Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Kryssar grenser

Bergen Summer Research School har deltakarar frå 42 land. Kunnskap kjenner ingen grenser.

Hovedinnhold

Forventningsfulle stemmer surrar gjennom rommet. 115 PhD-studentar frå heile 42 land og ein bunadskledd varaordførar var til stades i auditoriet på Dragefjellet då Bergen Summer Research School (BSRS) opna i går. Temaet forskarane skal gje seg i kast med i år er global helse.

– Bergen har alltid vore ein internasjonal møtestad, seier Trude Drevland, varaordførar i Bergen og understrekar kor viktig det er at forskarar frå ulike land og kulturar kjem saman for å drøfte og finne løysingar på helserelaterte spørsmål på tvers av landegrensene.

Historiene kjem til liv

Og kanskje kan akkurat deltakarane ved årets BSRS vere med på å endre verda. PhD-studentane har knapt hatt tid til å summe seg etter at dei landa på norsk jord mandag, men utvekslinga av idear og erfaringar allereie i gang. For Mehdi Osooli frå Kerman Knowledge Hub for HIV/AIDS Surveillance Education i Iran, er samveret og samtalane med kollegaer frå andre delar av verda uvurderleg.

– Iran er til ei viss grad isolert frå det internasjonale samfunnet, så for meg er samhandlinga med dei andre deltakarane viktig, seier han.  

Han deler rom med ein PhD-student frå Zambia og har allereie fått oversikt og kunnskapar om spreidninga av HIV/AIDS der. Historiene om korleis befolkninga i andre delar av verda møter globale utfordringar som til dømes HIV/AIDS, barnedødelegheit og malaria vert verkelege i samtalene mellom deltakarar frå ulike kulturar, dei får liv på ein annan måte enn bileta i eit nyhendeinnslag eller orda i ein vitskapleg artikkel. Det globale vert trekt ned på lokalt nivå.

– Til dømes er klimaendringane globale, men her får vi sjå og høyre korleis dei har lokale effektar og korleis lokalbefolkninga frå stad til stad tilpassar seg, seier Jummai Yila frå Asian Institute of Technology i Thailand.

Les også: Global helsemønstring

Utvekslar idear

Adugna Gemeda frå Addis Ababa University er i Bergen for andre gong. I fjor vinter var han her i samband med eit NUFU-prosjekt der Senter for internasjonal helse ved UiB er ein aktiv partnar, og han har gode erfaringar med samarbeid på tvers av landegrensene. I år deltek han på BSRS i lag med ti andre PhD-studentar frå Etiopia og han har store forventingar til utbyttet.

– BSRS er eit svært godt forum for å utveksle idear, seier han.

No har Adugna og dei andre PhD-studentane to travle veker framfor seg, men det er også sett av tid til litt sightseeing og dei gler seg til å sjå kva som skjular seg i gatene utanfor universitetsområdet.

Fakta/ Bergen Summer Research School

  • Bergen Summer Research School vert i år arrangert for tredje året på rad. Tema i år er "Global helse sett i bio-medisinske, sosiale og kulturelle perspektiv".
  • Skulen er ein internasjonal forskarskule for PhD-studentar og vert arrangert av Universitetet i Bergen i samarbeid med NHH, CMI, Høgskolen i Bergen og Uni Research.
  • BSRS vart arrangert første gong i 2008 med global fattigdom som tema. I fjor var temaet klima, miljø og energi. I 2011 står normer, verdiar, språk og kultur på programmet.
  • Skulen varer fram til 2. juli.

Artikkelen er hentet fra UiBs internavis På Høyden.