Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Psykologistudentar kortar ventelistene

Helse Bergen stiller med rettleiarar og pasientar, medan psykologistudentar får klinisk erfaring. – Eit positivt samarbeid, seier rådgjevar Geir Lien i Psykiatrisk divisjon.

Hovedinnhold

Samarbeidsavtalen går ut på at pasientar som står på venteliste for rett til annan helsehjelp i psykiatrien i Helse Bergen, kan få tilbod om behandling ved poliklinikkane på Institutt for klinisk psykologi ved UiB. 

På den måten får studentar i profesjonsstudiet psykologi verdfull klinisk erfaring. Dette skjer i samarbeid med rettleiarar som til dagleg jobbar som psykologar i Helse Bergen, skriv Helse Bergen på sine nettsider

Auka rekruttering

– Vi har hatt denne avtalen med UiB i snart eit år og erfaringane våre er udelt positive. Samarbeidet har mange gode sider: Fleire psykisk sjuke barn får hjelp, psykologane våre får eit tettare band til aktuelle forskingsmiljø, samstundes som vi trur at samarbeidet vil føre til auka rekruttering av psykologar til sjukehuset, fortel avdelingsleiar Liv-Åse Dypdal ved Klinikk psykisk helse for barn og unge (PBU). 

Dypdal seier at det er frivillig om pasientane vil nytte seg av tilbodet ved UiB. Ikkje alle pasientar får eit slikt tilbod, og ikkje alle vil ta i mot.

 

– Samarbeidet mellom sjukehuset og instituttet er tett. Dersom det viser seg at pasienten er alvorleg psykisk sjuk, er vegen tilbake til sjukehuset kort, fortel Dypdal.


– Å vere rettleiar er energigivande. Studentane er veldig engasjerte og  opptekne av å gjere sitt aller beste som behandlar. Pasientane som får hjelp hos oss har mindre omfattande problem, og det er saker som det er greitt å rettleie studentane i, seier psykologspesialist Bodil Søvde ved BUP Åsane.

Ho synes poliklinikken ved UiB er flink velje ut varierte saker som passar til studentane. Søvde har vore rettleiar i 3 semester og hennar første studentar er ferdigutdanna no til sommaren.

 

Lyst ut fleire rettleiarstillingar

Foreløpig er det fire psykologar som jobbar som rettleiarar ved Poliklinikken for barn ved UiB. No vert samarbeidet utvida til å gjelde både barn, vaksne og eldre med psykiske vanskar.

 

– Fakultetet er svært glad for samarbeidet, og har no lyst ut fleire stillingar som universitetslektor II (klinisk rettleiing) både ved poliklinikken for unge og vaksne, og ved poliklinikk for vaksne og eldre, fortel dekana Gerd Kvale ved Det psykologiske fakultet.

Kvale peikar på at det å få pasientar frå sjukehuset gjev studentane ei erfaring som gjer at dei raskare kan ta sjølvstendig behandlingsansvar som ferdigutdanna psykologar. 

Nøgde pasientar

Helge Holgersen, klinikkleiar ved Poliklinikk for barn ved UiB, har gode erfaringar med ordninga.

 

– Pasientane er nøgde med kvaliteten på behandlinga og oppfølginga dei får. Og studentane får ein variert og meir krevjande praksis då dei får behandla pasientar med ulike lidingar som til dømes angst, fobi og hyperaktivitet. 

Pasientar med omfattande psykiske vanskar vert behandla på sjukehuset.

Fakta

 

  • Dei tre poliklinikkane ved Institutt for klinisk psykologi har til saman 4000 pasient- konsultasjonar årleg.
  • 108 psykologstudentar jobbar dagleg på poliklinikkane i samarbeid med rettleiarar frå Helse Bergen. Praksis skjer dei siste semestra i psykologstudiet.
  • 72 studentar er kvart år ferdig utdanna psykologar innan profesjonsstudiet i psykologi.
  • Klinikkane legg stor vekt på kvalitetskrav og teieplikt. Teieplikta, som er fastsett ved lov, gjeld studentane så vel som alle tilsette ved klinikkane.
  • Rettleiingsarbeidet for psykologane er knytt til opplærling i metodikk for undersøking og psykologisk behandling anten for barn eller unge og vaksne/eldre med psykiske lidingar.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.