Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

To FME-senter til Bergen

To av i alt åtte nye FME-senter går til Bergen. CMR, Unifob og Universitetet i Bergen er mellom fagmiljøa som står i spissen for forsking på fornybar energi innan CO2-lagring og vindkraft.

Hovedinnhold

 

I dag vart det klart at to av totalt åtte nye forskningssenter for miljøvenleg energi (FME) får base i Bergen. Det er søknadane om å bli FME innan vindkraft og CO2-lagring som har fått gjennomslag, og CMR skal vere vert både for Norwegian Centre for Offshore Wind Energy (NORCOWE) og SUbsurface CO2-storage – Critical Elements and Superior Strategy (SUCCESS), med Unifob og Universitetet i Bergen tungt inne i begge sentra.

– Dette er ein gledeleg dag både for oss i Bergen og konsortia vi har med oss. Vi har no fått ein heilt ny moglegheit til å få opp volumet på forsking på energi utover petroleum. Statusen som FME er eit springbrett, seier Geir Anton Johansen, prodekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, UiB.

 

Eitt bonussenter

Johansen var ein av fleire representantar for fagmiljøa frå Bergen som var til stades då divisjonsdirektør Anne Kjersti Fahlvik i Norges forskningsråd og olje- og energiminister Terje Riis-Johansen kunngjorde kven av søkjarane som har fått tildelt status som dei nye forskningssentra for miljøvenleg energi (FME). Av det som opprinneleg var 28 søkjarar, kom altså åtte gjennom nålauget, eitt senter meir enn tidlegare annonsert. Ifølge Anne Kjersti Fahlvik i Forskningsrådet er det regjeringa sin tiltakspakke som kom i tillegg til klimaforliket som har gjort finansiering av eit ekstra senter mogleg.

Dei nye FME’ane har ein varigheit på åtte år, og får tildelt mellom 10 og 20 millionar kroner årleg i offentlege forskingsmidlar. Denne summen skal matchast av sentra sine industrielle partnerar.

 

Ikkje full offentleg finansiering

Ifølge Geir Anton Johansen har senteret for lagring av CO2, SUCCESS, fått tilslag om midlar på 50 prosent av budsjettet. Dette svarer til 10 millionar kroner i året frå Forskningsrådet. I tillegg kjem bidrag frå næringslivet.  

– Vi har også fått anmodning om å koordinere oss mot fagmiljøet i Trondheim og deira CO2-søknad, seier han.

Det nye senteret for vindkraft har fått tilslag om 15 millionar kroner årleg, ein sum som tilsvarer 75 prosent av budsjettet.

Dei seks andre FME’ane er BIGCCS Centre, Research Centre for Offshore Wind Technology og Centre for Environmental Design of Renewable Energy med SINTEF i førarsetet, The Norwegian Research Centre for Solar Cell Technology med Institutt for energiteknikk som prosjektansvarleg, Bioenergy Innovation Centre med Universitetet for miljø- og biovitskap i spissen og The Research Centre on Zero Emission Buildings med NTNU som prosjektansvarleg.

Nyheten er hentet fra "På Høyden":
http://nyheter.uib.no/?modus=vis_nyhet&id=42689