Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
HØGSTERETT 200 ÅR

– Høgsterett er viktigare for oss enn vi trur

Professor Jørn Øyrehagen Sunde er klår på at høgsterettsjubileet er for fleire enn folk med juridisk embetseksamen. Høgsterett er for viktig til det.

Jørn Øyrehagen Sunde
Foto/ill.:
Anders Kjetland

Hovedinnhold

– Alle som syns det var nokon vits å markere grunnlovsjubileet har like stor grunn til å markere dette. Du kan godt kalle det grunnlovsjubileet del to, seier Jørn Øyrehagen Sunde. 

Sunde er professor ved juridisk fakultet og leiar for jubileumskomiteen for høgsterettsjubileet, eit jubileum Universitetet i Bergen skal markere gjennom det meste av 2015. Han lovar ei markering som ikkje er for tilbakeskodande. I staden skal det handle om samfunnet og demokratiet vårt, og korleis Høgsterett påverkar det. 

Styrer liva våre

Han meiner Høgsterett spelar ei mykje større rolle i livet vårt enn vi er klar over. 

–20 prosent av rettsreglane som styrer ditt og mitt liv er skapt internasjonalt, ikkje av Storting eller Regjering. Og Høgsterett er ansvarleg for at Noreg overheld desse reglane, seier han. 

– At vi alle må på EU-kontroll med bilen, er berre eitt døme på det.

Ei anna viktig rolle Høgsterett har, er å skape nye rettsreglar. Samfunnet er i rask endring, og ein treng nye stadig nye lovreguleringar. Stortinget har på 2000-talet produsert i snitt 120 lovvedtak i året, rundt 70 prosents auke på 50 år. Og når Stortinget ikkje rekk over meir, får Høgsterett større ansvar for rettsutviklinga, i følge Sunde. 

Eit lite Storting

– Dei siste åra har det skjedd ei fundamental endring i forholdet mellom statsmaktene, der Høgsterett har fått meir og meir makt, og Stortinget mindre. Du kan godt kalle dagens Høgsterett for eit lite Storting, seier han. 

At Høgsterett får meir makt er ein del av ei europeisk utvikling som begynte rundt 1990, med Berlinmurens fall. Noreg er likevel i ei særstilling, meiner Sunde. 

– Alle europeiske høgsterettar har fått meir makt, men ingen av dei har fått større makt enn den norske. 

UiB står for feiringa

Høgsterett sjølv vil markere jubileumsdagen den 30. juni. Ellers vil det meste av markeringa av 200-årsjubileet skje i regi av Universitetet i Bergen. Det er ikkje tilfeldig. 

 – UiB har det einaste miljøet for domstolforsking i Noreg. Sjølv i Europa fins det ikkje mange slike miljø, seier Sunde. 

Han meiner at den mangelfulle forskinga botnar i ei tru på at domstolane anvender lovene slik politikarane har bestemt. 

– Men slik er det verken i Noreg eller resten av Europa lenger.

Øyrehagen Sunde har ambisjonar for domstolforskinga i Bergen. 

– Ved å markere jubileet ønskjer vi å nå ut med forskingsmiljøet, skape interesse mellom forskarar og få meir eksterne midlar. Vi skal ikkje bli verdensleiande, men det er realistisk å bli leiande i Europa. 

Utstillingar og debatt

Høgsterettsfeiringa startar 10. april med fleire utstillingar, og 13. april er blir det eit heildagssympiosium i Egget i Studentsenteret. 

– Det blir ope for alle interesserte, med ein brei debatt om Høgsterett si samfunnsrolle, seier Sunde. 

– Vi har alle ei kjensle av at samfunnet endrar seg, men vi veit ikkje alltid kvifor. Høgsterett er med å bestemme desse endringane, og derfor er markeringa av dette jubileet så viktig.