Hjem
Klima og energiomstilling
Klimarekneskapet

UiB sitt klimarekneskap på fem minutt

Denne artikkelen vil gi lesaren ei innføring i klimapåverknaden knytt til Universitetet i Bergen si verksemd. Dette er spesielt aktuelt i lys av målet om eit klimanøytralt UiB innan 2030.

Musehagen
Foto/ill.:
Adnan Icagic, UiB

Hovedinnhold

Klimapåverknaden til ei gitt verksemd blir vist i eit klimarekneskap. Denne artikkelen er eit samandrag av det siste reelle klimarekneskapet til UiB. Klimarekneskapen for 2020 er også tilgjengeleg, men det gir ikkje eit godt bilete på grunn av låg aktivitet på campus i samband med koronapandemien. Dermed kan 2019 reknast som det siste «normalåret» me har rapport frå. For utfyllande informasjon om punkt i samandraget viser eg til Klimarekneskap for UiB – 2019, som er lagt ved til høgre på sida. Fleire delar av dette samandraget er direkte utdrag frå denne rapporten.

Om klimarekneskap generelt
Eit klimarekneskap er eit nyttig verkemiddel som gir oversyn over ei verksemds direkte- og indirekte utslepp av klimagassar. Utarbeiding av slike rekneskap har blitt vanleg praksis i seinare år for ei rekkje verksemder, både i privat og offentleg sektor. Klimarekneskapen blir utarbeidd i samsvar med GHG-protokollen, som er eit globalt rammeverk for å måle og styre klimagassutslepp.

Til bruk i klimarekneskapen reknar ein alle utslepp på tvers av verksemda, som om dei var utslepp av karbondioksid (CO2). Termen CO2-ekvivalent (tCO2e) blir brukt for å vise kor stor oppvarmingseffekt ein bestemt klimagass har, ved at den blir samanlikna med oppvarmingseffekten til CO2. Eit eksempel på dette er at utslepp av eitt tonn lystgass (N2O) gir den same klimapåverknaden som å sleppe ut 298 tonn CO2 (tCO2e). Dermed vil eitt tonn utslepp av lystgass bli rekna som 298 tCO2e i klimarekneskapen.

Om klimarekneskapen til UiB
UiB sitt arbeid med å føre rekneskap over eigne klimagassutslepp starta i 2004, og i 2018 blei den første komplette klimarekneskapen utarbeidd. Ved at UiB er sertifisert som miljøfyrtårn har me forplikta oss til å satse systematisk på miljøtiltak i kvardagen. Det dreier seg om å senke CO2-utsleppa, energiforbruket og avfallsmengder, samt skalere ned forbruk av produkt generelt. Eigedomsavdelinga (EIA) ved UiB arbeider systematisk med energiøkonomiseringstiltak. Innkjøpskontoret skal ivareta miljøkrav i store rammeavtalar. I tillegg har alle fakultet og einingar kvar sin miljøkontakt, som skal sjå til at miljøfyrtårnarbeidet blir gjennomført ved eige fakultet eller eigen avdeling.

Det er verdt å merke at UiB leiger nokre deler av bygningsmassen av Statsbygg, som også står for gjennomføringa av store byggeprosjekt. Dermed kjem ikkje klimagassutsleppa frå disse byggeprosjekta med i klimarekneskapen til UiB. Dette er eit relevant punkt, då det ofte er høge klimagassutslepp knytt til slik utbygging. Det er også viktig å merke at investeringar i tiltak knytt til utsleppskutt kan føre til høgare utslepp det året ein gjennomfører tiltaka, medan gevinsten av slike tiltak ikkje kjem tydeleg fram før i åra etter prosjektet er ferdig.

Samandrag av UiB sitt klimarekneskap for 2019
Figurane i samandraget er henta frå Klimaregnskap UiB 2019, utarbeidd av Asplan Viak, i samarbeid med tilsette ved UiB. For utfyllande informasjon om metodikk og framgangsmåte i utarbeidinga av rapporten kan ein lese side 11-15 i Klimarapporten for 2019. For å lese heile rapporten kan ein følgje lenka under denne artikkelen.

Totale utslepp
I 2019 slapp Universitetet i Bergen ut omlag 45 700 tCO2e. Størsteparten av desse utsleppa er indirekte utslepp frå kjøp av varer og tenester, flyreiser, forskingstokt og liknande.

Skop
I klimarekneskapen deler ein utsleppa inn i tre kategoriar som ein kallar «Scopes», eller skop, på godt norsk. Skop 1 dekkjer direkte utslepp frå universitetets eige utstyr, som forbrenning ved oljefyring, drift av køyretøy og andre utslepp under direkte kontroll. Skop 2 dekkjer dei indirekte utsleppa frå kjøp av energi til eige bruk. Skop 3 dekkjer alle indirekte utslepp som ikkje fell innanfor skop 1 eller 2, som indirekte utslepp frå kjøp av varer og tenester, flyreiser og liknande.

Fordeling av utsleppa
UiB sitt klimafotavtrykk i 2019 fordelte seg med 1 prosent i skop 1, 10 prosent i skop 2 og 89 prosent i skop 3. Dette er vist i kakediagrammet under.

Totale utslepp
Foto/ill.:
UiB

Figur 1 viser fordelinga av UiB sine samla utslepp i 2019 på 45 699 tonn CO2-ekvivalentar (tCO2e).

For ein utdanningsinstitusjon som UiB er det naturleg at størsteparten av utsleppa kjem frå skop 3 (andre indirekte utslepp). Dette skal me kome tilbake til, men først litt om skop 1 og 2.

Skop 1 - Direkte utslepp – 1 prosent av totalen

Tabell 2. Utsleppsbidrag i scope 1
Foto/ill.:
UiB

Mesteparten av utsleppa i skop 1 kjem frå små lekkasjar av svært kraftige klimagassar frå kjøleanlegg. Utsleppa frå forbrenning i eigne køyretøy og maskiner er små. Stort sett heile køyretøyparken til UiB har blitt elektrifisert. Samstundes er køyretøyparken relativt liten, og det er derfor tala her er låge.

Skop 2 - Indirekte utslepp frå kjøp av energi – 10 prosent av totalen
Skop 2 inneheld dei indirekte utsleppa frå straumforbruk og fjernvarmeforbruk. For straumbruken vil dette seie utsleppa som oppstår av å generere sjølve straumen.

Figru 5. Fordeling av energibrui i kwh
Foto/ill.:
UiB

Det vart til saman brukt 78,6 GWh ved UiB i 2019. Utslepp knytt til elektrisitet var på 942 tCO2e og for fjernvarme var utsleppa på 3644 tCO2e. UiB har ei målsetjing om ein årleg reduksjon av energibehovet, korrigert for klimavariasjon frå år til år. Klimavariasjon er at vær og temperatur varierer frå år til år. Eit år med mykje kulde vil krevje meir energi til oppvarming og liknande.

Figur 6.
Foto/ill.:
UiB

Sjølve kjøpet av elektrisitet blir motrekna slik at det går i null i klimarekneskapen. Dette blir gjort gjennom at UiB kjøper opphavsgarantiar, som skal garantere at elektrisiteten me bruker er «grøn», altså av fornybar, ikkje-klimaskadeleg energiproduksjon.

Skop 3 - Andre indirekte utslepp – 89 prosent av totalen
Utsleppa frå den største kategorien, skop 3, fordeler seg som vist i figuren under.

Figur 10. Utsleppsbidrag i scope 3
Foto/ill.:
UiB

Innkjøp av varer og tenester
Den desidert største enkeltposten i klimarekneskapen. Her inngår utslepp knytt til reparasjon og vedlikehald, produksjon og levering av kontorrekvisita, møblar, datamaskiner, projektorar og liknande. Drift av Universitetet i Bergen krev mykje ressursar, og når me skal kartlegge eige klimaavtrykk er det heilt sentralt å også fokusere på utsleppa knytt til produksjon og leveranse av det me kjøper frå eksterne aktørar. Universitetet jobbar kontinuerleg med å etterspørje dokumentasjon på miljøavtrykk frå produksjon av varer me kjøper. Innkjøpskontoret har i oppgåve å ivareta miljøkrav i større rammeavtalar. Ved å setje miljøkrav påverkar me leverandørane gjennom at dei til dømes må vere miljøfyrtårn-sertifiserte for å kunne få UiB som kunde. Dette gir ringverknader gjennom at leverandørane også må etterspørje dokumentasjon på miljøavtrykket av det dei kjøper inn av sine leverandørar. For meir informasjon om kva som inngår i innkjøp av varer og tenester kan ein lese side 33-35 i klimarekneskapen for 2019.

Avfall

Figur 12. Restavfallsmende per årsverk og prleg målsetjing for denne
Foto/ill.:
UiB

Restavfall er den desidert største avfallskategorien i klimarekneskapen. Figur 12 viser ein negativ (men svært positiv) trend, som viser at mengda restavfall fordelt på antall årsverk går ned.

Tilsettreiser

Figur 14. UiB-tilsette sine jobbreiser
Foto/ill.:
UiB

Dei tilsette sine reiser i samband med jobb er ofte blant dei viktigaste utsleppsbidraga i ei verksemd sitt klimafotavtrykk. Samla klimagassutslepp frå tilsettreiser ved UiB utgjorde for 2019 i alt 6 741 tCO2e. Klimapåverknaden frå flytransport per årsverk har blitt redusert med omlag 8 prosentpoeng kvart år sidan 2015. Frå 2015 til 2019 gjekk utsleppa knytt til tilsettreiser totalt sett ned kvart år, med ein nedgang frå 8,4 tusen tCO2e til 6,6 tusen tCO2e i 2019.

Utvekslingsreiser av eigne studentar

Figur 16. Utslepp frå flyreisene til utreisande og tilreisande utvekslingsstudentar
Foto/ill.:
UiB

Stolpediagramma viser at dei største utsleppa kjem frå utveksling til Oceania og Asia. Det blir ikkje rekna med at utvekslingsstudentar som drar til Europa ofte har fleire heimreiser gjennom utvekslingsopphaldet.

UiB samanlikna med andre norske universitet

Tabell 14. Samanlikning av nokre nøkkelresultat frå klimarekneskapen til ulike universitet
Foto/ill.:
UiB

Det er vesentlege skilnader i kva som blir inkludert i klimarekneskapen til dei ulike universiteta, og denne samanlikninga må derfor takast med fleire klyper salt. Tabellen gir likevel eit visst bilete på kor store utslepp UiB har, samanlikna med andre store norske utdanningsinstitusjonar.

Oppsummering

Tabell over fordelinga av UiBs samla utslepp i 2018 og 2019
Foto/ill.:
UiB

Tabellen over viser fordelinga av UiB sine samla utslepp i 2018 og 2019, i tonn CO2-ekvivalentar.

Denne tabellen gir oss ei god oversikt over UiB sine totale utslepp. Det er iverksett mange tiltak for å redusere UiB sine utslepp, og dette vil vere eit pågåande arbeid i åra framover. Eigedomsavdelinga jobbar aktivt med tiltak for å få ned utsleppa i skop 1 (direkte utslepp) og skop 2 (indirekte utslepp knytt til kjøp av energi). Dette blir blant anna gjort gjennom modernisering og oppgradering av eksisterande bygg, installasjon av solcellepanel på bygningar, samt utbygging av frikjølenett og nærvarmenett på Nygårdshøyden sør. Sjølv om tala i klimarekneskapen er anslag er det likevel klart at dei største utsleppa kjem indirekte gjennom innkjøp av varer og tenester, flyreiser, drift av toktfartøy og liknande, som inngår i skop 3 (andre indirekte utslepp). Universitetet i Bergen sine klimamål er såpass ambisiøse at me også må jobbe aktivt opp mot denne posten i klimarekneskapen. Gjennom å sette miljøkrav i rammeavtalane for innkjøp påverkar me leverandørane våre i ein berekraftig retning. I tillegg til dette vedtok universitetsstyret ny reisepolicy i 2019, med mål om at utslepp frå tilsettreiser skal halverast innan 2025, med ein gjennomsnittleg årleg reduksjon på 10 prosent. Driftseiningane fokuserer også på gjenbruk av møblar og liknande i større grad enn tidlegare.

Alt dette inngår i ambisjonen om eit klimanøytralt UiB innan 2030. Å være klimanøytral betyr at ein har netto null utslepp. For oss betyr dette at me skal kutte så mykje som mogleg, og så kompensere for restutsleppa gjennom kjøp av klimakvotar. Dette vil vere eit pågåande arbeid fram mot 2030, og båe tilsette og studentar kan kome med innspel til dette arbeidet. Innspel kan sendast på mail til klima2030@uib.no.