Hjem
Kommunikasjonsavdelingen

Markerer milliongåve og forskingssatsing

Torsdag markerer Det juridiske fakultet ei ny forskingssatsing. Justisminister Knut Storberget opnar markeringa.

Hovedinnhold

Det er den nye forskningssatsinga ”Funksjonalitet i strafferettssystemet” som skal markerast.

Prosjektet vil foreta nærare analysar av grunnleggjande problemstillinger som vil gi ei unik innsikt i korleis politi, domstolar og reaksjonsapparatet fyller ulike funksjoner i forhold til kvarandre i strafferettssystemet, skriv Det juridiske fakultet i ei pressemelding.

Forskningssatsinga er gjort mogeleg av ei pengegåve frå Bergens Forskningsstiftelse og Trond Mohn, i følge pressemeldinga. Over dei neste fire åra vil fakultetet motta til samen 16 millioner kroner.

Forskingssatsinga skal knytast til allereie eksisterande forskingsprosjekt innan strafferettsmiljøet ved fakultetet. Midlane vert fordelte over ein periode på fire og prosjektet vil ha oppstart i 2011. Allereie i dag har Det juridiske fakultet nærare 15 tilsette innan fagfeltet kring strafferettssystemet, skriv På Høyden, UiB si internavis.

– Med desse midlane kan vi no bygge ut staben ytterlegare, både med post doc-stillingar og stipendiatar, seier Asbjørn Strandbakken, dekan ved Det juridiske fakultet, til På Høyden.

Politidirektoratet har stilt politimester Ragnar Auglend til disposisjon som forskar ved fakultetet.

– Dette er eit tema der det er viktig å ha innsikt i korleis den praktiske arbeidskvardagen artar seg i desse institusjonane, seier Strandbakken til På Høyden.

Markeringa vil foregå på slutten av ei todagars internasjonalt seminar i strafferett, torsdag 9. desember kl. 12 i auditorium 2, ved Det juridiske fakultet.