Hjem
Kommunikasjonsavdelingen

Feministbølge i islam

Det er i Midt-Austen dagens kvinnekamp blir kjempa. Med Simone de Beauvoirs «Det annet kjønn» i den eine handa og Koranen i den andre kjempar feministar mot polygami og for kvinners rettar.

Hovedinnhold

I Libanon er den fremste feministen ein mannleg ayatollah. I Sudans hovudstad Khartoum ser kvinnelige islamister på seg sjølv som frigjorde. Kvinnesak og feminisme står høgt på den muslimske dagsorden, hevdar stipendiatane Marianne Bøe og Liv Tønnessen. Begge forskar på kvinners stilling og kvinnerørsler innanfor islam, Bøe i Iran, medan Tønnesen har forska mykje i Sudan og i Libanon. Liv Tønnesen er nett tilbake frå Beirut der ho skulle samle inn data for å samanlikne med kvinnerørsler i Sudan. Det vart komplisert.

Progressiv ayatollah

Tønnessen: Hizbollah har full mediestopp på alle kvinnesaker, så denne gongen lukkast eg ikkje å få snakke med dei eg ønska i Hizbollah. Derimot fekk eg eit intervju med den sentrale shiamuslimske ayatollahen Muhammed Hussein Fadlallah. Han er veldig aktiv når det gjeld kvinner og islam og er å sjå på TV, i radio og aviser. Han har eiga webside, driv med fund-raising og talar i moskear. Fadlallah har ein heil del progressive synspunkt, som til dømes å oppmode menn til å gjere meir husarbeid, kvinner til å ta sjølvforsvarskurs og delta i samfunn og politikk. Han har uttalt seg kritisk om at Hizbollah ikkje stiller med kvinnelege kandidatar på sine valglister. Fadlallah blir ofte assosiert med Hizbollah og grensegangen mellom dei to er tidvis uklar. Han blir ofte sitert som Hizbollahs ideologiske leiar, noko Fadlallah sjølv tar sterk avstand til. Ayatollah Khomeini blir sett som den øverste religiøse autoritet og ideologiske inspirasjonskjelda til Hizbollah. Fadlallah, som vaks opp og tok utdanninga si i, Irak, er tidvis kritisk både mot Iran og Khomeini.

Kvinner retolkar Koranen

Nyleg fekk vi vite at konservative politikarar tvingar iranske feministar i skjul. Det var etter at Mahmoud Ahmadinejad kom til makta i 2005 at regjeringa gjekk frå å vere reformvenleg til å bli meir konservativ. Ayatollah Khomeini oppmoda i si tid kvinner til deltaking i det politiske livet, og han innførte ei statleg kvinneorganisasjon etter revolusjonen i Iran.

Det var også nokre få kvinner med i Khomeinis første regjering. Litt etter litt blei kvinneaktivistane meir organiserte og sette kvinnespørsmålet på dagsorden i den islamske republikk. No opplever kvinnene motbør, men det er like fullt ei stor kvinnerørsle i Iran, der nærmare sytti prosent av studentane er kvinner, og svært mange ikkje giftar seg før dei er over tretti år gamle. Marianne Bøe har forska på dagens familielovdebatt med utgangspunkt i ulike kvinneaktivistars bidrag.

Bøe: Eg ser på aktivistar i Teheran, og det er eit stort skilje mellom landsby og storby. Men situasjonen i Iran er ein heilt annan, enn til dømes i Afghanistan, der kvinners tilgang til utdanning er avgrensa. Iranske kvinner jobbar for tida mot eit familielovforslag, der parlamentet blant anna gjekk inn for å fjerne den første kona sitt samtykke i polygame ekteskap. Iranske kvinner opplevde statens forsøk på å innføre lovar som gjer det lettare for menn å ha fleire koner som eit backlash.

Kvinneaktivister i Teheran, med Shirin Ebadi i spissen, drog til parlamentet og protesterte og stoppa ratifisering av artikkelen. Prosessen viser at det er eit stort tolkningsrom i islam. Dei fleste kvinneaktivistar jobbar mot lovar, med kodifisering av muslimske tekstar, i hovudsak Koranen og hadithane. Dei framhevar at det ikkje er noko i islam som viser til at praksisen med polygami skal oppretthaldast.

Islam er dynamisk

For å forstå kvinners rettar i sharia, må ein skilje mellom faktiske lover og islamske feministars strategi for forandring, seier Tønnessen. Like rettar for kvinner er til tider fråverande i lovene i Midtausten og Nord-Afrika i dag.

Tønnessen: I Sudan er det stigmatiserande med polygami, sjølv om loven i landet tillet det. I debatten om polygami er det mange ulike tolkingar som rår. Tolkinga av islam er eit utruleg dynamisk prosjekt. Islam er ikkje ein folkefiende som lever sitt eige liv. Det finst imidlertid ingen fasit som kan avsløre kva som er riktig eller feil tolking. Tolkinga blir dermed ei elastisk og til tider selektiv øving som gjer islam til ein foranderleg masse. Om denne tolkinga drar i en ekstrem liberal eller ekstrem konservativ retning, avheng kort og godt av kven som tolkar. Vi har det same i kristendommen. Biskop Kvarme hevder med dekning i Bibelen at homofili er ei synd. Mange norske kristne avviser blankt dette og viser til andre kristne verdiar når dei forsvarer dei homofiles sak. Om det finst ein veg til kvinnefrigjering innanfor islam er eit spørsmål muslimske kvinner (og menn) stridast om. Det er med kvinnelige imamar som med kvinnelige prester – deira eksistens avheng av kven som tolkar dei religiøse tekstane. I desse tider ser vi altså uttrykk for denne selektive og elastiske nytolkinga av islam i form av islamske feministar som søker å retolke koranen i eit likestillingsperspektiv. Dette er både tankevekkande og viktig.

Bøe: Det er innanfor islam at desse kvinnenes forhandlingsrom finst. Privat kan dei vere sekulære feministar, men lovane må grunnast i den strategien som verkar, og det er at ein brukar det islamske rammeverket. I Koranen står det at polygami er tillate, men i del to av verset, står det at du skal handsame alle koner likt. Det meiner kvinneaktivistane ikkje er mogleg og derfor tolkar dei det slik at polygami ikkje bør vere tillete.  

Ei kone for ein time

Bøe: I Iran har kvinneaktivismen eit elitepreg. Dei fleste kjem frå den øvre middelklassen og frå storbyane. Likevel kjem stadig fleire studentar frå landsbygda og frå ulike samfunnslag. Dei arrangerar underskriftskampanjar, deltek på møter og driv med det eg kallar «basic»-aktivisme. Det er mykje intern strid i desse laust organiserte kvinnerørslene. Eit spørsmål dei er usamde om er kva type rettar dei slost for. Det finst sekulære grupper i Teheran som ønskjer internasjonale konvensjonar og som kjemper mot polygami. Men ein finn også religiøse kvinner i statlege organ, som meiner at polygami er bra for kvinner, og at det beskyttar familien. Dette blir grunna med at det beskyttar mot utruskap og skilsmisse. Men polygami er ikkje vanleg, mest fordi det er så dyrt. Det krev at ein held ein familie til med bustad og livsopphald, det har dei færraste menn råd til. Det er ikkje ønskeleg å ha to koner i same hus. I Iran vert det no oppmoda til både polygami og midlertidige ekteskap. Det vert sagt at eit ekteskap kan vare frå eitt sekund til 99 år. Du kan ta ei kone for ein time, og mange meiner at dette er ein måte å skjule prostitusjon, men likevel fins det kvinneaktivistar som er for desse ordningane, fordi det beskyttar ei kvinnes ære. Det er i dag veldig mange single i Iran, og alle livsval blir skjøve fram i tid. Å vere ugift kvinne på over tretti år, vert rekna for svært uislamsk.

Islamsk versus vestlig feminisme

Tønnessen: Så langt er dei islamske feministane samde med vestlege sekulære feministar. Men islamske feministar meiner at lovene er eit produkt av ei konservativ og patriarkalsk tolking av islam gjort av og for menn. Vidare hevder dei at vegen til frigjering ikkje er sekulær, men islamsk. Feministar i Sudan og andre stader, kjempar på to frontar. Mot patriarkalske menn og mot vestlege feministar som meiner at dei må reddast frå islam. Den vestlege tilbodspakka blir sett på som ei tvangstrøye. Og mange meiner at vestlege feministar er arrogante. Dei tolkar det slik at vestlege feministar insisterer på at kvinner i muslimske land er undertrykte, men sjølv meiner dei muslimske kvinnene at dei ikkje er undertrykte. Ein misser ikkje si stemme sjølv om ein har på seg ein hijab. Dei kvinnene eg intervjuar i Sudan er sterke og politisk engasjerte. Det har aldri slått meg at dei er undertrykte. Vi treng ikkje å redde dei frå islam.

Bøe: Det er ikkje det at dei har noko i mot vestlege feministar. Kvinnene som kjempar kvinnesak i Iran les både «Det annet kjønn» og Koranen, men dei er samstundes opptekne av at vestleg feminisme ikkje passar i Iran. Mange er irriterte over at dei på død og liv må vere sekulære, og dei oppfattar vestlege kvinner som ikkje-religiøse.

Utdanna i Vesten

Tønnessen: Ein kritikk mot den islamske feminismen er nettopp at debatten blir ført av øvre middelklassekvinner utdanna i Vesten. Dette ser eg svært tydeleg i Sudan, og ein kan spørje korleis desse kan representere dei muslimske kvinnenes liv. Og landsbykvinnene på si side kan ikkje lett setje seg inn i den meir eller mindre akademiske «diskursen» i Khartoum, Teheran og andre steder. Eg synest også at islamske feministar som arbeider i en multireligiøs kontekst, som for eksempel Sudan og Libanon, ofte gløymer å inkludere minoritetskvinner i sin kamp for likestilling. Det er jo eit paradoks med tanke på at muslimar i Europa er svært opptekne av sine rettar som minoritet.

Tønnessen: Islamske feministar er ikkje så ulike feministar i USA. Begge feministgrupperingar jobbar for å reformere innanfor dominerande ideologiar, enten det er det kapitalistiske eller det islamske. Du kan seie at islamsk feminisme blir ei forhandling kvinnene har med staten. Det er uansett mykje som er samanfallande med vestlege feministar. Kvinner i Sudan og Libanon meiner alle at kvinner bør delta i politikk, at dei bør jobbe, at det skal vere lik løn for likt arbeid.

Bøe: Det har vore forsøk på å skape ei felles internasjonal muslimsk kvinnerørsle utan at dette har lykkast, men Sisters of Islam frå Malaysia er ein av organisasjonane som jobbar internasjonalt med stort gjennomslag. Blant anna har dei sidan 2005 arbeida med å utforme ei familielov som dei meiner er både i tråd med islam og prinsipp som rettferd og likskap. Målet deira er at lovforslaget skal kunne brukas som eit verktøy for å fremme reformar i muslimske land. Slike forsøk kan vise seg å vere meir levedyktige enn løysningar importerte utanifrå.

Artikkelen er henta frå UiB-magasinet Hubro.