Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra Hubro

Gutejenter vart feministar

Først klatra dei i trær, seinare reiv dei ned kjønnsbarrierane. Mange av feministane på 1970-talet vaks opp som ”gutejenter”.

Hovedinnhold

Ingrid Birce Muftuoglu har så langt intervjua ti heteroseksuelle kvinner til doktorgradsprosjektet ”Hverdagsaksjonen – personifisering og estetisering av 1970-tallets kvinnekamp”. Muftuoglu vart forundra over at åtte av dei ti i løpet av dei første minutta introduserte omgrepet gutejente, når dei skulle beskrive sin eigen oppvekst.

– Eg byrja å tenke at forteljingane om gutejenter kanskje kan sjåast som ei føresetnad for ein feministisk estetikk på 1970-talet. Og at omtalen av seg sjølv som gutejenter er viktig for å forstå deira politisk aktive liv dette tiåret, seier Muftuoglu. Ho fortel at nokre av informantane knytte verdiar som impulsivitet, valfridom, kreativitet og styrke til det å ligne gutar i barndom og ungdom. Desse verdiane, som vart knytt til maskulin veremåte, blir seinere forhandla inn i det nokre av kvinnene oppfattar som ei ”naturleg” kvinnelegheit. Muftuoglu meiner at når kvinnene engasjerte seg politisk vart maskuliniteten maskert.

– Nokre av informantane mine er blant dei som opponerte mot at ”kvinneligheita” skulle skjulast. Dei braut estetisk med gutejenteidentiteten som dei tidlegare hadde omfamna.

For, som unge vaksne, da desse kvinnene vart aktive i kvinnerørsla, vende dei seg mot sin tidlegare guteidentitet. Dei valde i staden å utforske sider ved det kvinnelige. Nokre av informantane definerer det kvinnelege i opposisjon til det dei oppfattar som kvinnerørsla sitt krav til kjønnsnøytralitet, medan andre fortel om kor godt det var å sleppe skjønleikstyranniet ved å kle seg i busserull, fotformsko og flagrande klede. På 1970-talet var det kontroversielt å pynte seg. Det vart forbunde med populærkulturens mannsdominerte kvinnesyn. Men mange kvinner var ikkje komfortable med dette kjønnsstrippa idealet, og det vart forhandla om det var mogleg å vere feminist med leppestift.

Kvardagsaksjonen

”Det personlige er politisk” var det viktigaste slagordet for 1970-talets feministar. Muftuoglu ser særleg på korleis dei nye feministane handterte ”privatsfæra”

Det var ulike oppfatningar i kvinnerørsla om kva det personlege var for noko, og korleis det skulle politiserast. I nokre av dei første numra av Sirene vart kvinner oppfordra til å aksjonere heime og i nabolaget.

– Medan eg forventa historier om arbeidsdeling og store praktiske omveltingar i privatsfæren, framstilte mange av informantane seg som likestilte i forhold til partnaren. Nokre sa dei kjempa kvinnekampen for andre mindre medvitne enn dei sjølv. Dei fortel at mødrene deira hadde passa på at dotrene skulle få fridom. Dei visste knapt korleis dei skulle støvsuge, men var svært sosialt medvitne. Mange levde med menn som også var politisk aktive. Ei av konfliktane var at kvinnesaken ikkje vart tatt alvorleg av mennene og vart sett på som underlegen andre større og overgripande politiske saker, som til dømes klassekampen.

Lært opp til å vere uskikkelege

Muftuoglu peiker på at klasse er eit svært viktig omgrep for å forstå kva bagasje kvinnene i feministrørsla hadde med seg inn i kvinnekampen. Mange av informantane understrekar at dei var kvinner som hadde respekt og status, medan andre jenter ikkje hadde fått fridom til å utvikle seg som dei ville i barndommen. Dei vart forma inn i ei jenteverd. Det førebelse inntrykket er at markeringane mot dei andre som ikkje hadde fridomen til ”å vere gut” og overskride kjønnsbarrierer i barndommen, til ei viss grad er knytte til oppfatningar av å høyre heime i ei klasse.

– Barndomens gutejenteidentiet gav for nokre av informantane fridomen til å herje, til å vere uskikkeleg, til å vere kritiske og utforskande, Dette fortsette dei med i kvinnerørsla sin kritiske diskurs. ”Gutejentene” fortel om gode materielle oppvekstforhold. Dei kjem frå heimar med pene omgjevnader, aktive og sosialt medvitne mødrer. Informantane kamuflerer på mange måtar forteljinga om klasse men samtidig fortel dei om mødrenes paternalistiske haldningar overfor dei som var dårlegare stilt og trengte hjelp og leiing, noko dei sjølv vidarefører i eigen historie om 1970-talets kvinnerørsle, seier Ingrid Birce Muftuoglu.

Artikkelen er henta frå UiB-magasinet Hubro.