Hjem
Kommunikasjonsavdelingen

Mindre hiv i Zambia

Omsider ser det ut til at nokre land i Afrika har greidd å redusere spreiinga av hiv, men dette avgrensar seg til folk med utdanning. No gjeld det å få dei fattigaste til å endre åtferd.

Hovedinnhold

Denne saken er hentet fra Hubro.

Knut Fylkesnes er professor ved Senter for internasjonal helse, og har lenge forska på spreiing av hiv i afrikanske og asiatiske land. Han koordinerer eit NUFU-prosjekt der ein nyttar forsking og kompetansebygging i kampen mot hiv og aids i Zambia.

– Det er stor spreiing av hiv i Zambia. Ein reknar at 16 prosent i alderen 15–49 år er smitta, fleire kvinner enn menn. Utbreiinga er dobbelt så stor i urbane strok, fortel han.

Kom seint i gang

I dag reknar ein med at epidemien var stor alt tidleg på 80-talet, altså før ein var klar over problemet. Dei beste tolkingane av data frå dødelegheitsforsking som gruppa til Fylkesnes driv, viser at ein hadde ein epidemi allereie på 70-talet. Det vil seie at då det førebyggande arbeidet kom i gang for alvor tidleg på 90-talet, var epidemien alt blitt omfattande.

Men det siste året har Fylkesnes si forskingsgruppe publisert ei rekkje tidsskriftartiklar som peikar på ein klar nedgang i nye smittetilfelle.

– Dette gjeld mest i urbane strok, men også i rurale. Nedgangen skuldast åtferdsendringar som meir bruk av kondom, færre sexpartnarar, og at kvinner utset å få barn. Men dette gjeld mest folk med utdanning over eit visst nivå. Folk med låg utdanning endrar vanar i mykje mindre grad, fortel han.

– Vi har ein god dialog med nasjonale førebyggande program om korleis ein skal nå fram til dei fattigaste. Kampen mot fattigdom er ein viktig strategi, men det er jo ikkje gjort over natta. Det er mogleg å drive førebygging som er effektiv på kort sikt, men her er mykje uprøvd.

Vil gjere hiv-testing meir utbreidd

Noko zambiske forskarar er spesielt opptekne av nett no, er å studere endringar i risikoåtferd etter at behandling for sjukdomen no er blitt mogleg for fleire. Det er ein viss tendens til at dei då tek det mindre nøye med førebygging.

Eit prioritert tema for forskingsgruppa, er studiar av korleis ein kan gjere det meir akseptabelt for folk å nytte seg av hiv-testing og rådgjeving. Berre ein liten del av innbyggjarane nyttar slike tilbod i dag. Forsking har vist at testing er førebyggande i seg sjølv. I tillegg er det inngangsporten til støtte og hjelp, sidan ein vanskeleg kan få hjelp om ein ikkje veit kva eins eigen smittestatus er. Gruppa har tidlegare vist at låg tiltru til helsevesenet er ein viktig grunn til den låge etterspurnaden etter slike tenester. Mellom anna trur mange at resultata ikkje vil halde fram med å vere anonyme. Det tyder på at systemet slik det er i dag, ikkje er akseptabelt for folk. No skal forskarane undersøke korleis eit slikt system bør utformast og leggast til rette i praksis.

–   Dette er eit heitt tema, særleg fordi nokre land er i ferd med å ta i bruk etisk tvilsame metodar for å få fleire til å teste seg. Det opnar for overgrep, og gjev folk enno mindre tiltru til helsesystemet. Det er fundamentalt viktig at alt må vere ope og etisk etterretteleg, seier Fylkesnes.

Viktig kompetansebygging

NUFU-prosjektet «Strengthening HIV-related interventions in Zambia: co-operation in research and institution capacity building» er koordinert av professor Knut Fylkesnes ved Senter for internasjonal helse.

Fylkesnes hevdar at manglande kompetanse er den einskildfaktoren som har mest å seie for manglande effektivitet i hiv-førebygging. Senter for internasjonal helse har kompetansebygging som hovudsatsing.

Sidan 2002 er det rekrutter 14 personar frå partnarinstitusjonane i Zambia til forskarutdanning på PhD- og masternivå. Ei rekke av desse har no sentrale posisjonar i heimlandet innan forsking og utdanning.