Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

– Pressestøtta må endrast

Den norske mediestøtta skal vurderast. Denne veka fekk medieforskarar og -aktørar innspel frå dansk hald. Anker Brink Lund meiner ein må tenkja nytt når det gjeld media i framtida.

Hovedinnhold

I oktober nedsette Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) eit utval som skal føreta ”en helhetlig vurdering av bruk av økonomiske virkemidler på medieområdet”. Med andre ord skal ein vurdera den norske pressestøtta og momsfritaket, som i følgje KKD har vore nærast uendra sidan slutten på 60-talet. Utvalet skal levera innstillinga si i løpet av neste år.

I Danmark har eit utval nyleg levert si innstilling. Forskningsgruppa for medie-, ikt- og kulturpolitikk inviterte måndag Anker Brink Lund for å leggja fram det danske utvalet sine konklusjonar. Brink Lund har sidan 2007 arbeidd med rapporten.

Kort fortalt konkluderer rapporten med at den noverande danske pressestøtta bidreg til å sementera og konsolidera det noverande danske mediebiletet. Brink Lund skildra ei mediestøtte som har utvikla seg gradvis, med tiltak som var verdifulle på tidspunktet dei vart innført, men ikkje vist seg å skapa utvikling på sikt.

– Mørk medieframtid

Framtida ser ikkje lys ut for den danske dagspressa, meinte Brink Lund. Dalande annonseinntekter, sviktande lesartal og mindre økonomisk utteljing på momsfritak fører til avisdød. Utvalet sine prognosar fortel om ei media krise mellom 2009 og 2013. med unntak av public service-radio, -tv og –internettmedier.

– Om dei økonomiske trendane fortset vil ein ikkje ha ei dagsavis att i Danmark om ti år, sa Brink Lund.

I sin rapport valde utvalet tre scenario for den framtidige pressestøtta. Det beste forslaget er eit såkalla meriteringsscenario, meinte Brink Lund.

Det inneber ei gradvis omleggjing av dagens støtteordningar, der ei ”basispulje” med tradisjonelle media mottek midlar. Samstundes skal ein støtta konkrete medieprosjekt gjennom ei ”fri pulje”. Ei tredje pulje vert ”satsningspuljen, med støtte til prosjekt som til dømes ei nettside som driv med folkeopplysing eller omleggjing av forelda distribusjonsformer.

– Det me treng er utvikling, ikkje sementering, sa Brink Lund.

NRK ikkje med

I løpet av 2010 vil altså eit norsk utval koma med sine tilrådingar til den framtidige mediestøtta. Anker Brink Lund har to råd til utvalet og deira framtidige arbeid.

– Det har undra meg at NRK ikkje er inkludert i utvalet sine granskningar. Mitt første råd vil difor vera å vurdera dei som ein av aktørane. Mitt andre råd er å ikkje berre tenkja på dei eksisterande mediestrukturane, men også meda sine funksjonar. Då tenkjer eg til dømes på dei som driv nyskapande journalistisk arbeid på nett, seier Brink Lund til På Høyden.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.