Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Snakkar seg til spesialist

Personar med høg sosioøkonomisk status har betre helse enn andre. Likevel oppsøkjer dei oftare spesialisthelsetenesta.

Hovedinnhold

– Personar med høg sosioøkonomisk status brukar spesialisthelsetenesta meir enn behovet deira skulle tilseie, seier Astrid Louise Grasdal, førsteamanuensis ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen.

I samarbeid med postdoktor Karin Monstad har ho nytta levekårsdata som viser bruk av primær- og spesialisthelsetenesta for å undersøkje sosiale ulikskapar i bruk av legetenester. Sidan det er dokumentert at personar med låg sosioøkonomisk status har dårlegare helse, skulle ein tru at dei bruker tenestene oftare. Men somme av funna i undersøkjinga går på tvers av forventningane.

– I og med at vi har rett på gratis helseteneste i Noreg, hadde vi ikkje forventa at inntekt skulle ha samanheng med bruk av spesialisthelsetenesta. I land der betalingsevne har noko å seie, viser tidlegare studier at faktorar som eigenandelar verkar inn på bruken av spesialisthelsetenesta, seier Grasdal.

Analysen ho og Monstad har gjort tek omsyn til kva kjønn, alder, etnisitet, utdanningsnivå og arbeidsmarknadstilknyting intervjuobjekta har. Dette er faktorar som typisk heng saman med inntekt, noko dei har teke høgde for i analysen.

Overtalingsevner kan spele inn

Også i Noreg har private helseforsikringar som sikrar rett til behandling innan fire veker breidd om seg dei seinare åra. Slike forsikringar er det først og fremst personar med høgare inntekt og utdanning som har. Ifølge Grasdal kan ein forvente at private forsikringar forsterkar ulikskapen i bruk av spesialisthelsetenesta, men omfanget av private forsikringar er så lite i denne perioden at det er lite sannsynleg at faktorar som inntekt åleine kan ligge bak skilnadene som er funne.

Forskarane tyr til fleire forklaringsmodellar enn den økonomiske for å forklare kvifor personar med høg sosioøkonomisk status oppsøkjer spesialisthelsetenesta oftare. Ifølge Grasdal og Monstad kan ei forklaring vere at personar med høg inntekt eller høgt utdanningsnivå er flinkare til å formidle og overtyde primærlegen om å vise vidare til spesialisthelsetenesta. Denne gruppa er også meir medviten om kva helsevesenet generelt kan tilby.

– Det kan også hende at spesialisthelsetenesta er betre tilpassa behova til grupper med høg sosioøkonomisk status, og at tilbodet ikkje er godt nok utbygd innan felt som i større grad dekker personar med låg sosioøkonomisk status sine behov, seier Grasdal.

Døme på dette kan vere spesialisthelsetenester innan rus og psykiatri, helseproblem som har større førekomst i denne gruppa.

Små, systematiske skilnader

Samstundes understrekar Grasdal og Monstad at skilnadene i bruk av spesialisthelsetenesta etter inntekt ikkje er særskilt stor. Om lag tre prosent av besøka hjå spesialistar skulle ha vore omfordelt frå den rikaste til den fattigaste delen av befolkninga dersom det skulle vere likt.

– Skilnaden er likevel systematisk, seier Grasdal.

Skilnader mellom dei to gruppene finst også når det gjeld bruk av primærlegen. Personar med låg sosioøkonomisk status oppsøkjer oftare legen enn gruppa med høg sosioøkonomisk status, men har ikkje noko overforbruk i høve til den faktiske helsetilstanden.

Besøka hjå primærlegane er likevel viktige. Primærlegane fungerer som portvakter som viser vidare til spesialisthelsetenesta, og om ein kjem raskt nok til spesialist eller ikkje er av stor tyding for helsa. Funna som kjem fram i undersøkjinga er ei påminning om at politiske prinsipp innan helsetenesta er viktige, ifølge forskarane.

– Vi må vere medvitne om at helsetenestene må ytast etter behov, seier Grasdal.

– Trykket vil auke

Det generelle inntrykket i undersøkjinga er at helsetenesta gjev eit likeverdig tilbod til alle uavhengig av inntekt. Samstundes peikar forskarane på at nye tider kan føre til endringar i helsevesenet. Dei understrekar at dei har undersøkt eit tidsrom der det har vorte tilført store ressursar til helsevesenet og der ventetida har gått ned.

– I åra framover vil talet på eldre i befolkninga auke og presset mot primær- og spesialisthelsetenesta vil bli større. Dermed vil også ventetida auke, og det er grunn til å tru at evna til å stille krav til primærlegen eller det å ha råd til ei privat helseforsikring vil ha meir å seie, seier Grasdal.

Når det gjeld talet på henvisningar til spesialisthelsetenesta, er det først og fremst blant dei som vert viste vidare til spesialistar utanfor sjukehus ein finn det største overforbruket. Difor mistenker forskarane at betalingsevne likevel kan spele inn for enkelte typar spesialisttenester. Dersom dette viser seg å stemme, strir det mot veletablert tankegods innan helsevesenet ifølge Grasdal og Monstad.

– Ein kan sjølvsagt stille spørsmålet om det ikkje er greit at personar med god råd berre kan få betale seg fram i helsekøen, men så lenge vi har eit prinsipp om like helsetenester til alle, er svaret nei, seier Monstad.

Ifølge Monstad har helse ein spesiell ståstad både i Noreg og mange andre land. Medan mange er villige til å akseptere skilnader innan levestandard, sit det langt inne å skulle godta tilsvarande skilnader for helse.

– Folk flest har eit anna forhold til likskap i helse enn til likskap i inntekt. Det er vanskeleg å godta at nokon skal ligge sjuke fordi dei ikkje har råd til å betale for seg, seier ho.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.