Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Lang fødselspermisjon gjev skulevinnarar

Barn som får vere heime med mor i løpet av sitt første leveår blir skulevinnarar. – Færre av desse barna droppar ut av vidaregåande skule, seier Katrine Vellesen Løken.

Hovedinnhold

Med jamne mellomrom dukkar diskusjonar om skulevesenet, karakterar og fråfall opp i mediene. No viser ny forsking at barn som har fått vere heime med mor i løpet av sitt første leveår i større grad lukkast på skulen.

– Spesielt ser vi at færre av dei droppar ut av vidaregåande skule, men vi ser også ein effekt når det gjeld høgare utdanning. Fleire av dei som hatt heimeverande mødre i løpet av det første leveåret tek til med høgare utdanning, seier Katrine Vellesen Løken, stipendiat ved Institutt for økonomi.

Ved hjelpe av registerdata med informasjon om befolkninga over tid, har ho vurdert i kva grad velferdsstaten lukkast med reformar som mellom anna auka fødselspermisjon og betre barnehagedekning.

– Avgjerande første år

1. juli 1977 vart det innført omfattande endringar i kvinner sine rettar til fødselspermisjon. Frå å ha krav på tre månader ubetalt permisjon fekk ein høvet til fire månader betalt permisjon og i tillegg eitt år med ulønna permisjon. Datamaterialet viser imidlertid at mange av mødrene på dette tidspunktet var heime lenger enn fødselspermisjonen la opp til. I snitt gjekk mor frå åtte til tolv månader etter reformen, ifølge Katrine Vellesen Løken. Bortsett frå mor sine rettar til meir permisjon, har dei barna som er født rett før og rett etter reformen lik gjennomsnittsbakgrunn. Dermed kan studien evaluere den direkte effekten av at mor var meir heime.

Mødrene sine utvida moglegheiter for å vere heime med barnet det første året viser seg å ha hatt god verknad på barna sine utdanningsløp. Den positive effekten på utdanning er størst i dei tilfella der mor har låg utdanning og der mor utan reform hadde teke lite permisjon.

– Dette seier noko om kor viktig det første året er med tanke på stabilitet og at barnet vert utsett for lite stress, seier Løken.

Ho peikar også på amming som ein mogleg faktor. Samstundes understrekar ho at det å vere heime med mor første leveår ikkje er ei fullverdig forklaring på kvifor enkelte fullfører vidaregåande skule medan andre droppar ut.

– Mellom anna er familiesituasjonen i sin heilskap med på å påverke, seier ho.

Pappapermisjon vart innført først i 1993. Barna som er født etter dette har enno ikkje kome langt nok i utdanningsløpet til at datamaterialet kan fange opp effekten av å vere heime med far.

Betre karakterar av barnehage

Løken har også sett på effekten av å gå i barnehage. Ho har teke omsyn til bakgrunnen til dei barna som er med i registermaterialet for å luke ut feilkjelder og samanlikna barn frå familiar med om lag same inntekt, der nokon får billegare barnehageplass enn andre, men elles har lik gjennomsnittsbakgrunn. Undersøkjinga viser at det å gå i barnehage har ein positiv verknad på barna sine karakterar på ungdomsskulen.  

– Fordelen med barnehagar i høve til det å bruke ufaglærte er at dei har arbeidskraft med pedagogisk utdanning. Barnehagar er også av ein viss storleik. Dermed får barna sosial trening gjennom leiken, seier ho.

Datamaterialet dreier seg om barn som er født på slutten av 80-talet og som var i alderen 3-5 år då dei gjekk i barnehagen. Det er dermed framleis for tidleg å seie om det å gå i barnehage har effekt på høgare utdanning.

Løken meiner at staten i stor grad har lukkast i dei store velferdsreformane.

– Dersom ein måler etter barna sitt utdanningsutfall, så har forlenga fødselspermisjon og auka barnehagedekning vore ein suksess, seier ho.  

Artikkelen er henta frå internavisa På Høyden.