Hjem

Kjemisk institutt

Gode jobbmoglegheiter med kjemi

– Kjemi er overalt

Dette bør du vite om kjemi-studiet.

Merethe Birkeland, student i kjemi
GODT MILJØ: – Det er låg terskel mellom studentar og professorarar og dei som arbeider her, seier Merethe Birkeland om miljøet på kjemistudiet og Realfagsbygget.

– Kjemi er overalt, det kan brukast til å forklare så utruleg mykje. Med dei reine vitskapane får ein forklart det ein ikkje ser. Det er veldig spennande, seier Merethe Birkeland, masterstudent i kjemi ved UiB.

Ein lærar i geofag på vidaregåande var utløysande for interessa hennar. Han hadde jobba i oljebransjen, og klarte gjennom erfaringa derfrå å gjere faget meir interessant. Sjølv om ein lærarjobb også hadde vore interessant vil Merethe byrje med fiskenæringa.

Gjennom bacheloren fann ho ut kva ho likte, i masteren skal ho analysere oppdretts- og villaks med NMR-spektrometer.

– Eg har valgt å gjere masteroppgåva i samarbeid med Havforskningsinstituttet, så det er mange moglegheiter. Det er utruleg kjekt, seier ho.

– Eg sa at eg har lyst til å arbeide med oppdrettsnæringa, så sa dei «ja, det skal me få til».

Låg terskel til professorane

Ho likar godt forelesarane i faga, og synest det er spesielt viktig å få fram kor mange ulike typar menneske som tek realfag. Med fleksibel plass til valfrie studiepoeng blir det mykje samhandling mellom dei ulike faga på Realfagbygget.

– Det er låg terskel mellom studentar og professorarar og dei som arbeider her. Miljøet er så bra på bygget. Det er ein veldig diversitet, alle moglege typar folk her, seier ho og ler.

– Nesten alle som går på mat-nat må ha eit kjemifag. Innføringsfaga er store, og slik får du moglegheita til å bli kjend med folk på tvers av studieprogram. 

Ho meiner at det viktigaste ein kan gjere som ny student er å vere med å bidra til eit godt miljø. Å ta det første steget, vere med i studentorganisasjonar og bli kjend med folk på bygget hjalp ho.

Kjemikaren er som poteten

Kjemi er eit fag som lever også utanfor det kliniske, og Merethe har teke ein del valfrie biologifag som ho aldri hadde trudd ho skulle ta då ho valde kjemi etter vidaregåande. Sjølv om labarbeid er ein viktig del av studiet er det å vere kjemikar så mykje meir enn stereotypen som står i eit laboratorium og blandar to ting saman, seier ho:

– Når ein skal bli doktor, så må ein publisere mykje. Eg er realist, ikkje norskforfattar. Eg vil ut og «gjørr» ting!

Ho meiner at ei interesse for korleis verda fungerar på eit mindre nivå er viktig, og at faget – ved sidan av ein bråte med gode fun facts – gir mange moglegheiter til jobbmarknaden.

– Eg er ikkje redd for ikkje å få ein jobb. I kjemi er metode veldig viktig, du er vant med å jobbe med analyse. Medisin, matindustri, fisk, alt mogleg. Fornybar energi, og biodrivstoff, hydrogenproduksjon, petroleumsindustrien. Vi blir som potetar!