Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Forskar Grand Prix

Det er no du lever!

Meld deg på, oppmodar Forskar Grand Prix-vinnaren frå 2015, Cecilie Gudveig Gjerde. Du kjem ikkje til å angre!

Cecilie Gudveig Gjerde, vinner Forsker Grand Prix 2015,
Vinnar av den nasjonale finalen i 2015 og stipendiat ved Institutt for klinisk odontologi, Cecilie Gudveig Gjerde meiner FGP er ein trygg og nyttig måte å gå ut av komfortsona på.

Kvifor melde du deg på Forskar Grand Prix?

Eg melde meg eigentleg på ved ei misforståing, eg hadde høyrt om konseptet og hadde lyst å vere med, men syntest ikkje eg hadde tid.

Så kom det e-post frå ho som har ansvar for oss ph.d-ar om Forskar Grand Prix, og eg trudde det stod at det var obligatorisk å søke. Og som den pliktoppfyllande personen eg er, så søkte eg. Resten er historie.

Kva tenkte du at du skulle lære?
Å bli ein betre og tryggare formidlar.

Blei du overraska?
Ja, positivt. Både over at det var så mange andre kjekke kandidatar på mange ulike fagområde, over kor mykje eg hadde å lære og kor kjekt det vart.

Kva er dei tre mest relevante tinga du lærte i prosessen?
Korleis opptre på ei scene, korleis handtere pressa og korleis eg kunne "spisse" foredraget.

Kvifor er det relevant?
Det gjer at publikum høyrer etter og kosar seg! Det å kunne snakke med  presse og journalistar blir meir og meir viktig, og det eg lærte om dette har eg hatt mykje og god nytte av.

Kva førte deltakinga til for deg?
Det har gitt meg utruleg mykje. Eg har fått fortelle om prosjektet vårt! Mange pasientar har meldt seg til nye forsøk, eg har fått mange førelesningsoppdrag på UiB og elles. Pasientane som googlar meg eller prosjektet mitt, blir positivt innstilt på førehand. Eg har fått inn kronikk i BT, vore på NRK Brønsj, Ekko og NRK Hordaland, prosjektet mitt har vore omtala i over 25 aviser og eg har gitt fleire intervju. Det beste er at andre forskarar har tatt kontakt og vil samarbeide med gruppa vår.

Vil du anbefale FGP vidare?
Heilt klart! Det er no du lever! Dette er ut av komfortsona, men du får følge på vegen. Du har sjansen til å lære mykje, prøve deg i trygge rammer, og så slepp du å angre når du vert gammal på at du ikkje torde! Og ikkje minst: du får lov å fortelje om den spennande forskinga du held på med