Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Forskar på genetisk på-knapp

– Det er viktig at dei rette genene er slått på, seier Gro Bjerga. Det kan vera eit viktig bidrag i kampen mot kreft.

Hovedinnhold

Molekylærbiologen Gro Bjerga har sett sluttstrek for ei fire år lang forskingsprosjekt. Ved å konsentrera seg om eit særskild protein, p300, har ho lagt grunnlaget for framtidig forsking som kan verta viktig i kampen mot kreft.

Ho trur ein ofte har leita på feil stad når ein vil finna årsaker til at kreft oppstår.

- Tidlegare har ein gjerne sagt at det har vore feil i DNA-et som forårsakar kreft. Nokon gongar er det ikkje der feilen ligg, men snarare i sjølve bruken av genene, ei feilregulering.

Nyttig i kreftforsking

- Det er over 200 typar celler i kroppen, som er ulike i form og funksjon. DNA-et i alle cellene er den same. Då skulle ein kanhende tru at cellene var heilt like, men det er dei ikkje. Nervecellene har til dømes ”slått på” dei genene som gjeld nervene, medan til dømes dei muskelspesifikke er ”slått av”. Det er ulike gener som er aktive i dei ulike cellene, seier Bjerga . Ho har sett nærare på ein av av-og-på-knappane i genene, proteinet p300.

I studiet av proteinet har Bjerga studert korleis det medvirkar til å å slå på gener. Kreft kan skuldast at genene er feilregulerte. Dersom p300 ikkje vert nøye kontrollert, kan feil gener verta slått på. Det kan få alvorlege konsekvensar, til dømes kreft og andre sjukdommar

- Når me skjønar korleis p300 oppfører seg normalt, kjem ein nærare ei forståing av kva feil som kan oppstå. På sikt vil dette kunna brukast i medisinsk forsking, det er ein viktig motivasjon for oss som driv med basalforsking, seier Bjerga.

Celler har eitt minne

Den 20. mars skal ho disputera med avhandlinga si om proteinet p300, som speler ei avgjerande rolle i cellene i kroppen.

Bjerga forklarer vidare.

­- Cellene kan ”hugsa” kva gener dei har slått av og på. Når ei celle deler seg, vil mor- og dottercella ha dei same aktive genene. Dottera arvar ikkje berre DNA-et til morcella, men og minnet om kva gener som er aktive. Me veit ikkje korleis dette skjer, men me veit at det skjer. Me trur og at p300 kan vera involvert i ein slik cellulær hukommelse, seier ho.

Saknar prikken over i-en

Arbeidet har i hovudsak vore finansiert av Kreftforeningen. Bjerga er ikkje i tvil om at det er eit viktig forskingsarbeid ho har bak seg. Sjølv om avhandlinga er klar og disputasen nært føreståande, kjenner ho seg ikkje heilt ferdig med prosjektet.

- Eg har ikkje kjensla av at dette er nokon grand finale, eg føler eg manglar den store prikken over i-en. Eg håpar at det kjem nokre kloke hovud inn og tar denne forskinga vidare. Det tar nok 10 til 20 år før ein kan sjå medisinske resultat. Internasjonalt er det eit stort felt som forskar på dette, eg håper resultata kan få stor tyding der, seier Bjerga.

Denne artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.