Hjem

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Ny bok

Norsk språkhistorie band I – IV er no komplett

Det fjerde og siste bandet i eit nytt verk om norsk språkhistorie er no gjeve ut, og med det er heile den norske språkhistoria samla i eit verk for første gang.

Faaksimile av bokomslag
Faksimile av bokomslaget til band I "Mønster". Bandredaktør er Helge Sandøy frå LLE.
Foto:
Novus forlag

Norsk språkhistorie er resultatet av eit samarbeid mellom nordiskmiljøa ved norske universitet og høgskolar om å skrive ei vitskapleg norsk språkhistorie. Med dette prosjektet ville ein revitalisere den norske språkhistorieforskinga både ved å samordne etablerte forskarresursar, og ved å trekkje forskarrekruttar til fagfeltet. I tillegg har prosjektet samordna og gjort bruk av den relevante digitale forskingsinfrastrukturen som finst ved ulike kunnskapsinstitusjonar i landet.

Det nye verket, som er utgjeve av Novus forlag, femner om fire bind og tel i alt 2500 sider. «Den opplyste allmenta» er ei viktig målgruppe, samstundes som det skal vere eit fagleg referanseverk. Verket er skrive som artiklar, under streng styring frå ei redaksjonsgruppe der alle samarbeidsinstitusjonane har vore representerte. Hovudredaktørar er Helge Sandøy (UiB) og Agnete Nesse (HiB/UiB). Bandredaktørar er Helge Sandøy, Brit Mæhlum (NTNU), Tove Bull (UiT) og Agnete Nesse. Desse har saman Lars S. Vikør (UiO), Michael Schulte (HiA) og Inge Særheim (UiS) utgjort redaksjonsgruppa.

Dei tre første banda er delt inn etter emne. Ein kan lese heile historia til ordbøying, heile historia til norsk som andrespråk  eller heile historia om synet på norsk språk, der kvart tema har eigne kapittel.

Band I, Mønster, redigert av Helge Sandøy, tek føre seg grammatikk og tekst. Band II, Praksis, redigert av Brit Mæhlum, tek føre seg språket i bruk. Både dialekthistorie og historia til andre språk i Noreg er med her. Band III, Ideologi, redigert av Tove Bull, tek føre seg tenking om språk, om språk og identitet og om språkhistorieskriving. Det fjerde og siste bandet, Tidslinjer, redigert av Agnete Nesse, er delt inn i tradisjonelle, historiske periodar og gjev eit samanhengande overblikk over språkhistoria.

Les meir om Norsk språhistorie i Novus sin presentasjon.