Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Opnar for både valt og tilsett leiar

Det kan bli både valte og tilsette instituttleiarar på UiB i framtida. Men fakulteta må bestemme seg for det eine eller det andre.

Hovedinnhold

Torsdag skal universitetsstyret ta stilling til framtidig styreform på institutt- og fakultetsnivå ved UiB. På bakgrunn av Rokkanundersøkinga, Giljeutvalet sitt drøftingsnotat og høyringsrunden, går universitetsdirektøren inn for at instituttleiaren anten kan vere valt eller tilsett. Men kvart fakultet må velje ein av rekrutteringsmåtane for sine institutt. 

I Rokkanundersøkinga kjem det fram at ei relativt stor gruppe vitskapleg tilsette ved alle fakultet ønskjer valte instituttleiarar. Samstundes kjem det fram at eit fleirtal tilsette meiner ansvarsforholdet ved institutta har blitt klarare med dei tilsette leiarane.

Ny rolle for rådet

På universitetet har i dag alle institutt tilsette instiuttleiarar med eit rådgjevande kollegialt valte instituttråd. I drøftingsnotatet frå Giljeutvalet og i høyringsrunden, kjem det fram ei misnøye blant tilsette med dei nye instituttråda. Innføring av instituttråd har ført til eit demokratisk underskot, vert det hevda, der dei tilsette har langt mindre påverknad på avgjersle på institutta enn tidlegare.

Giljeutvalet oppmodar om at ein på instituttnivå tar omsyn til dei tilsette sine ønske om større kollegial innflytelse og samstundes legg vekt på strategisk handlingsrom på leiingsnivå. I tråd med dette går universitetsdirektøren inn for ein gjennomgang av mandatet og samansetjinga til instituttrådet, fram til neste universitetstyremøte.  

Då Det humanistiske fakultet gjekk over til tilsette instituttleiarar med instituttråd, var Stein Haugom Olsen den einaste på instituttet som vart tilsett eksternt. Haugom Olsen meiner det er viktig med ei sterk fagleg leiing.

– Norske akademiske leiarar bør vere internasjonale forskingsleiarar. I Oslo er dei no i ferd med å gå motsett veg, der er det opna for at ein kan ha tilsette instituttleiarar med berre administrativ bakgrunn, det har eg ikkje tru på, seier Haugom Olsen.

Endringar oppover i systemet

Samstundes som UiB innførte leiingsreforma på instituttnivå, vart det ikkje gjennomført endringar på nivået over, fakultetet. Haugom Olsen meiner leiingsreforma på instituttnivå ikkje er følgt opp vidare oppover i systemet.

– Eg saknar debatten kring einingane si form. Kva slag leiing skal dekanane utøve i samarbeid med instituttleiarane?, spør han.

Han meiner føresetnadene for jobben som instituttleiar er ikkje følgt opp i forhold til fakulteta. Han skulle ønskt ein i innføringa av store og tunge institutt også gav instituttleiarane større påverknad på fakultetet sin strategi.

Opnar ikkje for prøveordning

I høyringsrunden har dei tre fakulteta Matematisk- naturfagleg, medisinsk- odontologisk og juridisk fakultet bedt om å få prøve ut ei ordning der fakulteta har tilsette dekanar. Sjå innlegg frå dekanane ved dei tre fakulteta.

I innstillinga til universitetsstyret vert det ikkje opna for ei slik løysing. I innstillinga vert det lagt vekt på Rokkanundersøkinga der eit fleirtal vitskapleg tilsette ønskjer valte dekanar. Derimot vert det opna for at dei fakultet som ønskjer det, kan gå over til einskapleg leiing, der den valte dekanen blir den øvste leiaren ved fakultetet. 

– At det vert opna for å gå over til ei einskapleg leiing ved fakulteta, er eit framsteg og vil løyse nokre av problema, seier Ernst Nordtveit, dekan ved Det juridiske fakultet.

Han meiner ei ordning med tilsett dekan vil styrke det moglege rekrutteringsgrunnlaget, ettersom ein får større tilfang av moglege kandidatar også utanom fakultetet. Han peiker på at val av leiarar lett fører til at det leiarstillinga går på rundgang, der ein må velje mellom dei som er ved fakultetet. Ein risikerer også at nokon vert dekan fordi det er vedkommandes tur, ikkje fordi vedkommande ønskjer det eller er motivert for å leie fakultetet.

– Når eit system med tilsett dekan får fungert ei stund, får me utvikla gode forskingsleiarar. Ein tilsett dekan vil ha ei klarare fullmakt og stå sterkare for å drive fakultetet, seier Nordtveit.

At universitetsdirektøren innstiller til at ein fram mot neste universitetsstyremøte skal gjennomgå mandatet til dekanen og fakultetsstyra, synest Nordtveit er positivt, men ikkje tilstrekkeleg.

– Eg meiner dette er ei overmoden reform som i det minste burde vore innført som obligatorisk ordning på alle fakultet, seier Ernst Nordtveit.

Denne artikkelen er hentet fra På Høyden.