Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra Hubro

Ser på usynleg liv

Dei er små. Dei er mange. Og dei er avgjerande for alt liv i havet og klimaet på jorda. Med UiB i spissen vil forskarar forstå meir om marine mikroorganismar i polare strøk.

Hovedinnhold


Denne saken er hentet fra Hubro.
Tekst: Njord V. Svendsen

– Den synlege delen av livet utgjer berre litt rusk på toppen. Det i seg sjølv burde tilseie at studiet av dei usynlege mikroorganismane er både interessant og viktig, seier professor Frede Thingstad ved Institutt for biologi.

Bakteriar, algar, protozoar og virus. Saman utgjer dei eit tett samanknytt system; det mikrobielle næringsnettet i havet. 95 prosent av alt liv i havet, målt i biomasse, består av mikroorganismar. Kunnskapen vi har i dag står likevel ikkje i stil med denne mengda. Det vi veit om korleis næringsnettet fungerer, er i hovudsak basert på studiar i meir tempererte farvatn. Vitskapen har mindre å melde om tilstanden i det kalde vatnet i Arktis og Antarktis.

Kva skjer i kaldt vatn?

Derfor skal forskarar frå seks land no koordinere innsatsen for å finne ut meir om mikroorganismar i polare strøk under paraplyen til Det internasjonale polaråret 2007–2008. I spissen for det internasjonale samarbeidet står Gunnar Bratbak, professor i mikrobiologi ved UiB. Kollega Thingstad skal leie den norske delen av forskinga.

– Det har vore ein lang diskusjon om korleis mikroorganismar fungerer i kalde farvatn. Vi er interesserte i å sjå om dei teoriane som er utvikla frå varmare vatn kan gjelde i polare område, seier Thingstad.

Mikrobiologien er inne i ei rivande utvikling og vitskapen har på relativt kort tid fått ei langt rikare forståing av det enormt omfattande livet vi ikkje ser. Det gjer at nybrottsforskinga i polområda kan gå djupare enn ho kunne gjort for nokre år sidan.
Kunnskap om mikroorganismane er viktig for å forstå det økologiske samspelet og utviklinga i havet. Dermed blir kunnskapen viktig for å kunne ta vare på miljøet. Det er til dømes mikroorganismane som bryt ned olje når det blir sølt på havet.

CO2-sluket

Ny kunnskap om marine mikroorganismar i Arktis og Antarktis er også avgjerande for å forstå dei globale klimaendringane – som får spesielt store følgjer på dei nordlegaste og sørlegaste endane av kloden.

– Kva skjer når isen forsvinn og det blir meir lys i havet? Kan det vere at mikroorganismane vil oppføre seg radikalt annleis? Ved klimaendringane er det primært polhavet som endrar seg. Meir lys kjem til, og meir ferskvatn vil føre til meir stabile vannmasser. Det betyr at algane vil bli liggande på toppen i staden for å bli blanda djupt i havet. På den måten vil dei få endå meir lys, forklarer Thingstad.
I korte trekk – når isen smeltar og lysenergien aukar, skrur dei mange små opp aktivitetsnivået og formeirar seg raskare.

Sidan mikroorganismane i havet sluker enorme mengder karbondioksid (CO₂) frå atmosfæren, skulle ein kanskje tru at dette var godt nytt: Mennesket tuklar med karbonkretslaupet, og den globale oppvarminga smeltar isen, javel. Men så kompenserer våre små vennar med å ta opp endå meir av drivhusgassane vi slepp ut!

Dessverre er ikkje reknestykket fullt så enkelt. Det er langt frå sikkert at algane kan tilpasse seg dei dramatiske miljøendringane. Gjer dei ikkje det, kan vi vere ille ute. Og til liks med andre organismar som driv med fotosyntese treng algane meir enn lys. Dei treng næring.

– I første omgang vil algane ta opp meir CO₂, men på lengre sikt er det ikkje så sikkert. Så lenge tilgangen på næringsstoffa nitrogen og fosfor er god, vil det skje ei veldig oppblomstring. Kva som skjer vidare er meir usikkert. Vi kan også tenkje oss at andre algetypar vil trekke nordover og endre tilhøva, seier Bratbak.

Bakteriar og klima

For dei norske forskarane er det ikkje først og fremst algar som står på dagsorden i Polaråret. Dei skal konsentere seg om bakteriar. Om det finst mange algar – cirka ein million per liter vatn – finst det endå fleire bakteriar (for ikkje å snakke om virus). 1000 millionar finst det av dei små eksistensane i ein liter.

Frede Thingstad og forskargruppa i marin mikrobiologi ved UiB skal undersøke ei gruppe havbakteriar i Arktis. Det store spørsmålet er kva dei har på menyen. Er det organisk karbon som regulerer veksten? Eller er det nitrogen og fosfor? Det er gode grunnar til å bry seg om dette spørsmålet. Svaret vil fortelje mykje om evna bakteriane har – eller ikkje har – til å ta opp og bryte ned organisk materiale til CO₂ og dermed om evna systemet har til å bremse klimaendringane.

I august set forskarane kursen mot Svalbard og Ny-Ålesund der størsteparten av felteksperimenta skal gå føre seg. Våren 2008 skal dei etter planen på tokt til iskanten i Barentshavet. Resten av eksperimenta skal skje i laboratoriet.

– Det vi skal gjere er grunnforsking på marine mikroorganismar. Dette er rein mikrobiologi. Men denne forskinga er nyttig for fleire fagfelt, ikkje minst klimaforskinga, konkluderer Gunnar Bratbak.

Fakta

  • PAME (Polar Aquatic Microbial Ecology) er ein del av Det Internasjonale Polaråret 2007-2008 (IPY) og samlar den marine mikrobiologiske forskinga. Professor Gunnar Bratbak ved Universitetet i Bergen er koordinator for PAME.
  • Marine mikroorganismar i polare område er eit langt på veg uutforska felt. Mikroorganismane i havet spelar ei viktig rolle i karbonkretslaupet og er derfor viktige i samband med globale klimaendringar.
  • Forskingsgruppe for marin mikrobiologi ved UiB skal stå for det norske bidraget og har fått tildelt 8 millionar kroner frå Forskingsrådet til føremålet.