Hjem
Lektorsenteret
Arrangement

Lektorlunsj

Lektorsenteret ynskjer å invitere studentar og tilsette i lektorutdanninga ved UiB til lektorlunsj den 22. november!

Kaffekopp
Foto/ill.:
Lektorsenteret

Hovedinnhold

Lektorlunsj skal vere eit uformelt samlingspunkt for både studentar og tilsette i lektorutdanninga ved UiB. Det vil gjerne førekomme ein kort presentasjon av eit tema, medan hovudfokuset vil vere på det sosiale på tvers av fakultet, program og posisjon. 

22. november arrangerer me ny lektorlunsj og Christian Lomsdalen vil komme og snakke om fritaksretten i skulen.

Fritaksretten sikrar at føresette og elevar kan melde fritak med bakgrunn i religion, livssyn eller filosofisk overtyding. Han vil snakke om både fritaksretten si utforming, avgrensingar og dilemma.

Dette er eit tema som bør fenge og interessere mange i lektorutdanninga og me håpar å sjå dykk denne dagen.

Lenke til påmeldingsskjema finn du på høgre side.

Det vil blir servert vegetarisk lunsj, kaffi og juice.

Det er ei målsetting å etablere lektorlunsj som eit regelmessig arrangement, men deltakinga i oppstarten vil avgjere hyppigheita. Det er og ynskjeleg med innspel frå både studentar og tilsette om aktuelle tema eller innleggarar, eller om det er nokon som sjølve ynskjer å presentere eit tema, eit utkast til masteroppgåve el.l.