Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Fjorten år som ompalompa

Dei er kalla lausungar og ompalompaer. Ruth-Anne Sandaa tilhøyrer ei gruppe i vekst ved UiB. Ho er midlertidig tilsett forskar.

Hovedinnhold

Ruth-Anne Sandaa er med i forskingsgruppa i Marin mikrobiologi ved institutt for biologi. Ho er med i komitear ved instituttet, ho underviser, ho forskar og rettleier studentar. Ho gjer alt det dei fast tilsette også gjer, men juridisk har ho berre jobb i to år til.

– Eg har vore heldig og gått frå prosjekt til prosjekt. Eg har alltid hatt noko å gjere på, dermed har det blitt så mange år. Men ein blir lei av situasjonen, seier Sandaa.

Etter ho for godt og vel fjorten år sidan disputerte til doktorgraden i mikrobiologi,  har ho vore tilknytt institutt for biologi i stadig nye prosjekt.

– Det hender eg må spørje meg sjølv kvifor eg gjer dette, men det er interessa for forsking som driv meg, seier ho.

Turistbasert kunnskapsproduksjon

Institutt for biologi er eit av dei største institutta på UiB. Instituttet hadde før jul like mange tilsette i faste vitskaplege stillingar som i midlertidige, skriv instituttleiar Jarl Giske i Bio-info i slutten av november.  Det er 104 personar i kvar kategori, og 48 av dei 104 midlertidig tilsette forskarane er ph.d-studentar. Instituttet har dei siste fem åra vekse frå 200 til 230 medarbeidarar, og heile veksten har kome blant dei midlertidig tilsette. Også for resten av universitetet veks delen av midlertidig tilsette. Mange institutt opplever å ikkje kunne tilsetje nye forskarar når ein forskar går av for aldersgrensa.

På institutt for samanliknande politikk sit Ragnhild Muriaas. For nokre månader sidan disputerte ho for doktorgraden, no er ho i gang med eit treårig postdoktorprosjekt. Ho er glad for å ha tre år framom seg, men etterlyser ein klar strategi for universitetet for korleis ein skal kunne kanalisere folk inn i meir stabile tilsetjingsformer.

– Både forskingsbasert undervisning og kunnskapsproduksjonen lid under eit system som er basert på turistar, seier Muriaas.

Det er Ruth-Anne Sandaa samd i. Ho peiker på at ho som midlertidig forskar må tenke produksjon og prosjektbasert. Dermed går lengre perspektiv tapt, til fordel for toårige resultat.

”Tenure track”

John-Arvid Grytnes, også han forskar ved institutt for biologi, har sidan doktorgraden i 2002 vore tilsett vekselvis ved UiB, UiO og Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) på Ås. Han peiker på at forskingsfinansieringa i kortvarige prosjekt også gjeld for fast tilsette forskarar.

– Men me midlertidige må stadig snu oss etter der pengane er, det er vanskeleg å følgje eit bestemt karriereløp, seier Grytnes.

Som midlertidig tilsett er det første året i ein kontrakt fint, mot slutten melder uvissa seg igjen. Grytnes og Sandaa peiker på at langvarig midlertidig tilsetjing kan fort gå på sjølvtilliten laus, det kan gå ut over trivsel, produksjon og arbeidsmiljø. Sandaa peiker på ei utfordring der ein stadig vert klemt inne mellom å prestere på mange områder, i forskinga, i søknadsskriving for vidare prosjektmidlar og i undervisning. Det skapar eit slitsamt kappløp med tida og ei stadig uvisse om kva som er dei taktisk smarte stega vidare i karriera.

Ettersom gruppa av midlertidig forskarar er i vekst, etterlyser Muriaas, Sandaa og Grytnes ein strategi der universitetet kan lette kvardagen og gjere utsiktene litt sikrare.

Eit forslag er ein form for ”tenure track”, slik ein har ved mange andre universitet. ”Tenure track” går ut på at midlertidig tilsette som oppfyller eit sett med krav, etter ei viss tid kan bli vurdert av ein komite med tanke på fast tilsetjing.

– Ein kan ikkje ha eit system der alle får fast jobb berre dei klarer å henge ved universitetet lenge nok. Samstundes har me eit system der det blir fleire og fleire midlertidig tilsette, då må universitetet også møte denne delen av dei tilsette på eit vis, seier Sandaa.

– Ein bør i allefall ha eit opplegg der ein kan få utsikter som er litt lengre enn eitt og to år, Det er særleg dei korte prosjekta som er slitsame, seier Grytnes.

Les også: Leiinga vurderer tenure track-stillingar

Tar undervisning dei ikkje skal ha

I eit lesarinnlegg i På Høyden i dag peiker Ragnhild Muriaas på korleis undervisningskabalen ikkje går opp, dersom dei midlertidig tilsette forskarane skulle følgje kontrakten sin og takke nei til undervisningsansvar.

Les også: Hvem skal undervise på UiB?

Ho viser til at undervisningsbyrda har auka, det er ikkje lenger berre å førebu seg til førelesningar. Undervisningsansvaret er omfattande, Kvalitetsreforma stiller også krav til kontinuitet i undervisninga, og at den skal vere forskingsbasert. Samstundes har fast tilsette forskarar krav til tid til forsking.

Sjøl om midlertidig tilsette forskarar og postdoktorar ikkje har krav om undervisning i sin kontrakt, stiller dei likevel opp til å ta undervisning. Å seie nei er ikkje alltid like lett.

– Eg jobbar i team saman med dei andre i mi forskingsgruppe. Om eg seier nei til å undervise, er det den enklaste måten å ekskludere seg sjølv på. Samstundes er undervisning og rettleiing er ei erfaring eg absolutt vil ha med meg, seier Sandaa.

Muriaas vil gjerne vere samarbeidsvillig, men peiker på at det er publikasjonspoeng som er teljande i ein tilsetjingsprosess, ikkje undervisningserfaringa.

– At det er publikasjonar som vert premiert, gjer at ein vert medviten om prioritering av tida. Spørsmålet er også kva som vert konsekvensen av å seie nei. Men reint kynisk med tanke på produksjon av artiklar, er det klokast å seie nei, seier Muriaas.

Kakaobønneskal

Ruth-Anne Sandaa trur ikkje mange midlertidige forskarar er spesielt godt for rekruttering til akademia. Muriaas, som den ferske av dei tre doktorane, innrømmer at ho ikkje tenkte på arbeidssituasjonen då ho gjekk i gang med doktorgradsarbeidet.

– Eg var mest glad for å få høve til å gå vidare og i djupna på det feltet eg jobba med under hovudfaget. Eg såg på det mest som eit privilegium, seier ho.

Men i det siste året byrja tanken på tida etter, å gjere seg gjeldande. For å sikre si eiga framtid prioriterte ho å bruke tid på søknad om postdoktorstilling hos Forskningsrådet, og utsette å levere doktorgradsarbeidet eit par månader.

Med ei fartstid på fjorten år kjenner Ruth-Anne Sandaa seg stort sett jambyrdig med sine fast tilsette kollegaer på si avdeling. Men kvardagen som midlertidig forskar vekslar frå periode til periode. Like før jul haldt ho eit føredrag  på institutt for biologi, der ho gjekk gjennom dei ulike tidsepokane ein går gjennom som midlertidig ansatt. Frå den første energiske optimismen, til tyngre tider. Tider der ein må ta oppgjer med seg sjølv om kvifor ein held ut.

– I foredraget kalla eg oss ompalompaer. Det var ikkje tilfeldig vald. Som karakterane til Roald Dahl jobbar, syng me og slit heile dagen lang, og alt som held oss gåande er kakaobønneskal, seier Sandaa.

Familiefokuserte forskarar

Det er interessa for forskinga som held Sandaa og Grytnes knytt til universitetet etter årevis frå prosjekt til prosjekt. Når det ikkje er jobbar å oppdrive i Bergen, kan ein spørje kvifor dei ikkje berre flyttar? Svaret er familie.

– Eg innbiller meg at me i Noreg er litt meir familiefokuserte enn andre stader. Det er vanskelegare for oss å flytte, seier Grytnes.

Sjølv når han har vore tilsett ved UiO og UMB, har han ordna seg slik at arbeidspulten hans er på Realfagsbygget også når det er universitetet i hovudstaden som er arbeidsgjevar. Den same konflikten mellom jobbtilbod og familiesituasjon er tilfelle for Ruth-Anne Sandaa.

For hennar vedkommande, er det ti år sidan det sist var utlyst ei fast stilling i det mikrobiologiske fagfeltet ved UiB. For ni år sidan hadde eit tilbod om fast jobb i Oslo, men ho valde å satse på å bli i Bergen.

– I dag kan ein jo lure på kor smart det var å takke nei til stillinga, seier Ruth-Anne Sandaa.

Denne artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.