Kvale vann dekanvalet
Som den einaste kandidaten vart Gerd Kvale måndag vald til ein ny periode som dekana ved Det psykologiske fakultet. Ein av hennar første utfordringar vert truleg å gjeninnføra instituttordninga ved fakultetet.
Hovedinnhold
Måndag bestemde fakultetsstyret at noverande dekan Gerd Kvale får ein ny periode i setet som Det psykologiske fakultet sin øvste leiar, med Jarle Eid som prodekanus og Norman Andersen som visedekan. Det vart dermed ikkje noko dekanval ved fakultetet, det har si forklaring i at Kvale var den einaste kandidaten som vart lansert. Dermed vart det opp til fakultetsstyret å velja dekanen, noko som er i tråd med valreglementet for val av dekan og prodekan.
– Klårt mandat
Forslaget som lanserte Kvale og Eid vart sendt inn med rundt 80 signaturar, frå fleire grupper på fakultetet.
– Forslaget var forankra i alle faggrupper, forskarar, studentar og tilsette. Eg meiner at dette var eit klårt og tydeleg mandat. Det var noko eg ynskte for å fortsetja ein periode til, seier Kvale til På Høyden. Ho var naturleg nok inhabil og ikkje i salen då saka vart teke opp til votering, men er fortald at ho vart røysta til ein ny periode med akklamasjon.
– Korleis tolkar du at du ikkje fekk nokon motkandidat?
– Kanskje det rett og slett ikkje var nokon som ønska å stilla? Det er ein krevjande jobb, og kandidatane pleier ikkje akkurat å stå i kø. Eg oppfattar det nok også som eit klårt mandat og eit uttrykk for at fakultetet hadde eit ynskje om at eg skulle fortsetja. Og eg har svært gode folk med på laget.
Kamp for ressursar
Ho har fleire utfordringar å ta fat i som leiar for det ho kallar eit fakultet i utvikling.
– Me har klart oss bra denne perioden. Det er presentert god forsking, me klarer å få ekstern finansiering, me er internasjonalt forankra og har fire forskarskular. Dette er eit fakultet der alle er opptekne av fagleg utvikling.
Fagleg utvikling er likevel ikkje gratis, meiner ho.
– Det er ein evig kamp for ressursar på alle nivå. Me må vera gode nok til å vinna i kampar om ekstern finansiering, og når me vinn, må me ha skapt oss eit handlingsrom til å kunna ta imot, både med tanke på samanhengande tid til forsking, og ofte også eigenandelar. Fortsatt vekst og utvikling gjev seg ikkje sjølv.
Relanserer instituttordning
Ein annan utfordring Kvale og Det psykologiske fakultet står ovanfor er å venda tilbake til ordninga med institutt. For to år sidan gjekk ein inn i ein prøveperiode som eit instituttlaust fakultet. Etter å ha gått gjennom det valstyret kallar ei omfattande evaluering, bestemte fakultetsstyret seg for å gå for å innføra instituttordninga att.
I samband med dette bed dei også Universitetsstyret om å utsetja valet på nytt fakultetsstyre, og at det gamle får sitja til i slutten av august. Saka kjem opp på møtet i Universitetsstyret på torsdag, og universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken tilrår at funksjonstida til styret ved Det psykologiske fakultet vert forlenga til 1. september.
Sakna struktur
– Kvifor vil ein gå vekk frå den instituttlause ordninga?
– Gjennom ei brei evalueringsprosess der me også brukte fokussamtalar for å få tilbakemeldingar frå alle delar av organiasjonen, kom det fram at fleire sakna ein fagleg struktur og tilhøyrigheit, og at ein vil ha tydelegare personalleiing, seier Kvale.
Ho er sikker på at ein skal koma fram til ei god løysing.
– Det er nok ulike synspunkt på kva som er det optimale. Det viktige framover er å vera lydhøyr for dei ulike synspunkta, og jobba oss fram til løysingar alle kan leva med, avsluttar ho.