Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Fer ikkje med tomt prat

Kven er den beste formidlaren? Vinnaren vert kåra i Forskar Grand Prix når Forskingsdagane opnar førstkomande fredag. Kristian Kobbenes Starheim er ein av dei som håper å snakke seg til siger.

Hovedinnhold

Førstkomande fredag går det første norske Forskar Grand Prix nokon sinne av stabelen i Grand Selskapslokaler. Ti unge forskarar får fire minutt til rådigheit, med ein presentasjon av eit sjølvvalt forskingsfelt. På desse fire minutta skal dei overtyde dommarpanelet og fengsle tilhøyrarane. Tre går vidare til den store finalen.

– Målet er å få tilhøyrarane til å sitte fremst på stolen og tenkje at det eg snakkar om angår dei, seier Kristian Kobbenes Starheim, stipendiat ved Molekylærbiologisk institutt og Institutt for kirurgiske fag. Han er ein av dei unge forskarane som skal konkurrere om den gjeve tittelen som beste forskingsformidlar.  

Vil engasjere og fascinere

Molekylærbiologen har strategien klar. Med metaforar om maur skal han snakke om proteinmodifikasjonar i kreftceller på ein måte som ikkje berre er forståeleg for folk flest, men som også vekkjer engasjement og interesse.

– Ein seier gjerne at unge bør velge realfag fordi det gjev gode jobbar. Men alle veit at fornuftsekteskap ikkje er det heitaste. Vi må ha folk som er fascinerte, som er oppriktig interesserte, seier han.

Sjølv er Starheim oppteken av verdien av god forskingsformidling. Han trur at Forskar Grand Prix kan vere med på å opne fleire auge, både for realfag og forsking generelt.

– Dessutan ligg effekten kanskje like mykje i det at vi som deltek får smaken på å drive med formidling, seier han.

Starheim meiner at forskarar bør vere meir synlege i offentlegheita. Han peikar på at det vert løyva store summar til fagfeltet og at også molekylærbiologane sit inne med mykje kunnskap som kan vere med på legge premissa for ein opplyst samfunnsdebatt. Her har forskarane sjølve ei viktig oppgåve føre seg, ifølge Starheim.

– Molekylærbiologi set ikkje akkurat dagsorden i nyheitsmediene, men det er viktig å få ut kunnskapen. Dersom ein meiner at det bør snakkast meir om molekylærbiologi, så må ein vere aktive sjølve. Ein kjem ingen veg med å sitte og vente på at andre skal ta grep. Det er eit spørsmål om innstilling, seier han.

Les meir om Forskingsdagane i Bergen her.

Fengande form

Noko av målet med Forskingsdagane er å få forsking og forskingsresultat ut til eit breidt publikum. Og då Jørgen Flint, leiar i Forskingsdagane i Bergen, var vitne til Forskar Grand Prix i Danmark i april i år, vart han overtydd om at dette konseptet var perfekt for Forskingsdagane.

– Det er effektivt, morosamt og fungerer godt som forskingsformidling, seier han.

Ideen fenga også forskarane. Allereie i slutten av mars i år kom den første påmeldinga, og så mange meldte si interesse for å delta at det måtte gjerast eit utval. I dette utvalet er det lagt vekt på mest mogleg tverrfaglegheit.

– Eg har inntrykk av at forskarane tykkjer det er eit artig konsept. Dei er spente, men gledar seg. Eg gledar meg i alle fall voldsomt, seier han.

Det er tydeleg at Flint og dei ti deltakarane ikkje er dei einaste som gledar seg til den store konkurransen. Ryktene har gått og billettane vart rivne bort med det same dei vart lagt ut.

CSI: Bergen

Med ei utradisjonell tilnærming til forskingsformidling i fokus trur Flint at også fleire arrangement under Forskingsdagane vil score høgt i popularitet. Mellom anna står CSI: Bergen på plakaten for dei kriminteresserte førstkomande tirsdag.  Her vil nyheitsleiar Gard Steiro i Bergens tidende (BT) og rettsmedisinar Inge Morild frå Gades institutt, ta publikum med inn i granskinga av ein fiktiv drapsåstad.

Temaet for årets Forskingsdagane er forskingsverktøy. 3. oktober kan interesserte bli med på ein rundtur i forskinga si verktøykasse. Då opnar forskarar på Nygårdshøyden og Marineholmen dørene til arbeidsstadane sine og slepp utanforståande til i verktøykassene sine.

Fakta/ Forskingsdagane

  • Forskingsdagane vert arrangert av Norges forskningsråd og er ei årviss hending med arrangement over heile landet. Fredag 24. september brakar det laus på Festplassen med offisiell opning og skuledag. Årets kunnskapsfest går føre seg laurdag 25. september. Siste dag er 3. oktober. Dermed står forsking og forskingsformidling i høgsetet ei heil veke til ende.
  • Årets tema er forskingsverktøy. Gjennom fleire arrangement kan publikum få eit innblikk i forskarane sine verktøy og metoder.
  • Laurdag stiller forskarar frå ulike fagfelt med forskingsstasjonar på Festplassen. Her kan små og store kunnskapstørste få svar på spørsmål om alt frå nanoteknologi til meitemark og prøve seg på modellbygging og ballongbilar. Det vert også sett opp tre store telt, der publikum kan velge mellom 24 populærvitskaplege foredrag.

Artikkelen er henta frå internavisa På Høyden.