Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Revisjon og digitalisering av Norsk Ordbok a-h (NO-AH)

Universitetet i Bergen har i samarbeid med Høgskulen i Volda teke ansvaret for å gjera ferdig den digitale utgåva av Norsk Ordbok og revidera alfabetstrekket a–h. Prosjektet har fått akronymet NO-AH, og har etter søknad til Kulturdepartementet fått midlar over statsbudsjettet, i første omgang for 2019 og 2020.

 

Norsk Ordbok - ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet - gjev ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket. Under oppslagsorda finn du informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatiske opplysningar og opplysningar om ordhistorie. Ordboksverket inneheld meir enn 330 000 ordartiklar. 

Arbeidet med Norsk Ordbok på papir vart sett i gang i 1929 ved Universitetet i Oslo og vart avslutta i 2015. Det Norske Samlaget har gjeve ut verket i 12 band, fullført gjennom prosjektet Norsk Ordbok 2014 (NO2014) i åra 2002–2015. Under NO2014 vart alfabetstrekket i–å redigert direkte i database. Denne delen omfattar om lag 220 000 ordartiklar og er søkbar. Strekket a-h er den eldste delen av Norsk Ordbok. Denne delen er ikkje søkbar og treng også innhaldsrevisjon, noko NO-AH skal bøta på.

NO-AH blir eit nytt leksikografisk prosjekt som må retta seg mot nettbrukaren og derfor byggjast på til dels nye faglege prinsipp, av di det ikkje kjem noka ny papirutgåve. Ideen om overgang til digital publisering kom som del av den omfattande digitaliseringa av produksjonsprosessen etter 2002:

Norsk Ordbok fremstår som en tradisjonell, trykt ordbok. (...) Men bak denne trykte fasaden foregår redigeringen av Norsk Ordbok i et heldigitalt redigeringsverksted. De trykte ordboksbindene er en presentasjon i tradisjonelt trykkformat av bare en del av informasjonen i databasene. (Ore 2012:489)

I søknaden til Kulturdepartementet for 2019 er målet for prosjektet formulert slik: «fullføra Norsk Ordbok på nett ved å revidera innhald og form på alfabetstrekket a–h (NO-AH), og slik skapa ei komplett elektronisk Norsk Ordbok». Det planlagde resultatet er då eit elektronisk system av ordboksdatabasar i Språksamlingane som skal gje ein eksplisitt, lettbrukt og vitskapleg fundert presentasjon av norsk ordtilfang.

Mange av dei faglege føresetnadene peikar utover alfabetstrekket a–h, men det er altså dette strekket prosjektet må konsentrera seg om.

Kjelder:

Norsk Ordbok sine nettsider.

Johan Myking, Oddrun Grønvik og Stig Jarle Helset (i førebuing): Nettbrukaren i fokus: digitalisering og revisjon av Norsk Ordbok a–h.  

Christian-Emil Smith Ore (2012): Nettordbøker og Norsk ordbok – hvordan etablere en vitenskapelig nettordbok. I: Eaker, Birgot, Lennart Larsson & Anki Masttisson (red.): Nordiska studier i Lexikografi 11. Rapport från Konferensen om lexikografi i Norden Lund 24.-27. mai 2011. Skrifter utgivna av Nordiska föreningen för lexikografi. Skrift nr. 12. I samarbete med Språkrådet i Norge og Svenska Akademiens ordboksredaktion, 488–499.

 

Postadresse:

postadresse
Foto/ill.:
Gyri Smørdal Losnegaard