Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Røkke skaper juridisk engasjement

Ei lita gruppe juristar ved Universitetet i Bergen har oppnådd ekspertstatus i Aker-saka.

Hovedinnhold

Påskeferien nytta dei til å svare på spørsmål frå ivrige journalistar som ville ha dei til å spå om utfallet i saka mellom Røkke og regjeringa.

Juristane i forskargruppa for selskapsrett var nokre av få røyster som ikkje hadde bindingar til ein av partane i Aker-saka. Dei meiner at akademia har eit ansvar for å engasjere seg offentleg og utgjere ei motvekt til partane i denne typen saker.

– Saka har hamna høgt oppe på den politiske dagsorden. Så lenge argumenta er rettslege, bør dei vere riktige, seier Johan Giertsen, professor ved Det juridiske fakultet.

Fryktar ikkje ekspertrolla

Det er nettopp i form av ei slik kvalitetssikring av argumenta og diskusjonen akademikarar har plikt til å kome på banen ifølge forskargruppa.

– Det store medietrykket har gjort at dette har gått frå å vere ei selskapsrettsleg sak til å også bli ei politisk sak. Men det er viktig å skilje den politiske prosessen som går på partia si haldning til statleg eigarskap frå det juridiske, seier amanuensis Hugo Matre.

Han meiner at akademikarar ikkje må vere redde for å tre inn i den ekspert- og kommentatorrolla mediene gjerne vil sette dei i. Samstundes understrekar han at det å gå inn i ei ekspert- eller kommentatorrolle ikkje er einstydande med å gje uttrykk for eller å hevde bestemte haldningar.

– Om statsrådar bør kome eller gå, meiner vi ikkje noko om, seier han.

Greip høvet

– Journalistar har det med å ringe til odde tider, seier Johan Giertsen.

Då Aker-saka eksploderte i påska og det vart klart at regjeringa ville satse på juridiske innvendingar, skjønte juristane i forskargruppa for selskapsrett raskt at dette var eit ypparleg høve til å verte involverte i den offentlege debatten.

Det varte ikkje lenge før dei vart oppringte av den første journalisten, og dei greip moglegheita. Ikkje berre gjorde dei seg tilgjengelege for journalistar og svarte på telefonar til alle døgnets tider. Dei diskuterte også flittig dei juridiske sidene ved Aker-saka med kvarandre på e-post.

Johan Giertsen laga eit oppsummerande notat der dei juridiske sidene ved saka vert drøfta. Dette notatet vart lagt ut på fakultetet sine nettsider.

Krevjande kommunikasjonsform

Juristane hadde ikkje lagt opp nokon strategi for å engasjere seg i Aker-saka på førehand, men notatet Johan Giertsen lagde som ei oppsummering på dei faglege diskusjonane skulle vise seg å vere ei god kommunikasjonsform. Det har vorte nytta av journalistar så vel som kollegaer innan det juridiske miljøet. Takka vere ei kjapp publisering på nettet fekk forskargruppa mange innspel.

– Dette notatet spreidde seg med lynets hastigheit, og vi fekk ein svært spennande, fagleg kommunikasjon, med utstrekt kontakt med andre miljø, seier Giertsen.

Filip Truyen, professor ved Det juridiske fakultet, peikar på at notatet er ei oppsummering av dei felles tankane i det juridiske miljøet, og meiner at det har vore svært nyttig på fleire måtar.

– Det har hatt ein heilt klar funksjon til innvortes bruk, samstundes som det forpliktar til oppfølging i utvortes bruk, seier han.

Målsetjinga for juristane er å kunne gå djupare inn i saka, men samstundes sørge for at stoffet vert formidla på ein forståeleg måte.

Røkkevitalisering

Forskargruppa sitt inntrykk er at akademikarar stadig oftare vert kontakta av mediene. Dei peikar på nyhendekanalar med sendetid døgnet rundt og den korte avstanden til TV2 som faktorar som har skaffa juristane ved UiB ei større rolle som kommentatorar i mediene. Dei understrekar også at formidling er ei av dei lovbestemte oppgåvene, men innrømmer at aktiv forskingsformidling er tidkrevjande.

– Vi må vere påpasselege med kva slags svar vi gjev, og det tek tid å halde seg oppdatert, seier stipendiat Knut Høivik.

Juristane har brukt mykje tid på Aker-saka, men gjer det gjerne igjen. Dei meiner at engasjementet i saka har gjeve gruppa ein indre dynamikk som har vore svært lærerik. Saka har demonstert det juridiske faget i praksis.

Mediepresset har gjeve meirsmak, og dei ser føre seg at det dukkar opp nye høve. Dei trur ikkje at Aker-saka er over, sjølv om den verste stormen har lagt seg for denne gong.

– Det er sjeldan saker med klare juridiske overtonar vert løfta så grundig fram. Ein kan meine kva ein vil om Kjell Inge Røkke, men han har i alle fall vitalisert faget vårt, seier Giertsen.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.