Hjem

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Torleiv Hannaas

Hannaas-forelesing og nordistikkens dag

I år er det 100 år sidan styret i Bergens Museum tilsette Torleiv  Hannaas som professor i “vestlandsk dialektforskning”. Det blir markert med ei utvida Hannaas-forelesing  fredag 19. oktober.

norsk_aarbok_1920.jpg

Faksimile av Norsk Aarbok 1920
Torleif Hannaas etablerte «Norsk Aarbok» i 1920 og var redaktør fram til sin død i 1929. Nynorsk målreising er det viktigaste emnet i årboka.

Hannaas var av setesdalsk bondeætt og vel inne i den særmerkte kulturen der. Han hadde vide faglege interesser, og forska på målføre, språkhistorie og eldre tekstar. Innsamling og utgjeving av folkeminne og folkedikting var eit viktig arbeidsområde. Han omsette også fleire tekstar frå norrønt til nynorsk, m.a. «Soga om Ramnkjell Frøysgode» og «Soga om volsungane».

I 1918 tilsette styret i Bergens Museum Hannaas som professor i “vestlandsk dialektforskning”, og i oktober same året heldt han si første forelesing.  Sidan 1988 er dette markert med ei eiga Hannaas-førelesing ved Nordisk institutt, no LLE. Fredag 19. oktober i år vert det ei utvida Hannaas-forelesing i samband med 100-årsmarkeringa, med eit jubileumsprogram frå kl. 09.00 og ut dagen.

Undervisning og aktivitetar knytte til nordiskfaget vert avlyste denne dagen. Instituttet oppmodar om at studentar og lærarar tar del i arrangementet.

Nærare informasjon om tilstellinga og innhaldet i programmet kjem tidleg i haustsemesteret.