Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Høgsterett 200 år

– Høgsterett har ikkje fått nok merksemd

Mangel på transparens pregar fortsatt Høgsterett, men i samband med høgsterettsjubileet har me sett langt større vilje og interesse for openheit frå domstolen, seier historikaren Frode Ulvund. Han meiner at meir forsking på Høgsterett ikkje berre aukar kjennskapen om ei av statsmaktene, men kan styrkje demokratiet.

Portrett av Frode Ulvund
For 200 år sidan kunne høgsterettsdommarane miste embeta sine om dei avslørte noko. Det er framleis mykje vi ikkje veit om det som skjer i domstolen. Professor Frode Ulvund er redaktør for ei ny bok om Høgsterett sitt forhold til samfunnet gjennom to hundre år.
Foto/ill.:
Åshild Nylund

Hovedinnhold

– Det har ikkje vore samsvar mellom den rolla Høgsterett har spela og den merksemda statsmakta har fått, seier Frode Ulvund, professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Ulvund er saman med Jørn Øyrehagen Sunde redaktør av boka «Lovens Speil. Høgsterett 200 år». Boka er ein antologi med innlegg om Høgsterett sitt forhold til samfunnet gjennom 200 år, frå norske historikarar og juristar.

Boka vert lansert på Grand Hotel Terminus søndag 20. september. På lanseringa diskuterer historikarar, juristar og samfunnsvitarar om Høsterett er tilpassa samfunnet det verkar i.
 

Berre bisetningar om Høgsterett

– Med unntak av dei siste åra, er det gjort veldig lite historiefagleg arbeid der Høgsterett har vore hovudsaken. Domstolen har gjerne vore kort diskutert i samband med maktkamp mellom andre statsmakter. Regjering og Storting - den politiske kanalen - har det blitt skrive utallige bøker om, men altså ikkje om Høgsterett.

Den store debatten om Høgsterett si politiske rolle mellom historikaren Jens Arup Seip og juristen Johs Andenæs på midten av 1960-talet kunne vore eit vendepunkt, men det utløyste lite ny forsking og publikasjonar. Tvert om meiner Ulvund det er påfallande at Høgsterett berre har blitt nemnd i bisetningar sjølv i dei nyare store historiske oversiktsverka.

Med unntak av trebindsverket om Høgsterett, avslutta no i år med «Høgsteretts historie 1965 – 2015», er historiefaglege monografiar om Høgsterett ei mangelvare. Mykje det same kan seiast om det samfunnsvitskaplege fokuset på den høgste domstolen.
 

Ikkje krav om openheit i Grunnlova

Kva meiner du er årsakene til at Høgsterett har fått lite merksemd?

– Ei av årsakene kan vere at Høgsterett har vore kopla tett opp til embetsmannsstaten og blitt forstått som ein forlenga del av den, og i Venstre-tradisjonen som historiefaget lenge var prega av kan det ha gjort Høgsterett mindre relevant som sjølvstendig forskningsobjekt.  I tillegg er det også grunn til å spørje om ulike offentlegheitsregimer, som rettshistorikar Dag Michalsen skriv i boka, har spelt inn.

Ulvund syner til at det har vore grunnlovsfesta krav om offentlegheit og innsyn til storting og regjering heilt frå 1814, medan det ikkje har vore slike krav til Høgsterett.

– Tvert imot skulle Høgsterett sine grunngivingar og dissensar ikkje offentleggjerast, berre konklusjonen. Domarar som avslørte noko skulle mista embeta sine. Det var ikkje før på 1860-talet at aviser og offentlegheita fekk innsyn i grunngivingane.

Verksemda til den lovgivande og utøvande statsmakta vart slik i langt større grad del av den offentlege debatten, i motsetnad til den dømande. I tillegg var Høgsterett ikkje tiltenkt ei aktiv rolle frå starten av. Dei skulle berre spegle lovene, og ikkje sjølv ha noko mening om dei. Det var som konfliktløysande institusjon, ikkje som rettsskapande, Høgsterett vart forstått tidleg på 1800-talet.
 

Større vilje til openheit i dag

– Også i dag er Høgsterett framleis prega av manglande transparens. Sjølv om dei endelege premissa og dissensane no er kjende, er dei interne diskusjonane i forkant like løynlege. Fleire av bidraga i boka tar opp problematikk rundt dette.

Til dømes tar Per Jordal til orde for å løfta utnemningsprosessane for høgsterettsdommarar ut i det opne landskapet der kandidatar må gjere greie for korleis dei har tenkt å utøve statsmakta som domarar. Høgsterett er i dag ein prejudikatdomstol der langt dei fleste sakene blir silt vekk før handsaming i Høgsterett. Kva skal ligge til grunn for denne silinga, kan ei høyring i forkant tydeleggjere potensielle domarar sitt syn på det? Les Jordals kronikk i Bergens Tidende.

Ulvund ser likevel teikn på større openheit frå domstolen:

– Fleire høgsterettsdommarar har vore med på å diskutere si eiga verksemd, både på konferansen om Høgsterett som Universitetet i Bergen arrangerte i oktober i fjor og på høgsterettssymposiet no i juni. Det har ikkje vore vanleg før, og tyder på større vilje til openheit, seier historieprofessoren.
 

Gode historiske kjelder

Kva kan meir historisk forsking tilføre?

– Meir fokus på Høgsterett er viktig for å forstå samfunnsutviklinga dei siste 200 åra. Kjeldene etter Høgsterett er ikkje berre rettskjelder, men ettersom domstolen var minst like mykje ein samfunnsspegel som lovspegel, har domstolen også etterlatt seg viktige historiske kjelder.

Forsking vil også gi oss betre innsikt i korleis domstolen historisk har utøvd statsmakta si. Det gir oss også større forståing av kva rolle Høgsterett speler i dag, noko som vil vere positivt for demokratiet og debatten om samfunnsutviklinga framover, avsluttar Ulvund.

Meir om boka som vert diskutert på lanseringa 20. september