Hjem
Kommunikasjonsavdelingen

Semesterstart i solskin

Vêrgudane viste seg frå si beste side då opninga av studieåret 2010-2011 vart markert i dag. Og godorda om UiB kom også frå uventa hald.

Hovedinnhold

Det var trangt om plassen då ferske og eldre UiB-studentar og tilsette markerte starten på det akademiske året 2010-2011 på Muséplass i dag. Stillas og presenningar over den staselege museumsbygningen klarte ikkje å legge nokon dempar på høgtidsstemninga i solskinet.

Hardt å vere student

Rektor Sigmund Grønmo ønskte velkomen og oppfordra nye studentar til å sette seg like høge mål som toppidrettsutøvarar og viste til tv-serien ”Mesternes mester” der tidlegare toppidrettsutøvarar kjempar mot kvarandre i ulike greiner.

– Stikkorda for øvingane og ferdigheitene frå denne serien passar like godt på det som de no skal ta fatt på: lagarbeid, samhald, koordinasjon, uthald, presisjon, konsentrasjonsevne og minne, så vel som fysisk og psykisk styrke. For å lukkast med dine mål som student kan det vere nyttig at du siktar inn mot toppidretssutøvaren si vinnarvilje og ser på deg sjølv som ein komande meister.

I si tale til dei frammøtte la heller ikkje forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland skjul på at studietilvêret kan romme sin del av blod, sveitte og tårer.

– Det skal vere tøft og de kan bli nøydde til å felle ei tåre eller to der de slit over bøkene på lesesalane.

Målprisen til UiB

Under arrangementet fekk også UiB tildelt Målprisen 2010, ein pris som Noregs Mållag gjev til personar som har utmerka seg positivt i bruken av nynorsk.

– Med denne prisen vil vi vise at Universitetet i Bergen er best i klassa og at det vert lagt merke til, seier Håvard Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Øvregård peikar på at dei norske universiteta alle er både bokmåls- og nynorskbrukarar, men at UiB står i ei særstilling. Universitetet i Bergen ligg i kjerneområdet for nynorsken og Øvregård meiner at det er viktig at UiB er sitt ansvar bevisst.

– Dette ansvaret følger UiB opp. UiB ser ut til å vere eit universitet der det er lettare å halde på språket sitt, seier han.

Universitetet i Bergen står mellom anna i ei særklasse når det gjeld bruken av nynorsk i masteroppgåver. Øvregård viser til at det i 2006 mellom anna var 236 studentar som leverte master- og hovudoppgåver på nynorsk i heile Noreg. Om lag halvparten av desse var innleverte ved Universitetet i Bergen. Leiaren i Noregs Mållag framhevar også at nynorsk er i bruk innanfor alle fagområde ved universitetet, og at også dette er med på å sette UiB i ei særstilling.

Artikkelen er henta frå internavisa ved UiB, På Høyden.