Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Forskningspolitikk fengar ikkje folket

Valkampen nærmar seg slutten, og forskingspolitikk har stort sett glimra med sitt fråver frå debatten. Kvifor det?

Hovedinnhold

– Ein treng ei slags krise for å setja forskingspolitikk på dagsordenen. Folk flest er ikkje opptekne av forskingspolitikk i det heile, og dermed snakkar ikkje politikarane om det i valkampen, seier Jarl Giske, instituttleiar ved Institutt for biologi.

– Eg trur det er vanskeleg å skapa entusiasme for forskingspolitikk. Det er vanskeleg, abstrakt og druknar i meir umiddelbare tema som barnehageproblematikk og eldreomsorg i valkampen, seier Gjert Kristoffersen, dekan på Humanistisk fakultet.

– I dag får me for knappe basisløyvingar til forsking og utdanning. Det set heile kvalitetsreformen i fåre, legg han til.

Les også: Her er UiBs valgeksperter

Uhøyrte kvileskjer

Frank Aarebrot er samd med sine kollegaer. Forskningspolitikk fengar ikkje folket

– Det er relativt få forskarar i veljarmassen. Det seier litt at ein kan snakka om eit ”kvileskjer” innan løyvingane til forsking. Hadde ein snakka om å ta eit kvileskjer innan eldreomsorg hadde det aldri vorte tolerert,  seier professoren ved Institutt for sammenlignende politikk og viser til tidlegare kunnskapsminister Øystein Djupedal sine kutt i basisløyvingane til universitet og høgskule. 

Han meiner at politikarane burde sjå samanhengen mellom det dei lovar og korleis dei satsar på forsking.

– Ein snakkar om å byggja eit nytt samfunn, men ein snakkar ikkje om forskning. Alle partia snakkar om at oljealderen snart er slutt. Skal ein ha noko nytt må ein jo forska, seier Aarebrot.

Forskar med formidlingsplikt

Men kva er grunnen til at politikarane ikkje snakkar om og at folk flest ikkje er opptekne av forskingspolitikk? På Høyden har tidlegare rapportert frå eit møte i Oslo der det vart påpeika at forskarane ikkje var flinke nok til å nå fram med krava sine.

– Dere er ikke like verdige ofre som andre. Det blir ikke noen demonstrasjon utenfor Stortinget over post.dok’er, sa Høgre-leiar Erna Solberg til dei frammøtte i Litteraturhuset i august.

Trine Eilertsen, sjefredaktør i Bergens Tidende, har hevda at forskarane må ta ein del av ansvaret for at forskingspolitikk ikkje står på agendaen.

”Skal forskning bli tema for velgerne, og dermed politikerne, må forskningsmiljøene fortelle hvorfor vi trenger dem”, skreiv ho i ein kommentar på torsdag.

Jarl Giske er samd med BT-redaktøren i at forskarane har eit krav på seg om å koma på banen.

– Det har ho heilt rett i. Forskingsformidling handlar om å fortelja det norske folk om gleden og nytta ved å vera forskar. Slik kan me rekruttera fleire til forskinga. I tillegg har ein ei plikt til å fortelja skattebetalarane kva pengane deira går til, om det no er brunsniglar eller CO2-reinsing det er snakk om. Men mange feiler i formidlinga, seier Giske som peiker på at grunnforsking er endå vanskelegare å formidla viktigheita av.

Gjert Kristoffersen meiner det ikkje berre er forskarane som skal stillast til ansvar for at dei er lite i media.

– Eilertsen bommar litt. Det er ikkje noko fråver av interesse for forsking i samfunnet. Sjå på det populære Vitensenteret, til dømes. Ein kan verta endå betre på formidling, men det er ikkje alltid like lett å få gjennomslag i media.

Bjarne Meidell er Forskerforbundet sin mann ved UiB. Han meiner forskarane slepp for lite til i media.

– Det er viktig at forskarane får fram at dei jobbar for framtida, men det handlar litt om kva media vel å satsa på. UiB har mykje flott forsking å visa til, og i Forskerforbundet er me opptekne av å rosa dei gode formidlarane, meiner Meidell.

– Slenger på røyret

Frank Aarebrot trur ikkje Trine Eilertsen sikta på han i kommentaren sin.

– Kommentaren er nok mynta på dei forskarane som er så sjølvopptekne at dei legg på røyret når ein journalist ringer. Det gjer ikkje eg, men det er dessverre nok av dei som berre slenger på røyret, seier Aarebrot.

Han trur faget hans får positiv merksemd av at han er i media.

– Eg har eit inntrykk av at fleire og fleire veit kva Institutt for samanliknande politikk er og kva me gjer. Det er enkelt å koma i avisa som politisk forskar, dei fleste aviser har jo ein politisk redaksjon. Det er nok vanskelegare for ein biolog å få presse. Men fleire burde koma på banen, til dømes trur eg både filosofar og psykologar har mykje å seia i saker media tar for seg. Forskarane kan gjera meir for å setja forskinga på dagsordenen. Men hovudansvaret for at forskingspolitikk er lite debattert og at forskinga har for lite pengar er politikarane sjølve, avsluttar Aarebrot.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.