Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Forskarar i fleire roller

Forskarar har og skal ha ei viktig rolle i den offentlege debatten meiner dekan Nina Langeland. – Men pass på adresseringa, oppfordrar ho.

Hovedinnhold

Då Giardia-parasitten inntok Bergen hausten 2004 stod brått Nina Langeland som den gong var seksjonsleiar ved Haukeland universitetssjukehus i sentrum for hendingane. Ho var i tillegg til å vere leiar for den kliniske infeksjonseininga som behandla sjuke pasientar, leiar for laboratoriet som analyserte prøvene frå bergensarar med magesmerter og diaré og vart nedringt av journalistar. Den store mediepågangen kom i tillegg til at laboratoriet fekk meir enn tidobla talet på prøver som krevde eit umiddelbart svar. Men Langeland kunne ikkje skugge unna rolla som sjukehuset sin representant i høve til media og publikum.

– I medisinen si verd hamnar forskarar ofte i fleire roller, men vi både må og skal ha desse rollene, seier ho.

– Ikkje ta på feil hatt

Ifølge Langeland er ein ikkje berre behandlande lege, men også sjukehuset eller institusjonen sin representant overfor media og nasjonale helseorgan, forskar, samarbeidspartnar for vaksine- og farmasøytisk industri og til sist ein meiningsberettiga privatperson. Den store og sentrale utfordringa er å gjere det klart kva rolle du opptrer i og å ikkje gje seg ut for å representere noko anna enn ein eigentleg gjer.

– Dersom du uttaler deg som privatperson, og det er alle i sin fulle rett til å gjere, så må du ikkje ta på deg feil hatt. Då representerer du verken forskingsfeltet eller forskingsinstitusjonen, seier ho.

Smittefrykt

Under svineinfluensa-epidemien hamna legane nok ein gong i sentrum for hendingane. I etterkant har nasjonale helsemyndigheiter og mange legar blitt skulda for skremselspropaganda, og WHO si handtering av saka har fått det glatte lag. Langeland meiner at det er svært viktig å ta denne debatten no i ettertid, og peikar på at det uansett er problematisk å halde debattar om epidemiar på eit nøytralt nivå.

– Det er ikkje mogleg å informere om epidemiar, spesielt luftvegsbårne sjukdomar, utan å skape frykt blant folk flest. Denne frykta for smitte er undervurdert. Personlege synspunkt frå legar, gjerne på tvers av det helsevesenet formidlar, skaper usikkerheit og nører opp under frykta for infeksjonssjukdomar. Debatten kring handteringa av svineinfluensaen er det dermed betre å ta no i ettertid, seier ho.

Ho peikar på at ’synsing’ frå forskarar i ekspertroller kan ha stor verknad på offentlegheiten og oppfordrar til å uttale seg innan eige fagfelt.

– Ein forskar er ikkje nødvendigvis ein forskar som meistrar alt, seier ho.

Forskarar som politiske aktørar

Men når går forskaren over frå å vere fagperson til å bli ein politisk aktør? Dette var hovudtemaet for årets etikkseminar ved UiB som vart arrangert førre veke.

Knut Helland, professor i medievitskap og dekan ved SV-fakultetet, meiner at begrepsbruken er upresis: Er det slik at forskaren er ein politisk aktør når forskingsresultatet spissast eller når ein opererer i eit politisk felt? Forskarar jobbar i henhold til forskingsinstitusjonen og held seg i hovudsak innanfor dei konvensjonane og framgangsmåtane som er etablerte for slik verksemd.

– Dermed er det problematisk å kalle forskaren for ein politisk aktør. Forskaren går inn i eit politisk felt, men han eller ho blir ikkje dermed ein aktør, seier han.

Han meiner at ein bør diskutere skiljet mellom politisk aktør, det politiske feltet, aktivistar og aksjonsforsking.

Tillitskrise

Først og fremst må forskarane våge å vise openheit og også formidle den usikkerheiten som kan hefte ved forsking ifølge Helland. Tillit og legitimitet er sentrale stikkord. Dette får konsekvensar for korleis kommunikasjon bør gå føre seg, både når det gjeld frå forskarar og nasjonale myndigheiter si side. Den tillitskrisa som oppstod i etterkant av Tsjernobyl-ulukka i 1986 er eit godt døme på kor galt det kan gå når informasjonen er for dårleg ifølge Helland.

– Det kom mellom anna fram at informasjonen var mangelfull og at ekspertar hadde fått munnkorg. Det at ein ikkje viste fram usikkerheit og usemje førte til ei tillitskrise, der offentlegheita mista tiltruen til opplysingane frå nasjonale helsemyndigheiter, seier han.

Helland meiner at noko av det same har skjedd under svineinfluensaepidemien. Uklarheit om mellom anna bindingar mellom legar og legemiddelindustrien har svekka tilliten til informasjonen som har kome frå legestanden og nasjonale helsemyndigheiter.

– Mangel på gjennomsiktigheit gjer at ei stor verksemd står i fare for å bli oppfatta, ikkje som ein politisk aktør, men som ein kommersiell aktør, seier han.

Han spør seg om retningslinjer og rolleavklaringa er god nok og viser til at mellom anna journalistikken til ei viss grad har avklart spørsmålet om integritet og roller gjennom Ver Varsam-plakaten.

– Innan forskinga er integritetsproblem ofte nokså uavklarte, seier han.

Artikkelen er henta frå internavisa På Høyden.