Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Sak frå Hubro 1 - 2011

Stjal Helland-Hansen frå Nansen

Eit heldig sidespor, den første verdskrigen og eit stortingsvedtak la til rette for at UiB i dag kan smykke seg med den stolte bygninga Geofysen og det tilhøyrande omgrepet ”Bergensskolen i meteorologi”.

NYTT BYGG: Geofysisk insitutt på Florida opna dørene i 1928.
NYTT BYGG: Geofysisk insitutt på Florida opna dørene i 1928.
Foto/ill.:
Geofysisk institutt

Først, Bergensskolen i meteorologi etter Store Norske Leksikons definisjon: ” en retning i meteorologien som ble utviklet i Bergen i årene like etter den første verdenskrig gjennom professor Vilhelm Bjerknes' og hans medarbeideres arbeid med å forbedre værvarslingsmetodene.”

At me i det heile fekk Geofysisk institutt i Bergen, kan me takke vitskapsmannen Bjørn Helland-Hansen for. Det var han som tok initiativ til instituttet og som fekk i gang innsamlingsaksjonen blant Bergens borgarskap. Og då Geofysisk Institutt opna dørene i 1928, var det med Vilhelm Bjerknes, den moderne værvarslingas far, som professor i teoretisk meteorologi. Bjørn Helland-Hansen var instituttets første leiar og professor i fysisk oseanografi.

Ville til Oslo

Men akkurat denne situasjonen var langt frå opplagt. Vitskapsmannen Bjørn Helland-Hansen ville nemleg ikkje jobbe og forske i Bergen. Han ville til Oslo der Fridtjof Nansen ville ha han til professor på landets einaste universitet.

For å forklare dette må me spole litt lengre tilbake i tid. Etter å ha studert under Nansen, som var professor i oseanografi og Vilhelm Bjerknes som var professor i fysikk i Stockholm, kom  Bjørn Helland-Hansen til Bergen Museum. Ikkje lenge etter, i  i 1906, vart han leiar for Biologisk stasjon på museet. Men i Bergen var fagmiljøet lite. Helland-Hansen samarbeidde heile tida tett med Nansen. Og sidan Nansen hadde ambisjon om å gjere Universitetet til eit sentrum for havforskinga i Noreg, ønska han Helland-Hansen til universitetet i Kristiania. I 1910 vart apparatet sett i gong for å opprette eit professorat for Helland-Hansen. Blant dei som støtta eit slikt professorat, var nemnte Vilhelm Bjerknes.

Krise! Det tenkte nok styret ved Bergen Museum då professorplanane vart kjent. ”Det vakte bestyrtelse”, står det i historiebøkene. Og berre fem dagar etter professoratinnstillinga kom, kom muséstyret i Bergen Museum med mottrekket: lønsauke for Helland-Hansen opp til professornivå. I så fall måtte Stortinget gje museet litt ekstra pengar over budsjettet.

Kristianiahatet

Når Helland-Hansen helst ville til Oslo, var vel saka avgjort, tenker ein gjerne med dagens auge. Men det var ikkje slik. Det heile utvikla seg til å bli drakamp om Helland-Hansen på beste sentrum-periferivis, heilt opp til budsjettdiskusjonen i Stortinget, de dei stemte over Helland-Hansen si framtid.

Hovudpersonen sjølv ønska seg til Universitetet, til eit større og tyngre fagmiljø og betre faglege arbeidsvilkår, og eit lettare samarbeid med Nansen. I Bergen vart det framheva at heile miljøet ville lide dersom Helland-Hansen forsvann. Dei hevda også at Bergen hadde betre naturgjevne forhold for havforsking. Samarbeidet med Nansen var også mogleg sjølv om Helland-Hansen var i Bergen. Det hadde ein fått bevist med storverket frå året før, The Norwegian Sea: its physical oceanography based upon Norwegian researches 1900-1904 . Dette var jo nettopp eit bokverk gitt ut av Nansen og Helland-Hansen saman.

Hovudpersonen sjølv sa han ville bøye seg for eit stortingsvedtak. Han hadde dei tunge vitskapsmennene på si side og i departementet innstilte ein på å opprette professoratet for han ved Universitetet. Det gjaldt å sikre seg at Helland-Hansen vart verande i landet, ein meinte å vite at han også var ettertrakta til professorat i Berlin. Men Bergen Museum sette omsynet til institusjonen framom omsynet til enkeltpersonen Helland-Hansen. Dei lova gode arbeidsvilkår for han. At Helland-Hansen ville bøye seg for Stortinget, kom han til å angre på, skriv Edgar Hovland i jubileumsboka til Geofysisk institutt I vinden.

”Bergenserne har mobiliseret hele Kristianiahadet imot os ... Det er bare ”principspørsmaalet” Kristiania – Bergen, som er avgjørende, og derimot hjælper ingen argumenter”, står det å lese i eit brev til Helland-Hansen. For i Stortinget vart det avgjort, med 90 mot 17 røyster i Bergen Museums favør.

Les også: Teknologen og havforskaren

Krigen som innhenta vitskapen

Etter Helland-Hansen fekk eit Stortingsvedtak om å bli i Bergen, tok han initativet til å få reist Geofysisk institutt. Mange reknar bygget som ein milepæl på vegen frå Bergen Museum til Universitetet i Bergen. At Helland-Hansen, med hjelp av Fridtjof Nansen også fekk med seg Vilhelm Bjerknes som professor i teoretisk meteorologi, var eit kupp. Men det er ikkje sikkert dei hadde klart det, hadde det ikkje vore for 1. verdskrigen. På ein grotesk måte vart verdskrigen eit lykketreff for det vitskaplege miljøet i Bergen.

I 1913 var Vilhelm Bjerknes henta til ei smigrande stilling som professor i den tyske universitetsbyen Leipzig. Då krigen braut ut, var han i ferd med å bygge opp eit meteorologisk vitskapsmiljø som kunne omsetje den teoretiske læra hans til vêrvarsling i praksis. Men ettersom krigen skreid fram, forvitra det vitskaplege miljøet. Den eine vitskapsmannen etter den andre vart innrullert av militærmaskineriet. Fleire til døden på slagmarka. I 1917 var staben redusert til to doktorandar og to norske unge og uerfarne assistentar, Halvor Solberg og Bjerknes sin son Jack.

Fridtjof Nansen, Bjørn Helland-Hansen og Vilhelm Bjerknes kjente kvarandre frå før. Bjerknes var i mange år professor i teoretisk fysikk i Stockholm, der han utvikla teorien om sirkulasjon og virvelrørsler i væsker og gassar. Dette var i 1898, og først i 1904 publiserte Bjerknes ein kort artikkel i eit meteorologisk tidsskrift. Sigbjørn Grønås, professor i meteorologi ved UiB omset den tyske tittelen slik: ”Problemet værvarsling sett fra mekanikkens og fysikkens ståsted”. Dette er truleg den første vitskaplege analysen av problemet vêrvarsling, og var ei syntese av tankane hans frå lange studiar i hydro- og termodynamikk, skildrar Grønås i eit føredrag i NRK i januar i år.

Medan Bjerknes var professor i Stockholm, fekk han ein assistent sendt over til seg frå venen Fridtjof Nansen i Oslo. Assistenten var nettopp Bjørn Helland-Hansen. Bjerknes såg at sirkulasjonsteorien også kunne nyttast for oseanografi og astrofysikk. Og i 1903 publiserte Helland-Hansen ein artikkel saman med svensken Johan Sandström, der oseanografiske data kunne brukast til å berekne havstraumane matematisk. På same måte som i meteorologien fornya teorien vitskapen om dei fysiske forholda i havet. Også oseanografi gjekk over frå å vere ein vitskap basert på kvalitative tolkingar av observasjonar, til å kunne bruke observasjonane i ein matematisk teori. Boka til Nansen og Helland-Hansen The Norwegian Sea  er det første store verket innan dynamisk oseanografi og reknast som ein milepæl i forståinga av sirkulasjonen i Norskehavet.

Eit akademisk sidesprang
Tilbake til 1917 og situasjonen til Vilhelm Bjerknes i Leipzig, der den vitskaplege staben var redusert. I Bergen tok Bjørn Helland-Hansen initiativ til å dra til den tyske universitetsbyen for å høyre om ikkje Bjerknes kunne tenke seg å starte på ny på Vestlandet. Med på laget hadde han med seg Nansen. Etterkvart pakka Bjerknes sakene sine, og kom til Bergen saman med sine to assistentar, Harald Solberg og Jack Bjerknes. Slik kan den første verdskrigen kan seiast å vere ei av årsakene til at ein har Bergensskolen i meteorologi, snarare enn Leipzigskolen i meteorologi.

Men sjølv om Vilhelm Bjerknes er rekna som den moderne meteorologiens far, rekna Bjerknes sjølv meteorologien som eit sidespor. Bjerknes var i utgangpunktet fysikar. Etter han utvikla teorien om sirkulasjon og virvelrørsler i væsker og gassar, reknar historikarar med at Bjerknes ville sjå nærare på korleis vekselverknaden mellom termodynamikk og hydrodynamikk ville arte seg i luft og hav. Og ved å overføre desse teoriane til meteorologi, snudde ein oppned på vitskapen om atmosfæren. Med denne teorien kunne ein berekne været.

Etablerte Vervarslinga

I Bergen, som hadde eit ganske lite forskingsmiljø, sette Bjerknes i gang arbeidet med å bygge opp det vitskaplege meteorologiske miljøet. Han tidobla observasjonsstasjonane i Noreg, for å ”få eit skarpare inntrykk av værets ansikt”. Han etablerte eit samarbeid med Bergens-avsnittets sjømilitære distrikt, der sjøfolk og fiskarar som hadde lang erfaring i å observere været, sendte observasjonar tre gongar dagleg. Etter eit kvarters samtale med statsminister Gunnar Knudsen, fekk Bjerknes 100 000 kroner til eit forsøk på offentleg værvarslingsteneste for juli, august og september 1918. I dag er 1. juli 1918 er rekna som fødselsdagen til Vervaslinga på Vestlandet.

Då Bjerknes var 63 år gammal, i 1925, slutta Bjerknes ved Geofysisk institutt. Tida var inne for å vende tilbake til fysikken, og han reiste til Oslo for å overta eit professorat i mekanikk og teoretisk fysikk. Men i Bergen var det etablert eit vitskapleg fagmiljø som fekk lang rekkevidde i meteorologi og oseanografi. Og Helland-Hansen, som helst ville til Oslo, vart verande i byen. Han var med og utvikla Christian Michelsens institutt, og gjekk først av som professor ved Bergen Museum i 1946, det samme året som UiB vart etablert.

 

Saka er henta frå Hubro 1-11