Hjem

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Ny bok

Eldre nordiske tekstar på italiensk

Odd Einar Haugen, professor i norrøn filologi, har saman med fire italienske kollegaer gitt ut eit utval eldre nordiske tekstar på italiensk, som første band av i alle fall to i serien “Le lingue nordiche nel medioevo”.

Faksimile fra side i Flateybok
Utdrag frå Flateyjarbók, ei av dei viktigaste islandske handskriftene frå mellomlalderen.

Det er overraskande stor interesse for norrøn (norsk og islandsk) litteratur i Italia. Men målet med “Le lingue nordiche nel medioevo” er at heile den eldre nordiske litteraturen skal presenterast, både som språklege og litterære dokument, ikkje berre den norrøne greina.

Det første bandet av “Le lingue nordiche nel medioevo” inneheld utdrag av eldre og typiske nordiske tekstar frå perioden 1200-1500. Det byr på fire tekstar frå kvart av språka dansk, svensk, norsk og islandsk, og ein enkelt tekst på gutnisk. Kvar tekst har ei kort innleiing, ein faksimile frå ei side i handskriftet, og deretter sjølve teksten på originalspråket med parallell omsetjing til italiensk. Alle tekstane har vore utgjevne direkte frå handskriftene av forfattarane. Boka har ei lengre generell innleiing der den språklege utviklinga av dei nordiske språka blir diskutert, dei ulike litterære sjangrane og utviklinga av skrifta og handskriftskulturen i denne perioden. Det er også fyldige notar til alle tekstane.

Odd Einar Haugen har vore hovudredaktør, og han har samarbeidd med Massimiliano Bampi, Marina Buzzoni, Andrea Meregalli og Luca Panieri. Boka er utgitt som Open Access på Novus forlag med støtte frå Universitetet i Bergen: http://omp.novus.no/index.php/novus/catalog/book/2 Boka er også tilgjengeleg i trykt utgåve.

Bd. 2 skal etter planen omfatte eit glossar til alle tekstane og grammatiske skisser over dei nordiske språka i perioden 1200-1500.