar at det ikkje er automatikk i at tema for SFF’ane blir gjeve vidare løyvingar etter at perioden som SFF har gått ut. Han trekk fram at løyvingane frå KD kom etter påtrykk frå Eystein Jansen, direktør ved Bjerknessenteret, og Sigmund Grønmo, rektor ved UiB. 

– Dette er ikkje ei forlenging av SFF’en, seier han.

Johannesen understrekar at det nye klimasenteret vil samarbeide mellom anna med det nye senteret for miljø og klima ved Universitetet i Tromsø og at det vil spele ei viktig rolle også innan polar- og nordområdesatsinga.

Styrerepresentantane har store forventingar til Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret. 

– Mykje av strategien er allereie på plass, men no skal vi jobbe fram vidare planar som gjer at klimaforskinga ved senteret vil stå som ein lysande påle internasjonalt, seier Dag Rune Olsen.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.