Hjem
Koronavirus – informasjon for studenter og ansatte
Nyhet

Student ved UiB testa positivt på korona

Nærkontaktar og faddergruppa studenten har delteke i er varsla og sett i karantene.

Bilde av faddergruppe
- UiB har ein god dialog med kommunen om vurderingar knytt til planlagde aktivitetar, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved UiB. Personane som deltar i faddergruppa på bildet har ingen samanheng med faddergruppa som i dag er sett i karantene.
Foto/ill.:
Solfrid Torvund Langeland

Tysdag vart det kjent at ein student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet ved UiB hadde testa positivt på covid-19.

Studenten har delteke på fadderarrangement i mellom anna Nygårdsparken, men UiB har fått stadfesta at den aktuelle faddergruppa ikkje blanda seg med andre faddergrupper.

- Vi ønsker at studiestarten skal vere ein trygg og god velkomst. Når slikt skjer, er det ein viktig påminnar til oss alle om at det er smitte i samfunnet no, og om kor viktig det er at vi følger dei gjeldane råd og retningslinjer, seier Oddrun Samdal.

  • Studentar og tilsette ved UiB finn informasjon om korona på UiB.no/korona

Den smitta studenten og dei som no er i karantene vil bli følgd opp av UiB med tanke på fagleg oppfølging i samband med studiestarten.

Under Fadderveka er studentane delt inn i mindre grupper på 25-30 personar. Desse gruppene vil så langt som råd bli ført videre som seminargrupper for resten av semesteret. 

Faddere har fått opplæring i smittevern. På campus er det smittevernvakter som skal sjå til at retningslinjene blir følgd. Tilsette og studentar må gjennomgå og bestå e-læringskurset i smittevern før dei kjem til campus.

I eit møte tysdag ettermiddag ba Bergen kommune UiB om å ikkje avlyse planlagde arrangement då. Grunnen til dette er at kommunen meiner at det har ein verdi når arrangement skjer i ordna former, og at dette muliggjer smittevern og smittesporing. Ved studiestart ved UiB er studentane også delt opp i mindre grupper for å forebygge smittespreiing.

- Bergen kommune peikar på at desse mindre gruppene vi har ved UiB gjer smittesporing enklare og hindrar ukontrollerbar smitte. Det skjer no likefullt ei fortløpende vurdering med tanke på behovet får å avlyse planlagde arrangement i dagane som kjem, og det kan komme endringar raskt, sa Samdal tysdag.

Onsdag beslutta UiB å ikkje gjennomføre fadderarrangement på kveldstid i regi av Universitetet i Bergen. Grunnen er vurderinger knytt til totalbelastninga på fadderstyra og faddrane.

Aktivitetane i oppstartsveka på dagtid held fram for å sikre ein inkluderende studiestart og god introduksjon for nye studentar.

- Respekter råda

Ho seier mange er flinke å følge dei råd og retningslinjer som dei blir opplyst om i samband med arrangementa og som dei har fått informasjon om frå UiB, men vi ser dessverre at for mange ikkje respekterar smittevernsråd om mellom anna avstand.

- Vi må igjen minne om at folk følger råda om hyppig handvask, held avstand og at dei blir heime dersom dei er sjuke. Når det gjeld fadderveka og studiestart har UiB ein god dialog med kommunen om vurderingar knytt til planlagde aktivitetane, seier Samdal.