Hjem
Koronavirus – informasjon for studenter og ansatte
Lesesalane opnar:

- Lat oss halde campus open og trygg

Studentleiar Sandra Lid Krumsvik jublar over nyheita om at lesesalar og bibliotek vil opne igjen for studentar ved UiB.

Bilde av Sandra Lid Krumsvik
Foto/ill.:
Henriette Frøysland Thorkildsen

Hovedinnhold

- Dette betyr mykje for oss. Studentane treng campus, og eg vil hevde at også campus treng oss studentar, seier Sandra Lid Krumsvik, leiar av studentparlamentet.

Fredag 19. februar meldte regjeringa på ei pressekonferanse at Bergen kommune frå 22. februar skal følgje gjeldande nasjonale koronatiltak. Les meir om kva det betyr for studentar og tilsette ved UiB.

Saknar den gode kvardagen

- Pandemien og den påfølgande nedstenginga har lært oss noko om kva som verkeleg betyr noko for oss. Det er ikkje dei store festivalane eller ekstravagante ferieturane vi saknar mest. Det er den gode kvardagen som student i Bergen ein saknar, med dagar på lesesalen, kanskje ein tur på trening, og høve til å treffe studievener på kvelden.   

Ho vil gjerne takke studentane for det store tolmodet dei har utvist.

- Vi har vore nær brestepunktet. Det blir godt å kome tilbake til UiB og få jobba ordentleg. Eg er veldig glad for at vi studentar blir høyrde i at det er viktig å halde campus open.

Mobiliserar for open campus

Ho har eit ynskje om at studentane ser slutten på dei mest inngripande tiltaka. Ho oppmodar alle studentar om å bidra til å halde campus trygg og smittefri.

- Smittevernråda har vi god kjennskap til no. Eg vil gjerne be alle studentar om å følgje dei så godt dei kan, slik at vi unngår smitteutbrot på campus. Lat oss saman mobilisere siste rest av dugnadsånd og halde campus open og trygg, seier Krumsvik.

Statsråd: - Studentane sin tur

- No er det studentane sin tur, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Han uttrykker medkjensle med landets studentar som har gått gjennom lange periodar med stengt campus.

- Det blei ein tung start på 2021 med muterte virusvariantar og nye nedstengingar. Difor er eg svært glad for at smittesituasjonen tillet oss å opne meir opp for at studentar kan få fysisk undervisning, sitte på lesesalen og møtast i mindre grupper. Dette må sjølvsagt skje med strenge smitteverntiltak, men eg er overtydd om at dette vil bli ei stor lette for mange, seier Asheim.