Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
NY BOK OM HØGSTERETTS HISTORIE

– Meisterverk om Høgsteretts historie

– Denne boka er eit meisterverk, slo jusprofessor Johan Giertsen like godt fast då «Høgsteretts historie 1965-2015» vart lansert på Litteraturhuset i Bergen torsdag kveld.

Boklansering av "Høgsteretts historie 1965–2015", Litteraturhuset i Bergen
Underhaldande samtalar om Høgsteretts historie: Frå venstre Jørn Øyrehagen Sunde, Per Jordal, Johan Giertsen og Yngve Flo.
Foto/ill.:
Janne-Beate Duke

Hovedinnhold

Forfattar og jusprofessor ved UiB, Jørn Øyrehagen Sunde, hadde invitert inn tre kommentatorar til å vurdere og diskutere si nye bok. I tur og orden var det forskar og historikar Yngve Flo, lagrettsdommar Per Jordal og jusprofessor Johan Giertsen som kom med synspunkt på det nye historieverket.

Og Sunde fekk mange lovord for arbeidet han har gjort.

 

Ei endringshistorie

Per Jordal måtte innrømme at han hadde tenkt på andre ting ein kunne bruke sommaren til då han fekk det 650 sider tjukke verket i handa. Men då han fyrst byrja å lese, greidde han ikkje å legge boka frå seg.

Sunde har sjølv kalla boka si ei endringshistorie, og vektla i innleiinga si korleis Høgsterett har gått frå å vere ein ankedomstol til å bli ein rein prejudikatsdomstol, der ein berre tek inn saker som kan skape nye rettsreglar.

Sunde fortalde at Carsten Smith alt på eit dommarmøte i 1974 ivra for at Høgsterett skulle leie an i rettsutviklinga.

– Han vart møtt med sinne og protestar, og ein av høgsterettsommarane vart så nedtrykt at han måtte gå å legge seg, sa Sunde, til stor latter frå salen.

40 år etter har Høgsterett endra seg slik Carsten Smith ville, og boka tek for seg kvifor.

 

Berre lov med te

Yngve Flo skrytte også av boka, men meinte at dette nok ikkje berre var ei endringshistorie, men også viste det bestandige ved Høgsterett. For at Høgsterett er ein tradisjonsbunden institusjon med sterke røter tilbake til embetsmannsveldet, er også noko av det som kjem fram i boka.

Lenge var det til dømes berre lov med te på møta, ikkje med kaffi. For slik hadde det alltid vore, i heile høgsteretts historie.

Ikkje ein gong Carsten Smith greidde å endre dét, sjølv då han vart høgsterettsjustitiarius.

 

Nye masteroppgåver

 Johan Giertsen meinte at den store studentandelen i det fullsette auditoriet måtte følgje med.

– Dette er ei bok som kan danne grunnlag for mykje forsking og mange nye masteroppgåver, gjerne i samarbeid mellom jus og samfunnsvitskaplege fag, meinte han.

 Ein av studentane i salen stilte spørsmålet om korleis Stortinget reagerte på at Høgsterett hadde blitt ein rein prejudikatsdomstol. Sunde repliserte at Stortinget kanskje ikkje eingong hadde fått det med seg, mens Giertsen meinte at her var grunnlaget for ei ny masteroppgåve klart.

– Det er berre å setje i gang, oppfordra han.

Prorektor ved Universitetet i Bergen og professor i statsvitenskap, Anne Lise Fimreite, melde seg spontant til å vere medveiledar. Ho framheva Sundes bok som eit viktig døme på korleis forsking kan vise utviklingstrekk som samfunnet ellers ikkje får med seg. 

Deretter var det konfekt til panedeltakarane, blomar til forfattaren og stor applaus frå eit lydhøyrt publikum. «Ein festkveld» var ein av karakteristikkane som summa i lufta på vegen ut.