Hjem

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Ny bok

Heming Gujord gir ut bok om Kjartan Fløgstad sine verk

Heming Gujord, som er førsteamanuensis i nordisk litteratur, gir i boka "Fløgstad verk" ei samla framstilling av Kjartan Fløgstads meir enn 50 bøker sidan debuten i 1968.

Heming Gujord
Førsteamanuensis Heming Gujord
Foto:
Hilde Kristin Strand

"Fløgstad verk", med undertittelen "Skriftprosessar, produksjonslinjer", er gitt på Samlaget. Forlaget gir boka slik omtale:

"Boka gir den mest omfattande analysen som er gjort av Fløgstads mangfaldige og spenningsfylte forfattarskap. Forfattaren oppsøker grunnlaget for Fløgstads forfattarskap i Sauda og Ryfylke og følgjer linjene til verda utanfor. Synspunkt frå samtalar med Fløgstad er fletta inn i framstillinga. «Fløgstad verk» er delt inn i avdelingar som følgjer skriftprosessane og produksjonslinjene fram til i dag. Avdelingane spenner frå Danning og Etablering på 1960- og 1970-talet, via Produksjon og Kommunikasjon på 1970- og 1980-talet og fram til Distribusjon og Arkiv på 1990- og 2000-talet. Avdelinga for Sluttoppgjer samlar trådane og gjer nedslag i nokre av dei hardaste kulturdebattane i nyare tid. «Fløgstad verk» er ein forfattarskapsstudie, men kan også lesast som eit stykke litteraturhistorie frå nyare tid. Boka er skriven for alle som har lese eller kjenner til forfattaren Fløgstad, og som vil vite meir om konfliktlinjene i nyare norsk litteratur, kultur og samfunn."

– Fløgstad er ein av dei sterkaste, norske samtidsforfattarane. Han er god litterært, og han skriv om både politikk, historie og samfunn – den ytre verda. Dette er også noko Fløgstad legg vekt på sjølv, seier Gujord i eit intervju med På Høyden. Les heile intervjuet.

.