Hjem
Koronavirus – informasjon for studenter og ansatte
Spørjeundersøking

Korleis har det gått med undervisinga?

Alle undervisarar ved UiB er invitert til å svare på ei undersøking om konsekvensar av stenging av universitetet våren 2020.

Del av et tastatur med grønn knapp hvor det står online teaching på engelsk
Digital undervising vart normalen då UiB stengde dei fysiske dørene våren 2020
Foto/ill.:
Colourbox

Alle undervisarar ved UiB er invitert til å svare på ei undersøking om konsekvensar av stenging av universitetet våren 2020.

Universitet i Bergen (UiB) stengde våren 2020 tilgangen til «campus» for tilsette og studentar på grunn av den pågåande situasjonen for å hindre spreiing av koronaviruset.

UiB har aldri tidlegare vore i ein liknande situasjon og ein veit lite om kva konsekvensar dette har hatt for studentar og tilsette.

UiB har derfor iverksett forskingsprosjektet DigiTrans, leia av Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) for å undersøke korleis endringane har påverka undervisinga. Spørjeundersøkinga for tilsette inngår i dette prosjektet.

Formålet med undersøkinga er todelt:

  • Sjå på korleis stenginga har påverka undervisningssituasjonen for våre tilsette.
  • Lære av hendinga og forstå kva ein kan betre i framtidige semester.

Undersøkinga er anonym og går ut til alle tilsette som underviser ved Universitetet i Bergen (tilsette som ikkje underviser skal ikkje svare). Ingen personidentifiserande data vert samla inn og det er frivilleg å delta.

Undersøkinga tek omtrent 10 minutt å svare på. Du får spørsmål om undervisinga di og arbeidssituasjonen.  

Deltakarar er med i trekkinga av byGAVEKORT til ein verdi av 1000 kroner. 5 vinnarar vert trekt.

Klikk her for å delta (nynorsk-versjon)

Klikk her for å delta (bokmål-versjon)

Det er også laga ei eiga spørjeundersøking for studentar.

Spørsmål om spørjeundersøkinga eller forskingsprosjektet DigiTrans kan rettast på e-post til postdoktor Kjetil Egelandsdal eller SLATE-direktør professor Barbara Wasson

Les meir om undersøking på SLATE si nettside