Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Møtte politiet

Universitetsleiinga var fredag i møte med politiet om innbrotsproblema på universitetsområda.

Hovedinnhold

Politiet og universitetsleiinga opprettar no ein dialog om tryggleiken ved UiB. Politiførstebetjent Leif Havre frå tjuveriavsnittet ved Sentrum politistasjon møtte Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken og Even Berge frå Eigedomsavdelinga fredag.

– Me vil gjerne ha ein god dialog om utfordringane i nærmiljøet vårt. Me er eit ope universitet. Samstundes har me store verdiar her, og kring 100 bygningar . Me er utsette, og vil gjerne ha dialog med og råd frå politiet, sa Universitetsdirektøren.

Enkle tiltak

Politiførstebetjent Havre peikte på enkle tiltak for å hindra tjuveri. I første omgang er det tilsette og studentar som bør ta ansvar.

– Tilsette og studentar må vera medvitne om at ein må ta godt vare på verdiane sine på universitetsområdet. Enkle grep som å alltid låsa dører og stengja vindauge kan bidra til å dempa innbrotstala. Folk må bry seg om arbeidsplassen sin. Universitetet har ein stor bygningsmasse med nærast kontinuerleg vedlikehald, og stillas er eit enkelt verkty forbrytarar kan bruka for å ta seg inn i bygg, sa Havre. 

Vil ikkje overvaka

Elvbakken avviste overvakningskamera som eit tiltak mot innbrot.

– Det strid mot våre verdiar som eit ope universitet, og eg er skeptisk til ei slik overvaking, sa ho.

– Det er sjølvsagt universitetet som bestemmer korleis dei vil ha det på sine område, men frå politiet sitt perspektiv er dette ein særs effektiv måte å unngå kriminalitet, sa førstebetjenten.

Elvbakken understreka at UiB har eit problem i at Studentsenteret ligg såpass nært den utsette Nygårdsparken.

Tryggleiksdialog

No satsar partane på ein framtidig dialog om tryggleiken.

– Me har ei felles interesse i å villa senka talet på innbrot. Då er det fint at me kan snakka saman. Det er ulike måtar å førebyggja dette på, og det er viktig å påpeika at me har verdiar som set pris på det opne universitetet.

– Politiet og leiinga har sjølvsagt snakka saman før, men me i politiet opererer slik at me tar kontakt vedrørande enkeltsaker. Me kjem på banen etter eit innbrot. No håpar me å skapa en dialog med eit breiare grunnlag, sa Havre.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.