Hjem

Kommunikasjonsavdelingen

Nyhet fra På Høyden

Oppsøkjer kyrkjene i ferien

Folk flest sviktar kanskje gudstenestene, men i sommarmånadane strøymer turistane til kyrkjene i Bergen. Kva tankar gjer dei seg i møtet med det norske kyrkjerommet?

Vanlegvis tel religionsforskarane kor mange som oppsøkjer kyrkjer på søndagar eller i høgtidene for så å trekke slutningar om religionens tilstand i Noreg. Men i dag har forskarblikket flytta seg.

– Vi er meir opptekne av å finne uttrykk for religiøsitet i til dømes arrangement, medier og populærkultur, som turismen kan sjåast som ein del av. Tilnærminga til religionens nærvære er meir open enn tidlegare, seier Michael Stausberg, professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Sjølv har han og Janemil Kolstø, vitskapleg assistent ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, leita blant turistar på besøk i kyrkjene i Bergen.

Kyrkjerom til ettertanke

I løpet av ein periode på seks veker i 2007 talde dei turistar som hadde funne vegen til Johanneskyrkja, og kom til heile 2000. Av desse turistane vart godt og vel 220 intervjua, i tillegg til prestar, vakter og tilsette innan vedlikehald. Under eit feltarbeid sommaren 2008 utvida dei undersøkjingane til å også omfatte Mariakyrkja, Domkyrkja og stavkyrkja på Fantoft, og inkluderte også observasjon av turistane si åtferd i kyrkjerommet i undersøkjinga.

Intervjua med turistane viser at kyrkjerommet inviterer til ro og ettertanke. Svært mange av turistane slo seg ned blant benkeradene, og sjølv om besøket kanskje ikkje varte i meir enn vel eit kvarter, gjorde dei likevel det meste ut av tida i kyrkjerommet.

– Det hender noko med mange turistar som oppsøkjer kyrkjene. Sjølv om dei gjerne har gått inn med eit anna motiv, opplever dei det som ein stad der dei kan ta eit avbrekk. Overraskande mange nyttar høvet til å tenne lys og tenke over eksistensielle spørsmål, seier Michael Stausberg.

Han trur at turistane nyttar den rolege stunda i kyrkja til å kople seg tilbake til nettverk og relasjonar heime medan dei er på reise. Ferien utgjer ein pause frå kvardagslivet som gjer det mogleg å reflektere over livet.

Janemil Kolstø peikar på at kyrkjerommet inviterer til utforsking og involvering på eit kroppsleg plan.

– Tankane og refleksjonane dei besøkjande gjer seg, kan kome som ein konsekvens av dette romlege og kroppslege engasjementet, seier han.

Inngangsport til det norske

Turistane sine motiv for å oppsøkje kyrkjene var ulike. Medan nokre oppgav at interessa for kyrkjene hang saman med personleg tru, svarte mange at interesse for kunst, arkitektur, kultur og historie låg bak. Dei såg eit besøk i kyrkja som ein døropnar til det norske.

– For dei representerer kyrkja ein kraftkonsentrasjon av norsk kultur, seier Janemil Kolstø.

Kolstø og Stausberg tykkjer det er interessant at turistane nettopp peikar på høvet til å få kjennskap til norsk kultur og norske verdiar gjennom eit besøk i kyrkjene.

– Noreg vert sett på som eit av dei mest sekulære samfunn i verda. Dersom turistane verkeleg vil bli kjende med den norske kulturen, ville dei nok hatt større utbytte av å gå på til dømes Brann stadion eller Bystasjonen. Likevel er det ei utbreidd haldning at ein får kunnskap om kultur ved å oppsøkje kyrkjer, seier Stausberg.

Norske turistar uteblir

Til trass for at turistane hadde ulike motiv for å oppsøkje kyrkjene og sat att med forskjellige inntrykk etter besøket, trer det likevel fram mønster i undersøkjinga. Det mest tydelege mønsteret er at dei norske turistane uteblir frå kyrkjene. Turistar frå over 20 land er representerte i undersøkjinga, men berre eit par av dei er nordmenn.

– Norske turistar oppsøkjer ofte kyrkjer når dei er ute på reise, til dømes i Roma eller Paris. Men dei ser ikkje ut til å gjere det i Noreg. Det var overraskande å ikkje treffe på fleire norske turistar, i alle høve i Mariakyrkja og stavkyrkja, seier Stausberg.

Ikeakyrkje

I undersøkjinga kom det også fram at dei fire utvalde kyrkjene skilde seg tydeleg frå kvarandre når det gjaldt om besøket var planlagt eller ikkje. Mariakyrkja og stavkyrkja på Fantoft var stader turistane hadde høyrt om og planlagt å stikke innom. Nokre var skuffa over turen til Mariakyrkja som dei opplevde meir som eit museumsbesøk grunna inngongspengar og eit stort tal turistar i eit lite kyrkjerom. Heller ikkje stavkyrkja på Fantoft fekk like gode skussmål av alle. Den vart sett som ein billeg kopi av det opprinnelege og autentiske.

– Stavkyrkja vart av fleire kalla ei Ikeakyrkje, seier Kolstø.

Besøka i Johanneskyrkja og Domkyrkja var langt meir spontane, og det var knytta mindre forventningar til desse. Få angra på at dei hadde teke turen opp trappene til den raude mursteinskyrkja på Nygårdshøyden.

– Sjølv om Johanneskyrkja er den av dei fire kyrkjene som har minst opplegg for turistane, er det der dei vert mest involverte. Kyrkjerommet baud dei til refleksjon, seier Kolstø.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.