Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Femti bygg blir skitne

Midt i travlaste eksamenstida råkar reinhaldarstreiken UiB.

Hovedinnhold

Av dei nitti operative bygga til UiB vil femti ikkje bli vaska eller får tømt bosset i dagane som kjem. Blant dei femti bygga det gjeld er JussII og Dragefjellet, HF-biblioteket, Sydneshaugen skole, HF-bygget, Griegakademiet, Bergen Museum - De naturhistoriske samlinger, Realfagsbygget, Odontologen, Bjørn Trumphys hus, Høgteknologisenteret, Bygg for biologiske basalfag, Stein Rokkans hus, SV-bygget, Ulrike Phils hus, Vektergården, Psykologibygget. Sjå heile lista her.

Even Berge, direktør ved Eigedomsavdelinga er spesielt opptatt av at streiken ikkje skal gå ut over studentar som skal ha eksamen den næraste tida.

– Mange eksamenslokale vert ikkje reingjorte. Me skal ha eit møte med Utdanningsavdelinga seinare i dag for å finne ei løysing. Det er mogleg me kan leige eksterne lokale for å gjennomføre eksamen. Me skal ikkje gjere noko som kan oppfattast som brot på streiken, men samstundes må me forsøke å drive verksemda vår, seier Berge til På Høyden.

Luktande laboratorieavfall

Berge kryssar fingrar og håpar streiken ikkje varer for lenge. Mange av bygga til UiB er basert på reinhald to gongar i veka, då kan det gå ei stund før dei største konsekvensane vil merkast. I nokre bygg er likevel hygienen ekstra viktig, som Odontologen og ulike bygg med laboratorium.

– Me har bedt om tilbakemeldingar frå fakulteta om det vert problem. BBB-bygget har ein del laboratorium der ein har avfall som luktar. Me vil følge utviklinga og legge til rette for at me i størst mogleg grad kan oppretthalde verksemda, sjølv om det kan bli skittent rundt oss framover, seier Even Berge.

Det er første gong sidan 1974 at det er streik i reinhaldsbransjen. Reinhaldarane tener kring 140 kroner timen. I følge bt.no var ikkje Arbeidsmandsforbundet nøgd med eit lønnspålegg på 2,70 kroner timen, ettersom dei fleste andre i lønsoppgjeret får mellom 3 og 3,50 kroner i lønnstillegg.

Uorganiserte er i jobb

Randi Heimvik, hovudtillitsvald for Parat UiB, minner om at dette er ein lovleg streik og oppmodar sine medlemmer til å vere lojal med dei streikande.

– Vi skal derfor ikke tømme boss/ vaske eller rydde der vi normalt ikke utfører slikt arbeid, skriv Heimvik i ein e-post til sine medlemmer.

Ingen av reinhaldarane tilsett ved UiB er tatt ut i streik, men  reinhaldarane tilsett i vaskebyrå ved femti av universitetsbygga er tatt ut. Vaskebyråa har også uorganiserte tilsette som ikkje er tatt ut i streik. Dei har som prioritet å vaske toaletta.

Artikkelen er henta frå UiBs internavis På Høyden.