Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
forskningsprosjekt

Adult Acquisition of Norwegian as a second language (ALAN)

Det overordna føremålet med prosjektet er å skaffa fram meir kunnskap om andrespråksutvikling blant flyktningar og immigrantar med låg utdanning frå heimlandet.

Undervisning i klasserom
Prosjektet vil gi ny kunnskap om korleis ei gruppe som har vore lite studert fram til no, innlærarar utan høgare utdanning frå heimlandet, utviklar kommunikative ferdigheiter på eit andrespråk i ein opplæringskontekst.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Kompetanse i språket som gjeld i samfunnet dei immigrerer til, er ein føresetnad for tilgang til utdanning, jobbmarknad og for deltaking i samfunnet på like linje med andre samfunnsborgarar. Innvandrarar med låg utdanning frå heimlandet utgjer også den største deltakargruppa i den staten sitt offisielle opplæringsprogram, men både internasjonalt og nasjonalt er det forska lite på akkurat denne gruppa. I og med at ein har kunnskap om at det er samsvar mellom utdanningsbakgrunn og majoritetsspråklege ferdigheiter hos innvandrarar til europeiske land (OECD-rapportar 2016, 2019), er det stort behov for meir forsking på språklæring til innvandrarar med låg utdanning frå heimlandet.

Om prosjektet

I andrespråksforskinga (second language acquisition, SLA) utforskar ein korleis barn, unge og vaksne tileigner seg nye språk, andrespråk. Andrespråkslæring skjer i alle aldrar, og det er ei mange ulike grunnar til at ein lærer nye språk (flukt, utdanning, arbeid) og læringa av andrespråk skjer i svært ulike kontekstar (klasserommet, arbeidsplassen, friminuttet, butikken osv.). Likevel er det slik at kunnskapen vi har om korleis ein lærer andrespråk, i all hovudsak er basert på studiar av språkinnlærarar med høg utdanning som lærer språket i ein formell opplæringskontekst, og som har ein europeisk språk- og kulturbakgrunn.

Det empiriske grunnlag for andrespråksforskinga er slik ganske avgrensa. Det manglar studiar av og kunnskap om korleis innlærarar med andre bakgrunnar – og framfor alt – innlærarar utan høg utdanning lærer seg nye språk seinare i livet,  og der språket dei lærer, er det samfunnsberande språket. Dette prosjektet vil bidra til å utvida det empiriske grunnlaget i feltet. I prosjektet vil vi utforske korleis deltakarar med låg utdanning frå utviklar kommunikative ferdigheiter på andrespråket norsk i løpet av det første opplæringsåret. Det er særleg viktig all den tid europeisk og norsk statistikk viser at det er ein positiv korrelasjon mellom kompetanse i majoritetsspråket og utdanningsbakgrunn. I Noreg er det også stor skilnad mellom utdanningsnivået mellom flytningar og befolkinga elles (SSB, 2020).

For å kunne svare på korleis vaksne innlærarar utviklar kommunikative ferdigheiter i andrespråket norsk, vil vi i dette prosjektet studere utviklinga av språket innanfor tre områder: grammatikk, vokabular og pragmatikk. I tillegg til at prosjektet vil beskrive og forstå korleis språket innanfor dei enkelte områda veks fram, er viktige mål å studere korleis utviklinga innanfor desse områda interagerer, og korleis desse ulike ferdigheitene verkar inn på den overordna evna til å kommunisere på andrespråket. Det vil bli samla data på to ulike stader i Noreg som ligg i to ulike i to ulike dialektområder, Bergen og Østfold, for å også kunne undersøkje om, korleis og i kva grad talemålsvariasjonen i målspråket norsk påverkar tileigninga av norsk som andrespråk.

Ved hjelp av ulike metodar (narrativar, kommunikasjonsoppgåver, elisiteringsoppgåver og intervju) vil det i ALAN-prosjektet bli samla inn og analysert ulike typar av munnleg og skriftlege andrespråksdata.

Delar av det innsamla materialet vil leggje grunnlaget for utvikling av eit nytt andrespråkskorpus, Munnleg andrespråkskorpus (MASK) utvikla i samarbeid med CLARINO, UiB og tilgjengeleg gjennom den norske delen av infrastrukturprosjektet CLARIN European Research Infrastructure Consortium (ERIC).

Deltakarar og samarbeidspartnarar

Prosjekteigar er Universitetet i Bergen; Høgskolen i Østfold er samarbeidspartnar i prosjektet.

Prosjektleiargruppe:

PhD-kandidatar:

Forskingsassistent:

I tillegg har prosjektgruppa ei referansegruppe beståande av internasjonale ekspertar:

The CLARINO Bergen Centre vil vera ansvarlege for å prosessera dei transkriberte data og gjera lydfiler, transkripsjon og metadata tilgjengeleg for andre forskarar, studentar og lærarar gjennom etableringa av Munnleg andrespråkskorpus (MASK). Korpuset vil bli del av CLARINO.

Forskingsspørsmål

  1. Korleis utviklar innlærarane ferdigheiter innanfor områda grammatikk, vokabular og pragmatikk, og i kva grad er utviklinga prega av fellestrekk og individuell variasjon?
  2. Korleis og i kva grad interagerer utviklinga innanfor desse tre områda (grammatikk, vokabular, pragmatikk)?
  3. Korleis og i kva grad verkar dei ulike ferdigheitene i grammatikk, vokabular og pragmatikk inn på den overordna evna til å kommunisere på andrespråket.
  4. Kva for (potensielle) dialekttrekk kan vi spora i språkproduksjonen til innlærarane, og korleis og i kva grad er desse trekka resultat av input?

Data og metode

Ved hjelp av ulike metodar (narrativar, kommunikasjonsoppgåver, elisiteringsoppgåver og intervju) vil det i ALAN-prosjektet bli samla inn og analysert ulike typar av munnleg og skriftlege andrespråksdata. Delar av det innsamla materialet vil leggje grunnlaget for utvikling av eit nytt andrespråkskorpus, Munnleg andrespråkskorpus (MASK) utvikla i samarbeid med CLARINO, UiB.