Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra Hubro

Stinkande spor av liv

På havbotnen er det alltid mørkt. I lyset frå undervassroboten leitar forskarane etter liv, liv som kanskje kan fortelje om byrjinga på evolusjonen. Det stinkar.

Dei vanlegaste vesena som lever kring dei hydrotermale felta er medusahovud,...
Dei vanlegaste vesena som lever kring dei hydrotermale felta er medusahovud, sjøliljer og anemoner. Dei lever av partiklar i vatnet som strøymer forbi.
Foto/ill.:
David Shale / Senter for geobiologi

Hovedinnhold

Denne saken er hentet fra Hubro.

I djupet utanfor Jan Mayen fins det eit undersjøisk fjell. Det stikk opp frå havbotnen til 600 meter under overflata. Her fins det stader som heiter Galionella Garden, Soria Moria og Trollveggen. Me er i eit område på den midt-atlantiske ryggen, der kontinentalplatene rører seg bort frå kvarandre. Det er eit vulkansk område, med eit riss av ein stor kaldera, ein kraterliknande vulkantopp, som vitnar om eit stort utbrot ein gong i tida. 600 meter høgare oppe, på havoverflata, voggar eit skip i dønningane. Det er forskningsskipet G.O.Sars, med tjue forskarar ombord. Det er biologar, mikrobiologar, geokjemikarar, oseanografar og geologar. Alle lurer på kva som skjer nede på havbotnen der dei store skorsteinane slepp ut varmt vatn fullt av mineral, vatn som har blitt varma opp i berggrunnen av magmaen sitt nærvere.

Tromsø: 18. juli:

– Eg trur det er dit me skal, til den båten med kula på, seier eg til tromsøkvinna som køyrer meg og pikkpakket mitt til båten eg skal vere med.

Klokka er to minuttar på fem, innimellom kontainarane og terrorgjerdet ser eg ein gråkvit båt ligge til kai. Det er G.O.Sars. Her skal eg vere i ti dagar, saman med forskarar og mannskap.

Klokka vert nærare åtte før fortøyingane vert løyste. To dagar tar det å køyre til Jan Mayen. Det er to dagar i strålande ver, to dagar med blikkstille hav, stillare enn eg i det heile hadde forestilt meg at havet kunne vere. Midtnattsola insisterer på å gjere alt vakkert og gjer oss passe døgnville. Til frukost neste dag ser eg ei halefinne som slår opp og forsvinn i djupet i det fjerne. Det baskar i overflata.

Mannskapet på brua ser kval og spekkhoggarar rett som det er. Men ikkje når me førstereisande står og speidar. For dei kjem ikkje når me står og ventar, må vite. Til kveldsmaten ser me ryggfinner bukte seg gjennom overflata.

Mandag 20. juli:

Ei luke på hangardekk opnar seg. ROV-en, undervassroboten Bathysaurus, er klar til første dykk. Gul og fin forsvinn den nedover. Meter på meter med tjukk wire vert sleppt ut.
Naturfotografen David Shale styrer kameraet. Det er det som er vårt auga i djupet. Endelause mengder marin snø forsvinn i lyset frå lykta framom kameraet. Me sit spente stabla oppå kvarandre i filmrommet til David.

Etter ein halvtime er me nede i Gallionella Garden. Botnen er rustraud, gul og brun.
– Oi, sjekk det fine slimet!, utbryt mikrobiologen Lise Øvreås.

Slikt slim vil ho gjerne ha tak i. Slimet er fullt av jarnoksiderande bakteriar, og desse vil mikrobiologane gjerne presse nye svar ut av.

Kubein, dørmatte og vedkubbar

Livet kring dei varme kjeldene på havbotnen eksisterer under ekstreme forhold. Vatnet og gassane som slepp ut frå grunnen inneheld metan, hydrogen, svovel og jarn. Temperaturen på væskene og gassane er opp til 300 grader, midt i det iskalde vatnet i Norskehavet. Det er ikkje eit venleg miljø i menneskeleg forstand.
Men forholda kring varmekjeldene kan likne forholda då evolusjonen tok til den gong jorda var pur ung. Difor vil forskarane finne meir ut av livet der nede.
Kan dei fortelje meir om livet på jorda og kanskje andre planetar?
Biologiprofessor Christoffer Schander lar bakteriar vere bakteriar og konsentrerer seg om dei små dyra som lever kring varmekjeldene. Med seg på båten har han eit sett med eksperiment som skal setjast ut tre ulike stader.
Skuffa til Bahtysaurusen lastar han med eit kubein, ei dørmatte med to vedkubbar og ein lang pinne med seks cd-plater festa på.

– Nei, dette er ikkje særleg hi-tech, flirer Schander.
CD-platene er nøytrale overflater han vil sjå om larvene festar seg til. Dørmatta har fine holer som organisamane kan lure seg inn i mellom. Vedkubbane er for å finne dyr som lever på synketre, og tilsvarande for kubeinet som simulerer sunkne kvalbein.

Lange bakteriehår

Båten er flytta fem kilometer lenger sør. Undervassroboten går ned ved feltet som er kalla Soria Moria. Ein heil steinvegg er dekka av kvitt, langt hår som bølgar i straumen. Det er lange bakteriar, gigantiske svovelbakteriar.

– Wow, noko slikt har eg aldri sett før, dette er fantastisk, seier Lisa Levin, den amerikanske biologen.

I lykta frå Bathysaurus dukkar to store skorsteinar opp i djupet. Den eine er tre meter høg og har fått namnet Lilleputt. I denne skorsteinen er det futt. Det stikk fleire greiner ut der det strøymer varme væsker. På toppen ser det ut som ei kvit flamme der væska strøymer ut.

– Det er truleg fordi vatnet kokar akkurat der det strøymer ut. Kokepunktet er på 260 grader, seier Marvin Liley, den amerikanske oseanografen.
Liley vil ha væskeprøvar frå kjeldeutløpet. Undervassrobotpilotane stikk sondene inn i den eine toppen til Lilleputt. Den knekk, skorsteinen rasar til botnen. Ny manøver, skorsteinen knekk igjen.

Den vesle flammen gir seg ikkje. Den sprutar ut av stadig nye hol etterkvart som den tre meter lange pipa stadig vert kortare. Til slutt får Liley prøvane sine og Lilleputt oppfyller namnet sitt.

– Me kom til å rive den ned også då me var her sist. Den har vakse tre meter på to år, så den kjem nok opp att, forsikrar toktleiar Rolf-Birger Pedersen.

Fredag 25. juli:

Eg står opp og det luktar svovel i gangen utanfor lugaren. Me søv nederst i båten, under laboratoria og hangardekket der Bahtysaurusen held til. Dagen før henta Bathysaurusen opp kvite bakteriematter fulle av svovel.

I eitt av dykka fekk roboten med seg ei heil skuffe sediment. Sedimenta reiste ei 600 meter lang ferd i iskaldt vatn opp til overflata. Likevel var det ein temperatur på 93 grader i skuffa då Bathysaurusen stod på dekk. Ivrige mikrobiologar brant seg på hendene. Og det stinka svovel. Eg rynka på nasa. Klarte knapt å puste. Både mannskap og forskarar skar grimasar og fekk eit vridd drag om munnen. Men mikrobiologane berre grov etter kvite bakteriar.

Det er fredag. Det er siste dag med prøvetaking.
– I dag må me prioritere hardt. Mange vil ha fleire prøvar, me skal prøve å få til fire dykk i dag, seier toktleiar Pedersen på møtet etter frukosten.
Det er siste sjanse å få med seg prøver til å forske på dei kommande månadane i heimlege laboratorie. Roboten går opp og ned. Eitt av dykka varer i timesvis. Pilotane finn ikkje det dei skal. Det vert berre tre dykk.

Mannskapet er utolmodige. Dei vil ha eit par timar på land før leggjetid. Når vi andre går i land, skal mannskapet segle vidare med ei ny gruppe forskarar om bord.
Ikkje før midnatt set kapteinen maskina i gang. Det tok to døgn ut frå Tromsø. Like lang tid tar det til Bodø.

Men mannskapet veit råd. Båten går fortare enn nokon gong. Då me søndag får servert pizza i messa, glir G.O Sars sakte inn i Bodø hamn. Klokka er seks.

Fakta

Forskningstoktet: Senter for geobiologi på Universitetet i Bergen sendte forskarar frå Russland, USA, Sveits, Portugal og Noreg ut på tokt til havbotnen like utanfor Jan Mayen, der ein finn hydrotermale felt. Forskarane hentar prøvar av organismar, sediment og væsker frå området.

Senter for geobiologi: Forskarane på senteret ønsker å få ei grunnleggjande forståing for korleis livet på jorda oppstod i skjæringspunktet mellom geologi og biologi. Vilkår for liv i ekstreme miljø vert undersøkt, blant anna ved dei hydrotermale kjeldene nord på den midtatlantiske ryggen.

Hydrotermale felt: Område med varme kjelder og geysirar. Desse finn ein ved område med vulkansk aktivitet eller der magmaen er nær nok overflata til å varme opp væsker. Hydrotermale felt finn ein på land og til havs, ved midthavsryggar og subduksjonssoner.

Jan Mayen: Norsk øy i Norskehavet på den midtatlantiske ryggen. Øya vart oppdaga tidleg på 1600-talet, namnet har øya etter nederlenderen Jan Jacobs May van Schellinkhout som vitja øya i 1614. Her finn ein Noregs einaste aktive vulkan, Beerenberg. Vulkanen måler 2277 meter over havet og hadde sitt siste utbrot i 1985.