Hjem
Kommunikasjonsavdelingen

Falske forteljingar med fatale følgjer

Einkvar dom i ein rettssal er basert på ei forteljing. Kva som fører til falske forteljingar og justismord, vil litteraturprofessor Arild Linneberg finne ut av.

Hovedinnhold

Eit av dei mest kjente justismorda som har skjedd i Noreg er saka mot Fritz Moen. Han vart dømd for to drap og sona mange år i fengsel, heile tida medan han hevda seg uskuldig.

I saka mot Moen vart ei rekke bevis og indisium oversett og omgått for å konstruere historia om drapa slik at Moen var drapsmannen. Til dømes vart tidspunktet for det eine dødsfallet flytta, slik at det passa med eit tidspunkt då han ikkje hadde alibi. At blodtypen som vart funnen på offeret heller ikkje stemte med Fritz Moen sin, vart oversett. Ved fleire høve mistolka døvetolkane kva den døve Moen sa i retten og i avhøyr. 

Først når ein annan mann seinare innrømte på dødsleie at han var gjerningsmannen, vart Moen frikjend.

Å tolke eller mistolke teikn

Litteraturprofessor Arild Linneberg gjekk første mars i gang med forskingsprosjektet Justismordets dramaturgi. Om konstruksjonen av falske fortellinger i retten. Målet i det lengste løpet er å styrke rettstryggleiken, ved å  hindre at fiktive forteljingar vert konstruert.

Ifølge Linneberg er dette det første forskingsprosjektet på UiB på tvers av humaniora og juss. I forhold til jussen kan humanistar bidra med kunnskap om teatralitet og forholdet etikk/ retorikk.

– Tidlegare var jussen ein humanistisk disiplin. I dag er det eit manglande medvit om fortolking og retorikk. Men det er det dei driv med heile tida, seier Linneberg.

Linneberg peiker på at ein dom tar utgangspunkt i ei forteljing om kva som har skjedd. Med forteljinga er ein over i litteraturen. I justismordet er forteljinga rein dikting, retten konstruerer ein historie for å felle ein dom.

– I eit justismord finn ein mange falske teikn utan innhald. Juristane må tolke teikna riktig. Historia om justismordet byrjar allereie i etterforskinga, seier Linneberg.

Teatralitet i retten

Linneberg har arbeidd i krysningsfeltet litteratur, lov og rett sidan 1996, etter han sjølv var involvert i ei rettssak. Historia som vart skapt i retten den gongen, kjende han seg ikkje att i.

– Det gjorde at eg gjekk tilbake på kontoret og byrja å kikke på litteraturhistoria på ny, seier Linneberg.

Litteraturhistoria er full av tekstar som omhandlar rettssystem. Sidan den greske antikken finn ein tekstar om forholdet rett/ urett og ulike rettssystem. Linneberg peiker på at Bibelen i seg sjølv er ei lovbok. Islendingesogene, og særleg Njålssoga, handlar i stor grad om rettsprosessar. Ludvig Holberg var sjølv jurist, og tar opp mange juridiske spørsmål i sine komediar.

Jeppe på Bjerget er til dømes eit justismord. I Niels Klims underjordiske reise, observerer Klim rettssystema der han kjem. Ein kan nemne Kafka sin Prosessen og Dostojevskij sin Forbrytelse og straff, seier Linneberg.

Sidan 1997 har han tilbode litteraturstudentar kurs om teateret og forteljinga si rolle i rettssalen.

– Det som utspeler seg i retten er eit slags teater. Det kan bli voldsamt. Mange instansar er med, deriblant media, seier Linneberg.

Han peiker på døme frå NOKAS-saka, der dei tiltalte vart førte inn med fotlenkjer. I Treholt-saka, retten haldt i ein eigen spesialbygd bunkers inne i tinghuset, snikskyttarar låg på taka og Treholt vart ført inn med handjern og fotlenkjer.

– Ei slik iscenesetjing seier ein at dette er ein svært farleg mann. Rettsprosessen er på mange måtar eit simulakrum, ei digitalt produsert teiknkjede, seier Linneberg.

Justismord på detaljnivå

Linneberg meiner at medvitet om justismord lenge har vore lågt i Noreg. Ifølgje han har det sidan Johan B. Hjort publisererte si bok Justismord i 1952, berre kome ut to bøker om emnet.

I løpet av tida Linneberg har arbeidd med feltet litteratur og juss, har han bygd seg opp eit nettverk kring dette feltet. Forskingsgruppa er tverrfagleg og består av juristar, litteraturvitarar og historikarar først og fremst i Norden, men også med greiner til USA, der det er ein lengre tradisjon for koplinga mellom litteratur og juss.

I forskingsprosjektet vil Linneberg og dei to postdoktorane som vert tilsett i prosjektet, Bjørn C. Ekeland og Johan Dragvoll, gå inn i historiske saker og to uavklarte aktuelle saker som Torgersensaka og Treholtsaka.

– Det finnest justismord også på detaljnivå. Det kan vere på NAV til dømes, Det er mange små og store lovbrot som finn stad i det offentlege systemet, seier Arild Linneberg.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.