Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nytt frå Hubro

Vekst med bitter bismak

Etiopia har hatt spektakulær vekst i økonomi og utdanning. Menneskerettssituasjonen går motsett veg.

Hovedinnhold

følgje The Economist er Etiopia verdas femte raskast veksande økonomi. Gjennom 1970 og –80-talet fekk landet lite bistand på grunn av boikott av kommunistregimet. Då regimet vart styrta i 1991 byrja verdssamfunnet å gje støtte, men ei overraskande opptrapping i Eritrea-krigen i 1998-2000 stoppa på ny bistanden. Først etter år 2000 kom bistanden for alvor i gong. Det siste tiåret har gitt sterk vekst i utdanningssektoren og  det har også skjedd mykje positivt når det gjeld helse.

Les om medisinprofessor Bernt Lindtjørns arbeid i Etiopia: Kvinnenes mann i sør

– Dei har hatt godt med pengar og godt med nedbør, som har hindra tørke, seier mangeårig Etiopia-forskar ved Christian Michelsens institutt, Johan Helland

Kneblar kritiske røster

Trass i den store økonomiske veksten er det inga utvikling på menneskerettsindikatorar. Helland meiner at etiopiske organisasjonar er knebla når det gjeld politisk deltaking og  menneskerettar. I 2008 har det vore bestemt ved lov at dersom etiopiske organisasjonar skal drive med politikk skal mindre enn ti prosent av budsjettet deira vere pengestøtte frå utanlandske organisasjonar.

– I praksis er dette ein måte å sikre seg mot all kritikk, for nesten ingen etiopiske organisasjonar kan drive med så lite utanlandsk støtte, seier Helland som er sosialantropolog. Han meiner at dagens regime ofte til forveksling liknar på det gamle kommunistregimet. Den noverande ideologien har fått merkelappen ”revolusjonært demokrati” sjølv om den tillet meir  privat næringsverksemd.

Noreg kritiserte

– Ideologisk er det likt, med gammal-leninistisk politikk og brutal framferd mot opposisjonen. Dette er langt i frå noko liberalt demokrati og med den nye terroristlova er opposisjonspartia redde for å bli stempla som terrororganisasjonar, fortel han.

Styresmaktene har sidan 2005 fått gjennomført tre nye lover som avgrensar fridom for etiopiarar. Mellom anna har det komme ei restriktiv presselov og ei ny antiterrorlov. Regjeringspartiet legg alt til rette for at dei ikkje skal misse makta ved valet i mai, hevdar sosialantropologen. Det etiopiske valet i 2005 vart kritisert av norske samfunnsvitarar og norske styresmakter, noko som førte til reaksjonar frå etiopiarane si side og den diplomatiske forbindelsen fekk ein knekk. Helland har sidan 1980-talet jobba med å bygge opp samfunnsvitskap ved universitetet i Addis Abeba. Dette arbeidet er no stansa opp på grunn av stopp i norske løyvingar.

90 prosent går på skule

Men sjølv med avgrensingane som finst, kan ein få gjort mykje. Johan Helland meiner at Bernt Lindtjørn har funne gode modellar, og at han gjer lurt i å jobbe med det etablerte statlege systemet.

– Dei som jobbar i Etiopia veit at det ikkje er alltid er den beste modellen dei kan ta i bruk , men den nest beste, eller tredje beste. Det viktige er at modellane kan nyttast innanfor dei rammene ein har,  seier Helland.

Tidlegare har ein ofte komme med modellar som har vore hitsides det ein kan vente skal slå rot lokalt. Men private organisasjonar kan spele ei viktig rolle i utviklinga av alternative og betre tilpassa modellar. Eitt døme er Redd Barnas satsing på grunnskuleutdanning i landet. Talet på barn i skule har auka frå 35 prosent til over 90 prosent.  I maktapparatet er det er stor tillit til utdanning og etiopiske styresmakter har adoptert modellen.

– Bernt Lindtjørns modellar er eit slikt døme på vellukka modellbygging. Lindtjørn er heller ingen kvensomhelst, seier Helland. – Alle i Sør-Etiopia veit kven han er. 

Fakta:

  • Den venta veksten i etiopisk økonomi vil i 2010 vere på 7 prosent.
  • Framleis er landet ranka som nummer 171 på FNs Human development index.
  • 80 prosent av etiopiarane lever i fattigdom.
  • Gjennomsnittleg månadsløn er 1000 birr, om lag 500 kroner, men mange har langt mindre enn dette.

Artikkelen er henta frå UiB-magasinet Hubro.