Fag, profesjon og praksis. Strategiske utfordringar for lektorutdanninga ved UiB
Den integrerte lektorutdanninga ved UiB fyller 20 år i 2024. Vi inviterer til ein dagskonferanse der fokus er på framtida – på strategiske utfordringar for ei universitetsbasert lektorutdanning i spenninga mellom fag, profesjon og praksis.
Hovedinnhold
Universitetet i Bergen har i 2024 hatt integrererte lektorprogram i 20 år. Gjennom lektorprogramma har UiB fått ei tydelegare og meir forpliktande rolle som lærarutdanningsinstitusjon. Frå å drive lærarutdanning indirekte, gjennom PPU, har lektorprogramma gjort UiB meir direkte involvert i lærarutdanning, med praksis undervegs i studiet og med sterkare involvering av praksisfeltet. Samtidig er det mange ulike forventingar til lektorutdanninga – til fagleg kvalitet og innhald, til profesjonsrelevans, til praksisgjennomføring etc. I den aktuelle debatten er det no eit sterkt fokus på rekruttering og økonomi, men det er òg viktig å sjå på den kvalitative utviklinga av lektorutdanninga, og på kva kva strategisk rolle universiteta si lektorutdanning skal spele både internt og eksternt. Denne dagskonferansen vil setje fokus på strategiske utfordringar for lektorutdanninga i spenninga mellom fag, profesjon og praksis.
Om programmet: Vi har tre hovudinnlegg. Professor Fredrik Thue trekkjer dei historiske perspektiva rundt lektorutdanning som universitetsutdanning. Professor Sølvi Mausethagen vil gå nærmare inn på spørsmålet rundt partnarskap mellom lærarutdanningsinstitusjonar og skuleeigarar. UNIO sin leiar Ragnhild Lied vil ta føre seg tilhøvet mellom lærarrolla, lærarutdanninga og skulen – om studentane våre har godt nok grunnlag for å studere og om tilhøvet mellom fellesfag og programfag i vgs. Til kvart innlegg vil det kome førebudde kommentarar. Til slutt vil leiarar ved UiB delta i ein paneldebatt der dei får høve til å utdjupe kva rolle og posisjon UiB som forskingsintensivt breiddeuniversitet skal ta i lærarutdanningsfeltet.
Lenkje til påmelding finn du til høgre.
Alle interesserte er velkomne!
Program
09.00: Kaffi
09.45: Opning. Introduksjon ved prorektor Pinar Heggernes og leiar for lektorsenteret Endre Brunstad
Tre innspel utanfrå
Moderator: Svein Ivar Angell (professor og visedekan ved Det humanistiske fakultet, UiB)
10.00 – 11.00: “Lektorutdanning som universitetsutdanning”
Fredrik Thue, professor ved Senter for profesjonsforskning, Oslomet,
Kommentator: Lars Petter Storm Torjussen, professor ved Institutt for pedagogikk, UiB
11.00 – 11.15 Pause
11.15 – 12.15: “Partnarskap – kva er det og kva betyr det for lærarutdanningane?”
Sølvi Mausethagen, professor og prodekan ved Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier, Oslomet
Kommentator: Hillevi Runshaug, områdeleiar, avdeling for opplæring og kompetanse, Vestland fylkeskommune
12.15 – 13.00: LUNSJ
13.00 – 14.00: “Lærarrolla og framtidas skule”
Ragnhild Lied, leiar i Unio
Kommentatorar: Åsta Haukås, professor ved Institutt for framandspråk, UiB, og Kjetil Børhaug, professor ved Institutt for politikk og forvalting, UiB
14.00 – 14.15 Pause
Paneldiskusjon
14.15 – 15.15: Paneldiskusjon om UiBs rolle som lektorutdanningsinstitusjon
Moderator: Endre Brunstad (professor og leiar for lektorsenteret, UiB)
I panelet:
- Pinar Heggernes, prorektor ved Universitetet i Bergen
- Lars Petter Storm Torjussen, professor ved Institutt for pedagogikk
- Sigrunn Eliassen, visedekan ved Fakultet for teknologi og naturvitskap
- Martin Paulsen, instituttleiar ved Institutt for framandspråk
- Katrine Aske, 5.års student ved lektorprogrammet for realfag
- Kristoffer Vogt, instittleiar ved Sosiologisk institutt
15.15 – 15.30 Oppsummering og avslutning
Konferansedagen blir arrangert av lektorsenteret og Det humanistiske fakultet ved UiB.