Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nytt frå Hubro

Kvinnenes mann i sør

Bernt Lindtjørn jobbar for å redde livet til fødande kvinner i Sør-Etiopia. Nøkkelen er å lære ikkje-legar å operere.

BARN I KEMBA: Bernt Lindtjørn vil utdanne ein helseoffiser med spesialisering...
BARN I KEMBA: Bernt Lindtjørn vil utdanne ein helseoffiser med spesialisering i barnesjukdommar. No finst det ingen med slik kompetanse i fjella i Sør-Etiopia.
Foto/ill.:
Hilde Kvalvaag

Hovedinnhold

6. januar 2010 Arba Minch, Sør-Etiopia: Det er etiopisk jul på sjukehuset i Arba Minch. Rom etter rom er nesten tomt. Men det er nokon som ikkje kan reise. På avdeling for kvinnesjukdommar ligg kvinner på magen i sengene og ser på oss. I dette store lyse rommet luktar det sterkt av urin. Ei kvinne med eit fortvila ansikt har reist seg frå senga. Ho har bak seg ein misslukka operasjon og beina hennar er opphovna som komplikasjon av urinlekkasje.

– Vi sender henne til Addis Abeba. Det skal ordne seg, seier Bernt Lindtjørn.  

Problemløysing
Nokre dagar før var eg i ferd med å få eit delikat problem. Trøytt etter ei lang reise stod eg på parkeringsplassen på Paradise Lodge der eg skulle bu under opphaldet i Arba Minch. Sjåføren som hadde køyrd dei førtifem mila ned frå Addis Abeba ville ha 140 dollar ekstra for bensin. Men eg hadde allereie betalt for bensin. Eg ringde Bernt Lindtjørn som på flytande amharisk løyste situasjonen. Problem nummer to oppstod like etter: Då eg skulle sjekke inn på Paradise Lodge fekk eg vite at dei ikkje hadde rom, endå det vart bestilt for lenge sidan. Før det var gått to minutt, stod Bernt Lindtjørn der. Då hadde dei rom.

Bernt Lindtjørn er professor i internasjonal helse ved Universitetet i Bergen og er fødd og oppvaksen i Etiopia. Her han har arbeidd som UiB-forskar og misjonslege for Norsk Luthersk Misjonssamband i over tretti år. No har han budd i Arba Minch i eitt og eit halvt år. Han er der på forskingsopphald. Eller meir presist: Han arbeider som lege, han forskar, har administrerer, han meklar i streikar, han snakkar med politikarar, og ikkje minst er han er vaktmeister.

Ikkje-legar opererer
Det er betring av kvinners helse og liv som er Bernt Lindtjørns store interesse no. Rundt halvparten av alle mødredødsfall i verda finn stad i Etiopia, Nigeria, Kongo, India og Afganistan. I Etiopia døyr nærmare åtte prosent under fødselen. Dette er  90 gongar høgare enn i industrialiserte land og er den vanlegaste dødsårsaka blant vaksne kvinner. Mange har lang veg til sjukehus og når dei kjem dit er det ofte for seint å redde livet deira. Sør-Etiopia har også prekær mangel på legar. Dette skuldast både at det er vanskeleg å få leger til å arbeide på landsbygda og at dei fleste etiopiske legane har reist til Vesten. I eit stort prosjekt Lindtjørn er initiativtakar til er målet å utdanne ikkje-legar til å operere. Desse såkalla helseoffiserane skal tre inn der det ikkje er legar, men dei skal også ha spesialutdanning i mødrehelse. Lindtjørn jobbar med ni sjukehus og helsesenter i Sør-Vest-Etiopia for å bygge opp slik kompetanse. Mange av dei 18 helseoffiserane er allereie ferdig utdanna og i arbeid.

UiB-professoren jobbar også med å gje eit betre helsetilbod til kvinner med fødselsskaden fistula, som gjev kronisk lekkasje frå tarm og urinveg etter fødsel. Kvinnene blir ofte avviste av ektemenn og annan familie og lever bortgøymde liv med store lidingar. På sjukehuset i Arba Minch er det no ei heilt ny avdeling for kvinnesjukdommar, bygd for ei privat gåve til Norsk Luthersk misjonssamband, men drifta av sjukehuset sjølv. Eit anna utfordring for å sikre god mødrehelse er å finne dei sjuke og utsette kvinnene. Sjukehus og helsesentra skal no samarbeide med helsearbeidarar  i kommunane i ein ny modell. Her får kvinnelege helsearbeidarar ansvar for om lag 5000 menneske kvar. Det skal også opprettast fødselsregister, og det er helsearbeidarane som skal utdannast til å registrere fødslar og død.

Misjonens siste mann
Lindtjørn er ein av dei siste representantane i Sør-Etiopia for ein lang kultur og tradisjon. Far hans var ein av grunnleggarane av den etiopiske lutherske kyrkja, Mekane Yesus, seint på 1950-talet, og Lindtjørn og søskena hans vaks alle opp i Etiopia. Norsk Luthersk misjonssamband dreiv ei rekke av sjukehusa i Sør-Etiopia, med Arba Minch-sjukehuset, som det sentrale. I 1978  kom Bernt Lindtjørn  tilbake til Etiopia etter å ha flytta derifrå som 17-åring. Han hadde utdanna seg til lege og kom rett inn i borgarkrigen mellom kommunistgeriljaen og somali-støtta gerilja. Kommunistane sat ved makta og hadde kasta ut alle amerikanske misjonærar og hjelpearbeidarar. Men Lindtjørn og nokre få norske misjonslegar fekk bli. Det var to grunnar til det, trur han. Norske misjonærar tillet fagforeiningar, og det var ingen andre som dreiv helsearbeid i Sør-Etiopia. Sidan den gongen har det blitt stadig færre misjonærar og misjonslegar i landet.  Frigjeringa frå misjonen og utanlandsk personell er noko Etiopia ønskjer. Det ønskjer også dei som har vore lenge i landet, som Lindtjørn. Men enno er han der, og han trengs.

Tropisk fjellvidde
Sola har nett komme over kanten på fjellet og regnskogen under oss gjer seg klar for ein ny dag. Bernt Lindtjørn og kona Magnhild hentar meg i firehjulstrekkaren. Vi skal til fjellbyen Gidole og vitje sjukehuset som Det Norske Misjonsselskap bygde her i 1952. Familien Lindtjørn budde i Gidole i fire år rundt 1980. Landskapet vi køyrer gjennom opp mot fjellet liknar ei tropisk Hardangervidde. På  den 60 kilometer lange grusvegen møter vi nesten ingen bilar, derimot må vi stadig seinke farten for å unngå å køyre på esel, geiter og kveg. I Gidole skiftar Lindtjørn raskt til kvite legeklede med Helse Bergen merke og småjoggar ned på sjukehuset der han skal viser oss rundt, før han” må operere litt”.

På sjukehuset virvlar åtte språk rundt i lufta, pasientane kjem frå mange ulike etniske grupper. Lindtjørn snakkar med helseoffiseren, blir orientert om status for pasientane. Så er det runden for å sjå korleis det står til. Salam, salam, alle blir sett. Eg går etter, kjenner lukta av kroppar med feber, ser ei lita jente i ei seng. Ho har bandasje rundt hovudet. Lindtjørn bøyer seg over henne, undersøker, løfter av bandasjen, viser to djupe kutt som strekker seg over heile hovudet. Ein nabo prøvde å drepe henne med machete, to andre barn vart drepne. Men det skal gå bra med henne, seier Lindtjørn. I neste seng ligg det ein mann som dei mistenker har lepra. På eit anna rom eit nyfødd tvillingpar som  ei psykotisk mor har reist i frå.

– Vi må finne ei løysing for desse, seier Lindtjørn til  pleiarane. Han undersøker babyane og konstaterer at dei verkar sunne og friske.

På ei seng ute i friluft ligg ei kvinne med stivkrampe og ventar på behandling. Rundt henne ventar ein flokk med folk som har vore med å bere henne frå landsbyen. Å kjøre den eine ambulansen som finst set folk i gjeld. Farvel Gidole. Barna spring etter bilen når vi drar.

Gode resultat
På vegen ned frå fjellet besøker vi jordhytter der folk ligg på geiteskinn rett på bakken. Mange kvinner  er på veg heim med veldig tunge vedbører. Mennene driv esel. Ei undersøking viste nyleg at femti prosent av kvinner i Etiopia er utsett for vald. Vald mellom menn er også vanleg i eit samfunn med utbreidd alkoholmisbruk.

Lindtjørn har samanlikna operasjonar gjort av legar og helseoffiserar. I Sør-Etiopia er  det no helseoffiserane  som gjer det meste av akutte operasjonar på fødande kvinner. Ein førebels rapport viser at resultata er gode og dødsrata mindre enn ein prosent. Dødsfalla var flest i Saula, som er eit avsidesliggande område 390 kilometer frå Arba Minch, med heilt nytt sjukehus, Lindtjørn trur at årsaka både er at pasientane her var seine med å komme til sjukehus, og at personalet har kortast røynsle. Ein del av mødrehelseprogrammet er forsking  for å måle effekten av tiltaka. Ifølgje Lindtjørn er målet å identifisere risikofaktorar for død hjå mødrer og spedbarn for slik å kunne redusere talet på døde.

Hungersnaud
Klokka er sju om morgonen, og himmelen er tung av skyer. Vi skal køyre hundre kilometer på grusveg, opp til nesten 3000 meters høgd. I dette området, med sjeldan vakkert fjell-landskap,  bur det fleire hundre tusen menneske. Her jobba Lindtjørn som lege under hungersnauden i 1984. Han delte ut mat i heile Sør-Etiopia og skreiv doktorgrad om helsefølgjene av hungersnaud. Ein million etioparar døydde og kvar femte vart råka under denne sultkatastrofa. Framleis er nokre millionar etiopiarar avhengige av matvarehjelp, og  rundt omkring i fjella ligg det depot.

På vegen stoppar vi og et frukost i ein grimete, liten by. Det er kaldt. Lindtjørn sørgjer for at medarbeidarane får i seg frukost. At det blir tid til ein prat.

– Det er eit viktig element i etiopisk kultur, at ein må snakke med alle. Dei er mistenksame, og om du ikkje pratar blir det sett på som suspekt. Ein må heller  ikkje vente seg for store framskritt for raskt. Vi ser på korleis det var i fjor, og så slår vi fast at det er betre i år. Dei siste ti åra har det vore ei fantastisk utvikling her. Det er ei glede å sjå at dei kvite si makt er redusert og etiopiarane er blitt flinke til å stå på eigne bein.

Det er ingen kvite her oppe på fjellet lenger, men spora etter amerikansk misjon ser ein

fleire stader i Kemba,  Det er dei som har bygd det vesle sjukehuset her som no er overfylt med menneske som ventar på behandling. Helseoffiseren her er ein overarbeidd ung mann. No har han nett tatt keisarsnitt på ei kvinne - barnet døydde men mora lever. Lindtjørn er bekymra for at helseoffiseren jobbar for hardt, men det skal komme ein ny helseoffiser så snart råd er. I tillegg ønskjer Bernt Lindtjørn å utdanne ein spesialist i barnesjukdommar. Borgarmestaren har komme til sjukehuset for å møte Lindtjørn, han har noko han vil fortelje. Dei har sett seg ut ein tomt til nytt sjukehus og har midlar til å sette i gong.

– Dei har visjonar, seier Lindtjørn. Og eg trur at dei kan få det til.

 

Alt går gale, men vi prøver igjen
Mobilen til Lindtjørn ringer ofte, eshi, eshi, eshi, seier Lindtjørn. OK, OK, OK. Alltid tolmodig. Alt som kan gå gale, går gale, slik er det berre. Straumen har gått i Arba Minch, og teknikaren som kunne ha reparert det er med oss i bilen til Kemba, legane vil streike, og ein av dei  nye helseoffiserane er i trøbbel.

Det er noko av lærdommen her, at vi ikkje må late systemet kvile for mykje på ein person, det bør vere minst to helseoffiserar på kvart sjukehus og helsesenter, seier Lindtjørn.  Telefonen ringer igjen. No er det ei god nyheit. Dei vil lage fødselsregister også i ein annan kommune. Ein kvit bygning på ein ås viser seg å vere ein high school for jenter, som Lindtjørn har fått bygd med misjonens midlar.

– Det er veldig viktig at jentene får utdanning, elles får vi inga utvikling, seier han, medan vi køyrer forbi ein mann kledd i leopardskinn på eit fargerikt pynta esel.

Lindtjørn brenn for Etiopia og ulandsmedisin. Han har også forska mykje på tuberkulose og hiv og han driv eit prosjekt som utviklar modellar for varsling av malaria. Kunnskapen han har opparbeidd seg prøver han å overføre til styresmaktene, og han jobbar med politikarar både på lokalt og nasjonalt nivå.

– Det vi gjer er å lage modellar, og ingenting gler meg meir enn når modellane byrjar å fungere utan vår hjelp, når styresmaktene byrjar å interessere seg, seier Lindtjøn .

På verandaen på Paradise Lodge sit unge etiopiarar og ser sola gå ned over fjellet ”God’s Bridge”. Nattelydane frå regnskogen blandar seg med den etiopiske musikken, og dei unge har det ikkje travelt. Dei tilhøyrer eit land i raskt vekst og med ei historie for å stå på eigne bein. Framtida kan berre bli betre.